Arkiv | Inspirasjon RSS feed for this section

Prosjekteksamen – 4

26 Nov

MOODBOARD

No har eg laga meg nokre moodboards, eitt for stil, eitt for fargepalett og eitt for typografi. Eg kallar temaet mitt for Retro-Light, ein stil eg diggar og som eg gjerne vil assosierast med.

Sjølv om eg også diggar det minimalistiske og stramme – og som jo er ein av stilane som er veldig «in» atm, og tidlaus ikkje minst, vil det ikkje vera det rette for meg. Ein stil lik Heydays t.d., som eg oppfattar som moderne og skarp, og eg kunne godt likt at eg hadde ein slik stil. Men på same måte som eg ikkje kler å gå med hotpants, vil heller ikkje ein stram stil funka i mitt tilfelle. Det er kult, men it just doesn’t fit!

Når eg går for ein stil i retro-light, vil det vera enklare for meg å gjera små justeringar i designet i det lange løp, for det er den stilen eg har – både i interiør, kle, musikk, bloggar eg føl, tutorials eg prøver meg på, bilete eg tar, osv. Eg er då tru mot min eigen stil, og eg vil at andre skal oppfatta meg slik.

Som utgangspunkt i desinget, nyttar eg sjølvsagt Hildring-logoen. Dermed har eg ein turkis/sjøgrøn hovudfarge, og den tenker eg vil høva godt saman med oransje og raudtonar. Lekkert og kontrastfullt. Dette er livlege fargar som symboliserer glede, leik, lidenskap. Den grøne er ein litt krisp farge, som roar ned designet, symboliserer liv, ro og balanse. Heilt i mi gate.

Eg held fram med ein litt enkel geometrisk fonttype – som i logoen; det geometriske vil fungera som ein liten kontrast til dei varme fargane, det formfulle i retrostilen, samstundes som det bind elementa saman på ein heilt ok moderne måte.

Eg vil også bruka litt tekstur, iallfall laga ein bakgrunn i ein avdempa fargetone. Prøva å skapa litt dybde i sidene, evt med skugge og andre effektar inspirert av moodboardene mine. Dette er for å få ein heilskap over sidene, stilen, temaet og vera med på å skapa blikkfang og gjera sidene interessante. Det er iallfall det eg ynskjer.

Her er moodboardene mine. Stil – farge – typo.

Prosjekteksamen – 3

21 Nov

Førebuingar og storyboard til promofilm. Jepp. Eg har nokre tankar, og eg held på å tenka meg fram til ulike måtar å disponera filmen min på. Eg har funne litt inspirasjon rundtom, og nokre av dei som inspirerer meg er

MODSHIFT

TIM WALKER

PF FLYERS

For å nemna nokre, altså. Modshift lagar både informative og meir kunstnariske småfilmar. Små intervju og slikt. Her er eg veldig inspirert av den noko retro-viben han tileignar filmane sine, og eg likar redigeringa alot. Han er kjærast med Bri Emry i Designlovefest, ein designblogg som eg også likar. Kjekke saker, fint design, mykje inspirasjon og alt. I like!

Tim Walker har eg jo nemnd i ein tidlegare post, og videoane hans blir mellom anna brukt i store motekampanjar – editorials. Fancy at det er nokon i bransjen som ynskjer å vera heilt totalt unike. Å våga å vera heilt sprø, og bli elska (eller hata) for det. Eg er inspirert av kreativiteten, men eg trur eg må tøyla meg litt i min eigen film, slik at den ikkje vert så smal. Her skal ein jo nå ut til bedrifter som skal kunna ønska å bruka meg i prosjekta sine, so eg må passa på å tilpassa meg mine potensielle kundar.

PF Flyers kom eg over på designworklife, der eg finn mykje inspirasjon og orienterer meg litt på trender innan design, foto og illustrasjon mm. PF flyers sine filmar er ein del av ein kampanje om den ekte amerikanske stilen, og eg likar stemninga, fargane, komposisjonane i desse. Dette er jo kampanjefilmar, og eg trur dette kan vera ei god inspirasjonskjelde for meg når eg skal formidla min bodskap. Tydeleg, heilskapleg og fint.

Prosjekteksamen – 1

13 Nov

 

I prosjektplanen min har research og ideutvikling som tema, denne veka og førre veke. Prosjektstart 5.11, og eg skal levera inn 25.01. Visjonen min med heile nettstaden er:

Å laga ei innovativ nettside som er både informativ og underhaldande/estetisk interessant.

Sidan eg skal laga webside for meg sjølv og mi vetle verksemd, veit eg jo allereie kva eg likar og har ein del referansar. Eg prøver å i større grad forstå kvifor eg liker desse sidene-designa-presentasjonane, og her er eit knippe løysingar som har ulik verknad på meg, alle med positive forteikn.

Her er nokre inspirasjonskjelder.

1. TIM WALKER

For det første er dette ein fotograf som er heilt fantastisk inspirerande. Eg har ikkje ord for det han klarar å produsera, og her eg superfan. Uttrykket hans er provoserande, barnsleg, utforskande, grensesprengande, magisk… Og videoane like eins.

Nettsida hans fortel dette, og index-sida er berre dette biletet som ein slags «velkommen-knapp» som tar brukaren vidare inn til innhaldet. Eit veldig enkelt og superfengande «Hei!». Eg likar det muchos.

 

2. BENDIK KALTENBORN

Ein av mine favorittillustratørar. Den enkle, naive streken fengar, og med denne sida har han klart å ha ein heilskap som fortel om kven denne karen er. Med å bruka enkle menyar, er det sjølve arbeidet hans som vert tydeleg og skapar merksemd. Han gjer seg sjølv den absolutte center of attention. Smart, Kaltenborn!

Her kjem også denne leikenheita fram. Det naive, utprøvande, humoristiske. Element eg diggar, og som eg ynskjer at mine sjåarar også skal få oppleva. Humor er genialt.

 

3. KATIE EVANS

Katie Evans er også ein illustratør, som gjer diverse saker – print/emballasje design, webdesign, styling… Ho har eit breidt spekter, og eg har sett nærare på korleis ho fremjer sakene sine.

Det gjer ho enkelt og greitt med ein slags bilde-for-bilde portfolie, noko som igjen fører til at sakene ho lagar får fullt fokus. Eg tenker jo litt på at sjølve nettsida mi også skal vera ein av mine (!!!)-faktorar, og eg trur kanskje eg legg litt mykje i akkurat det. Så med å laga eit enkelt design – strippa for alle unødige element – kjem produkta fram.

Og med å laga ei nettside der produkta kjem tydeleg fram – vil ikkje det då vera eit killer webdesign?!

4. RYO KOBO

Dette er ein særs spanande fotograf, som har eit nesten okkult uttrykk. Eg veit ikkje om eg diggar sida hans, for det er ei rein flashside, og den kan trøbla seg litt har eg opplevd, men måten han har sett saman elementa på her, tykkjer eg er smakfullt og spanande.

Her er vel eit godt døme på at flash kanskje ikkje alltid er den beste platforma, men ein kan få til spanande galleri ved å nytta flash – utvilsomt. Utfordring her med å få vist bileta skikkeleg fram. Flashscena er ikkje særleg stor – sikkert for å fungera på sjølv små skjermar, men dette er ikkje noko eg ynskjer for mine viktige bilete iallfall. Spennande uttrykk dog – litt mystisk, veldig enkelt.

 

5. KELLEY LILIEN

Her er ein stil eg likar, og som kanskje ikkje er så fjern frå min eigen personlege stil. Lilien er designar som fokuserer mest på logo, kampanjar og emballasje, så ho har eit ok fokus å presentera. Det gjer ho i ei flashside, som her fungerer superbra. Kanskje ei av dei mest brukarvenlege sidene eg har vore borti, som er basert på flash – og kun flash.

Her er ein konsekvent og stram oppbygging, og arbeidet hennar ligg som eit ope galleri på index. Eg veit ikkje heilt om eg likar den gule ramma rundt – for den er det for det første ikkje plass til på min skjerm (som er ganske stor), samt at den kanskje ikkje bidrar til noko verken funksjonelt eller visuelt.

Likevel veldig kjekt å sjå korleis ein kan få eit flott galleri, med god heilskap og ein behageleg layout. Innholdsmessig er denne litt lite informativ i forhold til korleis eg skal laga mi eiga side, men absolutt grei å ha i inspirasjonsbunken.


 

6. KELLI ANDERSON

Så over til ei av dei STORE inspirasjonskjeldene mine. Kelli Anderson kom eg over på designworklife, og ho er så innovativ som ingen andre eg veit om når det gjeld design. Både web, print, alt i verda. Ho lagar platespelarinvitasjonar av papir.. Det er heilt unikt. Sjekk ho ut, det er det vel verd.

Og med mi side vil eg jo vera litt innovativ. Litt sprø. Litt overraskande. Unik, trur eg er nøkkelordet. For kven ynskjer ikkje å føla seg unike. Om eg skal laga ei webside for ei verksemd vil dei jo heilt sikkert ynskja å skilja seg ut. Og då må ein vera unik. Innovativ.

Nettsida hennar eg full av mønster, prosjekt, informasjon og sjølv om det visuelt kan virka litt rotete å koma inn på sida der, er den brukarvenleg til tusen. Eg diggar spesielt index-sida hennar, med kart over arbeid ho har gjort. Det er ein supergøy ide! Ønskar at den var min.

 

 
7.KEVIN RUSS

Dette er jo ei tumbl-side. Fotografen er inspirerande og eg kan lett gløyma tid og stad når eg vitjar sida hans. Men greia med mr. Russ er jo at eg likar denne måten å visa arbeida sine på. Tumbs up for tumblr. Men sjekk gjerne ut Kevin Russ likevel. Han er så flink.

Iha!

22 Okt

No er prosjektbeskrivinga mi til eksamen godkjent og klar. Det er berre å hiva seg i gong med mekking av sider, portfolie og reklamefilm. Huhei! Eg har i beskrivinga mi lagt vekt på at eg vil ha ei innovativ side som illustrerer kven Hildring er – altså mi eiga verksemd, og kva som vert tilbydd. Håpar eg klarar å strippa nettstaden for irrelevante ting, noko som kanskje har vore ein av mine utfordringar som designstudent. Eg legg til element som ikkje har noko grunn for å vera der, og då vert det …rotete… og irrelevant.

Har nokre sider som er mine hovudinspirasjonar både når det gjeld utforming og innhald, stay tuned. Her er interessante saker på g.

Men først lyt eg gjera mappa ferdig. Har enno ikkje laga banneret som skal lenka til denne bloggen, men trur eg veit korleis eg vil ha det, og då går det fort. Og eg har jo enno ti dagar på meg… (jikes!)

Elles har det jo skjedd trivlege saker i livet, mellom anna er puseillustrasjonen min «Lykke til» valt ut som eitt av bidraga i Den store kortsamlinga 2012, som eg skreiv om her. Artig å spre sine illustrasjonar litt rundt om kysten! Meir av det!

Og so har eg ein spanande brief på onsdag, der eg kanskje får ein superspanande jobb for ein kjempeartig kunde, og eventuelt skal arbeidet mitt visast til kjempemange menneske, så dette er ein eg vil satsa på! Håpar dei tenkjer det same om meg… !

Og so skal eg laga eit banner som skal henga ute i Rosendal og reklamera for den komande Apejungelen (del av RIFparken, som eg har laga logo til). det vert kjekt å sjå mine greier pryda nærmiljøet 😉

Og so skal filmen eg laga om Gravdal Skipsbyggeri visast på rorbu-kveld på Sunde til helga, i regi Sunde Kyst- og Litteratursenter. Dei skal ha dugnadsfest og filmen min er ein del av underhaldninga. Stas. Det ballar på seg!

Ting skjer. Eg tykkjer det er fett. Feirar livet med eit bilete frå himmelen over Beograd.

 

NSFF’s nasjonale landstreff i Bergen

6 Jun

Eg var jo på landstreff i Bergen denne helga – eit ledd i min plan om å stadig utvida min horisont, vera kreativ med andre kreative og henta inspirasjon. Gosj, så inspirerande det var. Noko reint estetisk, noko humoristisk, noko provoserande, og eksotisk, spanande, fryktlaust, forskrekkande og genialt. Eit samansurium av goder. Ein av mine personlege goder var sjølvsagt sølvmedalje i monokrom papir-kategorien. Awsome!

Blant føredragsholdarane var Dag Thorenfelt – eit fyrverkeri av ein person, som oppfordra oss til å nytta ytringsfridommen og slenga av oss den sekken me ber på og dyrka vår eigen galskap utan å tenka jantelov eller samfunn. I dag er det SÅ INDERLEG MANGE fotografar som køyrer på, og ein skal ha eit unikt uttrykk for å bli sett. Vårt EIGE uttrykk. Han har mellom anna ein løfte-serie, som er heilt utanfor boksen. Så fritt og fantastisk, ein genial apetittvekkar på heile landstreffet.

Harald Henden kom med sterke historiar om korleis det er å jobba som fotograf i krigsherja område, stader der naturkreftene har jamna ut landsbyar, om svolt, om død. Først kunne eg ikkje forstå kva som var drivkrafta hans – å reisa til Sudan å knipsa bilete av ei mor som held barnet sitt, og knipsar bilete det sekundet barnet tar sin siste pust. Fy søder, liksom!
Men so skjøna eg det etterkvart. Henden er ein mann som fortel oss om desse katastrofene, om urettferdighet og krig, med det kanskje sterkaste middelet som fins i dagens media – fotografiet. Sterkt foredrag. Respekt, Harald!

Ein meir nedtona Johnny Haglund, som for nokon sikkert er kjend som fotograf og journalist i Vi Menn, der han reiser til verdens hjørner og samlar historiar og eventyr der ingen visste dei fans. Også hans føredrag var til tider sterkt; på hjørnene av verda bur det også menneske i slummen, attmed togskinnene, på søppeldynga. Haglund viste seg å vera ein fantastisk sympatisk mann, med mykje omtanke og respekt for dei han treff på vegen. Fotografia hans var reportasjeaktige, men vakre. Han gav ein påminnar om at ein skal eksperimentera litt med det kameratekniske, slik at ein heile tida lærer og utviklar seg, og sitt fotografiske uttrykk.

I tillegg til desse inpirerande føredraga, var eg mellom anna på ein utflukt til Gamle Bergen – ein vakker stad som alle burde oppleva. Eg knipsa litt bilete der frå sjølvsagt, og prøvde å utfordra meg sjølv litt med tanke på motivval, kamerainnstillingar og etterbehandling. Befriande og sweet.

Morten Krogvold

30 Mar

I går vitja Morten Krogvold kommunen, heldt føredrag og utstilling på Halsnøy Kloster. Fytti, kor inspirert kan ein bli?! Eg fekk opna augene for fleire «sjølvsagtheiter» iallfall, og det var godt å bli påminna.

* det fins ingen snarvegar – ein må faktisk  jobba skikkeleg hardt for å finna sin «klang» og skapa gode bilder.

* ein kjem lenger enn langt med empati – men det er når ein bringer med sitt eige i møte med andre (den/dei/det som vert fotografert) det vert skapt magi.

* prioriter det viktige – kva er viktigast; å kyssa eller å sjå på tv? (føler meg ganske truffen på denne.. spesielt når eg no sit og bloggar… heldigvis er mannen på jobb, så eg har ingen å kyssa på, men for all del. Mindre tid på medier, meir tid på å leva!)

* slett og kast dårlege bilete – og print ut dei skikkeleg gode bileta, det er slik dei skapar verdi og minne. Ikkje på ein harddisk, som eit sluk av halvgode og kanskje verkeleg dårlege bilete. Rens opp i systemet – og start på ny frisk.

* å portrettera ein person er som å elska, det er like lidenskapleg, intenst og nært. Skap den magien og du har eit portrett (dette spurte eg han kva han meinte om og fekk eit lidenskapleg og engasjert miniføredrag. Eg blei heilt mo av å høyra på det han sa, både av respekt og av beundring. Flink fyr altså!)

» Ein må ha litt galskap. Ein kunstnar utan galskap er ein formingslærar.»

For nokre vakre ord. Eg er klar for å jobba hardare og bruka mindre tid på medier. Og galskapen eg har skal eg dyrka kvar bidige dag, og i den skal eg finna min eigen klang (eg visste det var ein grunn til at eg slutta på faglærarstudiet… dette vart ein påminnar om eit riktig val, godt).

How cool is this? Eg kunne ikkje vera der utan å få autograf i katalogen min. Refreshing! Og no – ein liten brief comming up! For ein fredag!

Oblig 04 – Blunklogo

28 Sep

Okei. Eg hadde ikkje før skrive at eg var nøydd å leika litt i illustrator, før eg var i illustrator å leika. Her er nokre av ideane mine. Mykje har spunne ut av kva som skjer når ein blinkar – kva auga går glipp av.

Eg har fleire idear også, OG skisser, men no er det kveld. Logo = Loco = Leik. Neida. Men joda.