Arkiv | mars, 2012

Morten Krogvold

30 Mar

I går vitja Morten Krogvold kommunen, heldt føredrag og utstilling på Halsnøy Kloster. Fytti, kor inspirert kan ein bli?! Eg fekk opna augene for fleire «sjølvsagtheiter» iallfall, og det var godt å bli påminna.

* det fins ingen snarvegar – ein må faktisk  jobba skikkeleg hardt for å finna sin «klang» og skapa gode bilder.

* ein kjem lenger enn langt med empati – men det er når ein bringer med sitt eige i møte med andre (den/dei/det som vert fotografert) det vert skapt magi.

* prioriter det viktige – kva er viktigast; å kyssa eller å sjå på tv? (føler meg ganske truffen på denne.. spesielt når eg no sit og bloggar… heldigvis er mannen på jobb, så eg har ingen å kyssa på, men for all del. Mindre tid på medier, meir tid på å leva!)

* slett og kast dårlege bilete – og print ut dei skikkeleg gode bileta, det er slik dei skapar verdi og minne. Ikkje på ein harddisk, som eit sluk av halvgode og kanskje verkeleg dårlege bilete. Rens opp i systemet – og start på ny frisk.

* å portrettera ein person er som å elska, det er like lidenskapleg, intenst og nært. Skap den magien og du har eit portrett (dette spurte eg han kva han meinte om og fekk eit lidenskapleg og engasjert miniføredrag. Eg blei heilt mo av å høyra på det han sa, både av respekt og av beundring. Flink fyr altså!)

» Ein må ha litt galskap. Ein kunstnar utan galskap er ein formingslærar.»

For nokre vakre ord. Eg er klar for å jobba hardare og bruka mindre tid på medier. Og galskapen eg har skal eg dyrka kvar bidige dag, og i den skal eg finna min eigen klang (eg visste det var ein grunn til at eg slutta på faglærarstudiet… dette vart ein påminnar om eit riktig val, godt).

How cool is this? Eg kunne ikkje vera der utan å få autograf i katalogen min. Refreshing! Og no – ein liten brief comming up! For ein fredag!

Avatar

28 Mar

Denne har eg teikna basert på sjølvportrettet eg posta tidlegare, samt inspirert av art deco kunst. Ein epoke med enkle former som var basert på det estetiske uttrykket, 1925 og ut 30åra, som seinare har hatt stor innflytelse både i kunst, mote og arkitektur.

Me skulle forenkla form, fargelegga enkelt og teikna alt i flash etter å ha produsert analoge skisser, i ein storleik på 200x200px. Heilt greit, sjølv om eg heller teiknar i illustrator eller photoshop enn i flash. Litt kronglete når ein ikkje har prøvd programmet før, men eg trur me kan bli vener, eg og flash.

Her er iallfall avataren min i ein jpg, eit inspirasjonsbilete frå art deco og sjølvportrettet som eg tok utgongspunkt i.

 

YARRRR!!!!

27 Mar

Kvifor!!!!???!?! No råtnar eg snart. Min kjære CS5 vil. ikkje. virka. som. den. skal.

Analoge skisser hjelper liksom berre enn så lenge når ein skal jobba med flash. …..gaaahhh!

Medan eg slit meg i håret og håpar på hjelp, postar eg nokre skisser eg gjorde for Vindmølle:Larm, ein festival på Smøla. Dei gjekk for ein anna design, men det er kjekt å prøva seg.

Eg har vert inspirert av god gromrock frå 80 og 90 tallet,  mellom anna Inflames på fonten på dei øvste skissene. Det nedste forslaget har eg lagt på flammer, eller røyk, og leikt meg med liquify og blending options på bokstavane. I dig.

Sikkerhetskopi….

26 Mar

I dag har eg fått testa nervene temmeleg hardt. Det virka ei stund som at pcen min skulle krasja totalt, og det er LITE festleg når ein ikkje har sikkerhetskopiert filene sine lately.

No held eg på å lasta opp på ekstern harddisk, samt på JOTTA, ein online backup for filene mine. Eg trudde alle filene mine var borte for alltid, men på eit vis har dei berre blitt skjult. Dårleg spøk, pc!

Eg trur eg må feira.

Bokeh

23 Mar

Bokeh (av japansk boke ぼけ, «uskarp») er en fotografisk betegnelse som refererer til områder som er ute av fokus, i et bilde produsert ved hjelp av et fotokamera. Begrenset dybdeskarphet benyttes som et fotografisk virkemiddel ved at man for eksempel gjør bakgrunnen (og/eller forgrunnen) i et fotografi uskarp for å framheve hovedmotivet. Bokeh karakteriserer hvor visuelt tiltalende de uskarpe partiene er. Hvordan kameraet håndterer de lyssterke punktene i disse områdene av størst betydning. Det er å foretrekke at lyse punkter danner sirkulære bokeh-felter (ikke f.eks. femkantete). Kameraer med høyt antall lameller i blenderåpningen gir gjerne bedre forutsetninger for dette. (wikipedia)

(meg)

Plakat for AKKS Bergen

19 Mar

Ein plakat eg har laga for AKKS i Bergen, ein ideell origanisasjon som skal fremja jenter og kvinner i alle ledd i musikkbransjen. Ein kul sak, som eg lett kan engasjera meg i 🙂 Håper mange melder seg på!

Litt helgearbeid

17 Mar

No har eg brukt nokre dagar på reis og kurs, og med ein liten deadline comming up, tar eg av helga til å få litt gjort. Dette er eit utsnitt av eitt stk kjekt arbeid! Meir om det når eg er ferdig, tenker eg. Kjekt å jobba litt med vektor igjen. Denne med ein slags 80-tals vibe.

Der var oblig 07 inne

13 Mar

Jepp, rapporten er klar og zippet. Greit å vera ferdig med fleire dagars margin. Spesielt med travle veker framføre meg. Godtravle altså. Har mykje å gle meg til! Kjem vel oppdateringar frå dei forskjellige greiene etterkvart.

No gler eg meg til neste oblig blir delt ut på måndag, då skal eg læra animasjon. Hipphipp! Spanande.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er to bilete frå huset der eg tok nokre av bileta til fotoessayet. Heilt rå location. I dig.

Androgyn på ein laurdag

10 Mar

Blyant og oljepastell.

Sjølvportrett

9 Mar

I dag, når eg kunne ha nytta tida til å skriva ferdig rapporten til fotoessayet, har eg heller konsentrert meg om sjølvportrett… Eg er fascinert av fotografar som brukar seg sjølv som modell då dei ikkje har nokon andre for handa, og tenker at det ikkje er så dumt. Eg tok på meg ein hatt og knipsa litt. Men så fekk eg redigeringssjuka over meg, og vips, så vart det temmeleg lite fotografisk (Er det eit ord? Det burde det vera). Men det vart då ikkje heilt bak mål heller.