Arkiv | desember, 2011

GOD jul uhuhuhuhuhuuul!

24 Des

Gårsdagens hjort

19 Des

Godt med alt som er hjort.

Og DER…

17 Des

…har abstinensene etter meir designarbeid dukka opp….

Hei, eg heiter Jorun. Eg er hekta.

 

DER var eksamen levert

15 Des

No er det klart for jul!
Her kjem sakene på løpende bånd;

 

Sleng på ein liten profilmanual med det samme, so kan dei som skal vurdera greiene få kosa seg med rapporten og trykklare filene.

profilmanual uten trykkinfo

Oh, my.

14 Des

No byrjar eg å bli temmeleg klar for juleferie og innlevering av nokre feite zippa filer. Eg trur eg er i rute, men jobbar då også alle mine våkne timar (og det er ein del no i innspurten). Oh, my. Eg elskar dette livet.

Le Grande formalitet!

7 Des

No  er det berre den store formaliteten att før det er juleferie; rapporten. Og manualen, men den har eg klar i min magiske skalle. Har heldigvis ein GOD husk, og trur det blir mest å setja saman manualen på ein stilfull måte som vil ta tid. Innhaldet har eg. Det har eg i grunn til analysen også, har jo vert lite stille på bloggen her, og det kan eg nok takka meg for då eg set meg ned for å analysera og forsvara mitt grafiske arbeid.

Men det held ikkje med full pupp på prosjekteksamen. Eg treng anna påfyll for å halda meg inspirert, og det har eg gjort med å ta litt førjulsfoto. Det er så vakkert lys i skumringa, og det er framleis kjekt å eksperimentera med lukkertid. Eg samla nokre slike her ein dag, litt nydeleg, litt spanande.

Og i morgon er det tur til trykkeriet for å henta sakene. SPENT! (også på sjølve turen.. Glatte vegar+Jorun=Dårlig kombinasjon)

 

No er det like før!

5 Des

Like før eg får dei ferdige trykksakene i hus. Torsdag er dagen, og eg er på siste finpuss av filene. Då eg presenterte sakene for kunden fredag, fekk eg strålande tilbakemeldingar, og det var berre små formalitetar som større område til tekst på plakatane som var eit ønske om endring. Elles; gode fargar, godt arbeid, fine illustrasjonar, fine foto, flott brosjyre, kjekt format… you name it! Gjett om eg fekk meg ein grafisk boost då?!

Jepp.

Men sidan eg har posta så mange omgongar med plakatane og logo og brosjyre, let eg vera å posta dei små endringane eg har gjort til dei ekte produkta er i hende.

Eg er veldig psyked, og føler at eg ikkje kunne vert på ei meir riktig hylle i livet nett no. DET er digg å føla no når ein går mot 2012. Eg visste 2011 kom til å bli eit godt år!

Her er ei lita samling som eg har putta inn i «byillustrasjonen» min frå plakaten til kulturskulen. Kunne ikkje berre nytta den i plakat, så her har eg putta eit fint ordtak – home is where your heart is. Føltes jaggu rett det og!

 

Og her er brosjyren…

1 Des

…slik den ser ut rett før eg har fått lagt til dei siste bileta
Her i ein pdf.

Denne må eg sei meg nøgd med. Gode innspel frå kunden, gode idear frå meg, godt samarbeid og MYKJE arbeid. Det lønnar seg 🙂

Og ein aldeles stor takk til Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen for at eg fekk nytta hans flotte bilder frå kulturskulen sine teaterstykke. Det gjorde seg!

12x12cm_kulturskulebrosjyre_presentasjon

Alternative fargeløysingar på plakat, og her kvar for seg.

1 Des

Eg har justert litt på fargar her, samt strektjukkelse (strektjukna?? nynorsken mista meg litt der…) på enkelte illustrasjonar. Mest nøgd med den gule. Gode fargar og ein glad kombo, litt jazzy.

I morgon er det presentasjon av materialet for  ein spent kunde. Eg er minst like spent, for det er ikkje mykje eg kan endra på på dette stadiet. Dei justeringane som eventuelt må gjerast må vera små, slik at eg får tid til å pusta før eg skal levera greiene på trykkeri og ferdigstilla rapport og manual. Det er jaggu ein del proforma rundt sjølve designet, ikkje berre å teikna noko kult og slenga det ut i verda. Alt det formelle rundt er kanskje VEL so tidkrevande som sjølve utforminga. Heldig er eg som har lett for å skriva!

Og trykkeriet, ja! Dei er så hjelpsame og kjekke. Eg skal vera med på prosessen neste veke, og dersom det må justeringar til, tar me det på staden. Odda Trykkeri er det som skal hjelpa meg, og eg er veldig glad for at dei har slik tolmod med meg. Lærerikt å få vera med på alle delar av prosessen, og med deira erfaring og min design, er det store sjansar for at eg får eit produkt å vera stolt av som eg kan levera med eksamensrapporten.

X’ar alt eg har for at kunden vert nøgd og vil bruka noko av det eg har jobba med. Det hadde vert stas! 🙂

Her er iallfall plakatane (som skal vera i A4), kvar for seg, med nye fargar.