Arkiv | april, 2012

Ein pus på ein tysdag

24 Apr

Eg held framleis på å mekka bilete og tekst. Her er eitt døme av ein pus. Gjer seg i grunn med litt tekstur, sjølv om eg innimellom føler det kan bli veldig vintage-er-in-så-bruk-tekstur-for-å-gjera-biletet-in. Det blir gjort så mykje! Men til sitt bruk og for sitt uttrykk- heilt fett!

Er ekstra piff når ein får ein liten utfordring til å gjera nettopp dette, her.

Advertisements

«Stille»

24 Apr

Stille

Sjå kor fint. Blir heilt inspirert eg! Og det rett før eg skal på ein liten brief. FEET!

Hohoho!

23 Apr

Ikkje jul lenger seier du? Joho!

«Du rykker stadig fremover i køen…»

20 Apr

O fantastiske vår! Eg er så takksam for alt nett no, i går fekk eg ei gla» melding om stipend frå Innovasjon Norge, noko som vil bety oppgradering av litt utstyr, eg får kjøpa meg eit domene, eg får driva litt real markedsføring for meg sjølv og DET vil føra meg lenger enn langt. SÅ inderleg motivert for å auka kompetansen min i tråd med betre utstyr – og sjølv om canon 350D har vore ein super følgesven, ser eg fram til å bli kjent med canon 5D mark II 😀 Det vert også eit teiknebrett (endeleg <3).

Som om ikkje det var nok, har eg blitt tante til ei heilt ny lita jente ❤ Eg kjem garantert til å snika meg til litt kvalitetstid og fotografera vetla underet, når ho berre blir van med å leva litt først. Herlege liv!

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

I tillegg til å nyta godt av det livet har å by på, har eg jobba mykje med fotogalleriet i flash, som er ein del av oblig08. Eg har fått det til å sjå kult ut, og alle knappane virkar slik eg vil. Amazing! Eg har også spelt litt vidare på ideen rundt oblig 06 – enkel nettstad, sidan desse skal integrerast. Det eg satsar på, er å få laga ein heilskapleg sak til slutt, der eg gjer om min enkle nettstad til ein stil som ligg litt nærare den eg jobbar med no. Det er framleis polkadottar og runde former, men preget er litt meir modernisert og fargenøyrtalt. Noko eg kan bygga vidare på.

Er litt spent på om eg får banneret mitt slik eg vil – eg har fleire idear eg vil gjera noko med, men kva av dei eg går for er enno litt uklart.

Ja, og så har eg redigert litt på bileta frå fotoessayet, det eine biletet har eg byta ut med eit anna, og nokre croppar og liknande har gjort essayet enno betre enn det var. Her er litt av det nye biletet, som også er eit hint til korleis eg har løyst bildegallerioppgåva. Gotta love those round shapes!

Alle lause endar..

17 Apr

Jup, eg har nokre lause endar. Kanskje også nokre lause skruar  – slik kjennes det ut innimellom iallfall. Men eg held på å nøsta so godt det lar seg gjera, og i dag har eg den store søknadsskriveogsendedagen.

Og som ikkje det var nok, i morgon vert det å lesa om meg i lokalavisa. Nyetablerte Jorun, Stas!

Ja, og så har har eg fått i orden deltaking på landstreffet i Bergen, arrangert av NSFF. Heldige meg får innkvartera meg hjå søte K, akkurat den helga det er Festspillene i Bergen. Kor fantastisk er ikkje det?! Langhelg med massemassemasse input og inspirasjon; kom til meg!

Det blir ein fin måte å feira at eg forhåpentlegvis er ferdig med oblig 08, og kan ta sommarferie i frå studiene.

Eg feirar sakene med eit lite foto av ein skikkelig søt hårball, naaaww!

Sprø

16 Apr

Når eg ikkje action scriptar, tar eg litt bilete. Les om Bjørn Opsahl som igjen nevner at det er hardt arbeid som ligg bak suksess – han tar bilete kvar dag for å halda liv i fotografiet/fotograferinga/kunsten/handverket. Då vart eg på ny inspirert til å ta fram kamera. Har faktisk hatt det med på tur i helga, utan å ta eit einaste foto. Treng kanskje litt nye stadar, menneske og motiv?

Her er iallfall eit av mine mest tilgjengelege motiv, i ein av dei mest tilgjengelege «fototrynene». Meet my daughter;

Interaktivitet – Action Script 3.0

16 Apr

Då har eg fått laga buttons som kan linka saman to bilete/scener i flash. Eg teikna symbolet med brushtool, slik at det vart litt spanande, dog griseenkelt. Eg la også til den teksten eg ville ha på kvar button, slik at det er oversiktleg for den som skal navigera å vite kva som skjer med å klikke på kvar enkelt.

Eg laga dokumentet i ein typisk nettstadstorleik – 1024 x 768 px, og importerte bileta eg ville ha på sidene til arkivet. Der la eg også dei to buttonsane, og då eg hadde alt klart, var det berre å holda scenene, layersene og kodinga under kontroll.

Ikkje så lett som eg trudde etter å ha sett videoleksjonen om dette, men eg fekk orden på det etter kvart, og i tillegg grei øving på å skriva dei ulike kodane i actoion script. Hurra.

Det eg merka meg var at eg måtte vera veldig påpasseleg med å vera i rett lag, i rett scene, til rett action. Eg klurte litt med at eg var inne i scene2 då eg eigentleg skulle vera i scene1 og slikt, samt nokre mellomrom som eg måtte luka vekk innimellom. Heller ikkje ein dans på roser om eg skulle nytta vanleg kolon eller semikolon, så her er det vel pirk som gjeld.

Til slutt gjekk det som eg ville, og eg fekk både buttonsene til å fungera slik dei skulle, og tykkjer i grunn at det var ei god oppgåve. Tok meg eit steg vidare mot gjennomføringa av oblig08, der eg verkeleg skal få brynt meg med fotoessayet som eit interaktivt bildegalleri i flash, og samstundes integrera dette i den enkle nettstaden eg laga i vinter. K.O.N.S.E.N.T.R.A.S.J.O.N. seier eg berre…

Her er iallfall ei lenke til løysinga mi, og eit bilete som illustrerer litt av greiene.