Tag Archives: Hildring

Prosjekteksamen 11

16 Jan

Jaiks. I dag ber det ut for å filma.
Artdirector: eg
Filming: eg
Skodespelar: eg
Klipp og regi: eg
Idè: eg
Propmaking: eg

Mhm. Gjer det jo artig for meg sjølv.

Mine tre scener:
1 – intro av kva eg tilbyr, gjort om til spørsmål om kva den potensielle kunden treng.
2 – visualisering av alle retningar eit prosjekt kan ta – kva retning tar ditt prosjekt?
3 – punchline.

Eg trur på idèen min, og håpar eg får klipt saman delene på ein smoth måte. Eg håpar eg får fram litt humor, og at eg klarar å fri til publikum på ein likande måte. Håpar mine studiepoeng frå drama får bein å gå på, samt mine kunnskapar om litterære verkemiddel og oppbygging av ei forteljing. Dramaturgiske verkemiddel og location… eg blir heilt spent av meg sjølv. Korleis skal dette gå?

*pust inn – pust ut* Here goes! Stay tuned.

Prosjekteksamen – 6.2

5 Des

Ein ny wireframe. Eg endar vel godt mogleg opp med å gjera om heile komposisjonen, tykkjer atm at det er for lite luft, for …statisk, og måten eg har prøvd meg ut med :hover på denne – vel… eg måtte jo sjå korleis det fungerte. kan jo kanskje få til noko kult med det, men eg får stirra det i hel først.

Eg ser jo også no at det vil vera veldig ulike bilete – og det er nøydd å sjå bra ut. Det vil kanskje ikkje fungera å legga skugge på boksane, men kanskje eg skal laga større mellomrom mellom, så poppar dei litt meir kvar for seg, på ein måte.

Uttrykket får meg til å sakna litt «fri» for augene. Lysare bakgrunn kanskje?

Wireframe 2;

 

hildring_wireframe_02

Prosjekteksamen – 4

26 Nov

MOODBOARD

No har eg laga meg nokre moodboards, eitt for stil, eitt for fargepalett og eitt for typografi. Eg kallar temaet mitt for Retro-Light, ein stil eg diggar og som eg gjerne vil assosierast med.

Sjølv om eg også diggar det minimalistiske og stramme – og som jo er ein av stilane som er veldig «in» atm, og tidlaus ikkje minst, vil det ikkje vera det rette for meg. Ein stil lik Heydays t.d., som eg oppfattar som moderne og skarp, og eg kunne godt likt at eg hadde ein slik stil. Men på same måte som eg ikkje kler å gå med hotpants, vil heller ikkje ein stram stil funka i mitt tilfelle. Det er kult, men it just doesn’t fit!

Når eg går for ein stil i retro-light, vil det vera enklare for meg å gjera små justeringar i designet i det lange løp, for det er den stilen eg har – både i interiør, kle, musikk, bloggar eg føl, tutorials eg prøver meg på, bilete eg tar, osv. Eg er då tru mot min eigen stil, og eg vil at andre skal oppfatta meg slik.

Som utgangspunkt i desinget, nyttar eg sjølvsagt Hildring-logoen. Dermed har eg ein turkis/sjøgrøn hovudfarge, og den tenker eg vil høva godt saman med oransje og raudtonar. Lekkert og kontrastfullt. Dette er livlege fargar som symboliserer glede, leik, lidenskap. Den grøne er ein litt krisp farge, som roar ned designet, symboliserer liv, ro og balanse. Heilt i mi gate.

Eg held fram med ein litt enkel geometrisk fonttype – som i logoen; det geometriske vil fungera som ein liten kontrast til dei varme fargane, det formfulle i retrostilen, samstundes som det bind elementa saman på ein heilt ok moderne måte.

Eg vil også bruka litt tekstur, iallfall laga ein bakgrunn i ein avdempa fargetone. Prøva å skapa litt dybde i sidene, evt med skugge og andre effektar inspirert av moodboardene mine. Dette er for å få ein heilskap over sidene, stilen, temaet og vera med på å skapa blikkfang og gjera sidene interessante. Det er iallfall det eg ynskjer.

Her er moodboardene mine. Stil – farge – typo.

Iha!

22 Okt

No er prosjektbeskrivinga mi til eksamen godkjent og klar. Det er berre å hiva seg i gong med mekking av sider, portfolie og reklamefilm. Huhei! Eg har i beskrivinga mi lagt vekt på at eg vil ha ei innovativ side som illustrerer kven Hildring er – altså mi eiga verksemd, og kva som vert tilbydd. Håpar eg klarar å strippa nettstaden for irrelevante ting, noko som kanskje har vore ein av mine utfordringar som designstudent. Eg legg til element som ikkje har noko grunn for å vera der, og då vert det …rotete… og irrelevant.

Har nokre sider som er mine hovudinspirasjonar både når det gjeld utforming og innhald, stay tuned. Her er interessante saker på g.

Men først lyt eg gjera mappa ferdig. Har enno ikkje laga banneret som skal lenka til denne bloggen, men trur eg veit korleis eg vil ha det, og då går det fort. Og eg har jo enno ti dagar på meg… (jikes!)

Elles har det jo skjedd trivlege saker i livet, mellom anna er puseillustrasjonen min «Lykke til» valt ut som eitt av bidraga i Den store kortsamlinga 2012, som eg skreiv om her. Artig å spre sine illustrasjonar litt rundt om kysten! Meir av det!

Og so har eg ein spanande brief på onsdag, der eg kanskje får ein superspanande jobb for ein kjempeartig kunde, og eventuelt skal arbeidet mitt visast til kjempemange menneske, så dette er ein eg vil satsa på! Håpar dei tenkjer det same om meg… !

Og so skal eg laga eit banner som skal henga ute i Rosendal og reklamera for den komande Apejungelen (del av RIFparken, som eg har laga logo til). det vert kjekt å sjå mine greier pryda nærmiljøet 😉

Og so skal filmen eg laga om Gravdal Skipsbyggeri visast på rorbu-kveld på Sunde til helga, i regi Sunde Kyst- og Litteratursenter. Dei skal ha dugnadsfest og filmen min er ein del av underhaldninga. Stas. Det ballar på seg!

Ting skjer. Eg tykkjer det er fett. Feirar livet med eit bilete frå himmelen over Beograd.

 

Nokre bilete er nøydd å vera emo

6 Sep

Annonsering

28 Jul

På tide å annonsera litt for meg sjølv. Nytt føretak og iver etter arbeid.