Arkiv | juli, 2011

Som eit kamferdrops

27 Jul

Jepp, eg snakkar sjølvsagt om den gode gamle teikninga mi. Kol. Det var ikkje så stor teikning, men godt å bedriva manuell teikning – det har gått mest i andre greier den siste tida. Men so måtte eg jo dulla med den likevel, og vips. Slik.

Bulldog-versatile

25 Jul

Møylegheitermøylegheiter!

Her er bulldogen min i ny innpakking. Måtte gjera noko med strokes’ene, og så farga eg den i ill med blob brushen. Deretter flytta eg rundt på dei ulike områda, slik at det vart gliper mellom farge og strek. Heilt ok nøgd.

I heart brushes!

23 Jul

No har eg laga ein bulldogvektor som eg sjølvsagt måtte dilla med. Slik vart den. Passe funky.

Patriotisk og fortvila

22 Jul

Denne går til Oslo og alle. Lev i fred. Eg veit ikkje kva anna ein kan sei. Uttrykk dykk, ver frie, la andre vera frie, og alt vil gå oss vel? Me prøver på den.

Frå vektor til grafisk … kunst?

19 Jul

 

 

 

 

 

Fashionvektor

17 Jul

Vouge – Melodie

Eit stunning foto av Daniele & Iango. Eg lånte det litt slik at eg kunne lage ein vektor av den vakre poseringa. Noko som får meg til å tenka på kor bakpå eg er med mote-trend-arkivet mitt…

La vie en rose

16 Jul

Tok eit bilete av ei rose i hagen før min kjære husbond meia den ned med kantklipparen. Minnet lever vidare i både vektor og som foto.

Perspektiv – litt edge

13 Jul

Eg ser mange vakre ting. Her er nokre av dei. Godt eg har kamera. Og godt at eg tar bilete av tusen «uvesentlege» motiv. Dei gjer meg glad.

Eit praktdøme på lys og skugge - tekstur og refleksjonar.

Kontrasten er stor og symmetrien gjev harmoni og balanse

Fin diagonal. Fint forfall.

Skuff på skuff er fin geometri

Slik kan bilinteriør sjå ut, tenk!

Min første brush

11 Jul

Eg har laga min første brush i ps. Her har eg laga den om til vektor og ramma den inn. Minneverdig tykkjer eg.

Fuglemønster

10 Jul

Eg er full av inspirasjon om dagen, og veit ikkje heilt kva ende eg skal byrja i. Resultatet er at eg har laga meg ei stor mappe med prosjektbeskrivingar av idear eg ynskjer å gjera noko utav – i større eller mindre grad, og i dag har eg hatt ein liten start med eit fuglemønster.

Først skissa eg ned elementa eg ville ha med, før eg teikna dei rett i illustrator, kor det også vart fargelagt.

Barnsleg og blidt tykkjer eg! Kunne vore eit fint kjøkenhandkle eller sengtøy til minsten, ser eg for meg.