Arkiv | november, 2012

Oehey!

29 Nov

B på mappeinnleveringa mi. Dette går vegen! Happy torsdag.

Eg feirar med å laga julekort i photoshop.

MMMhmmm!

29 Nov

Animasjon

jeez. i say no more. AWSOOME.

Prosjekteksamen – 5.2

28 Nov

Eg tok nokre bilete i dag. Veit ikkje om nokon av dei vert brukt, men det var iallfall artig, og eg fekk uansett brynt meg litt. Eitt av bileta enda opp som ny header på facebooksida mi (/HildringDesign). Ei sped byrjing.

Eg har forresten arbeidd etter ein ide om at eg gjer mykje forskjellig i verksemda mi, difor den ville hodeplaggbytinga.

 

Prosjekteksamen – 5

28 Nov

Eg held på å tenka på innhaldet, skapa innhald, velja ut innhald og planlegga innhald til sida mi. Eg trur eg nærmar meg noko mtp layout, og håpar eg har evnene til å la det skje slik eg vil.

Ein av sakene eg skal putta innpå sida er jo bilete av underteikna, slik at folk ser kven dei har med å gjera. Då vert det sjølvportrettering – noko eg ikkje har gjort noko særleg før. Veit knapt korleis min fjernstyrte sjølvutløysar fungerer, so dette vert bra.

På instagram lately

27 Nov

Ja, eg er på instagram. jorunlarsen er mitt navn.

Prosjekteksamen – 4

26 Nov

MOODBOARD

No har eg laga meg nokre moodboards, eitt for stil, eitt for fargepalett og eitt for typografi. Eg kallar temaet mitt for Retro-Light, ein stil eg diggar og som eg gjerne vil assosierast med.

Sjølv om eg også diggar det minimalistiske og stramme – og som jo er ein av stilane som er veldig «in» atm, og tidlaus ikkje minst, vil det ikkje vera det rette for meg. Ein stil lik Heydays t.d., som eg oppfattar som moderne og skarp, og eg kunne godt likt at eg hadde ein slik stil. Men på same måte som eg ikkje kler å gå med hotpants, vil heller ikkje ein stram stil funka i mitt tilfelle. Det er kult, men it just doesn’t fit!

Når eg går for ein stil i retro-light, vil det vera enklare for meg å gjera små justeringar i designet i det lange løp, for det er den stilen eg har – både i interiør, kle, musikk, bloggar eg føl, tutorials eg prøver meg på, bilete eg tar, osv. Eg er då tru mot min eigen stil, og eg vil at andre skal oppfatta meg slik.

Som utgangspunkt i desinget, nyttar eg sjølvsagt Hildring-logoen. Dermed har eg ein turkis/sjøgrøn hovudfarge, og den tenker eg vil høva godt saman med oransje og raudtonar. Lekkert og kontrastfullt. Dette er livlege fargar som symboliserer glede, leik, lidenskap. Den grøne er ein litt krisp farge, som roar ned designet, symboliserer liv, ro og balanse. Heilt i mi gate.

Eg held fram med ein litt enkel geometrisk fonttype – som i logoen; det geometriske vil fungera som ein liten kontrast til dei varme fargane, det formfulle i retrostilen, samstundes som det bind elementa saman på ein heilt ok moderne måte.

Eg vil også bruka litt tekstur, iallfall laga ein bakgrunn i ein avdempa fargetone. Prøva å skapa litt dybde i sidene, evt med skugge og andre effektar inspirert av moodboardene mine. Dette er for å få ein heilskap over sidene, stilen, temaet og vera med på å skapa blikkfang og gjera sidene interessante. Det er iallfall det eg ynskjer.

Her er moodboardene mine. Stil – farge – typo.

Prosjekteksamen – 3

21 Nov

Førebuingar og storyboard til promofilm. Jepp. Eg har nokre tankar, og eg held på å tenka meg fram til ulike måtar å disponera filmen min på. Eg har funne litt inspirasjon rundtom, og nokre av dei som inspirerer meg er

MODSHIFT

TIM WALKER

PF FLYERS

For å nemna nokre, altså. Modshift lagar både informative og meir kunstnariske småfilmar. Små intervju og slikt. Her er eg veldig inspirert av den noko retro-viben han tileignar filmane sine, og eg likar redigeringa alot. Han er kjærast med Bri Emry i Designlovefest, ein designblogg som eg også likar. Kjekke saker, fint design, mykje inspirasjon og alt. I like!

Tim Walker har eg jo nemnd i ein tidlegare post, og videoane hans blir mellom anna brukt i store motekampanjar – editorials. Fancy at det er nokon i bransjen som ynskjer å vera heilt totalt unike. Å våga å vera heilt sprø, og bli elska (eller hata) for det. Eg er inspirert av kreativiteten, men eg trur eg må tøyla meg litt i min eigen film, slik at den ikkje vert så smal. Her skal ein jo nå ut til bedrifter som skal kunna ønska å bruka meg i prosjekta sine, so eg må passa på å tilpassa meg mine potensielle kundar.

PF Flyers kom eg over på designworklife, der eg finn mykje inspirasjon og orienterer meg litt på trender innan design, foto og illustrasjon mm. PF flyers sine filmar er ein del av ein kampanje om den ekte amerikanske stilen, og eg likar stemninga, fargane, komposisjonane i desse. Dette er jo kampanjefilmar, og eg trur dette kan vera ei god inspirasjonskjelde for meg når eg skal formidla min bodskap. Tydeleg, heilskapleg og fint.