Archive | september, 2011

Og ellers:

30 Sep

Eg gløymte å nemna at det er komen eit nytt objektiv i hus. HURRA!

Me feirar med ei tusjteikning fritt etter den flotte modellen på Paris fashionweek.

Positivt, positivt, positivt, positivt.

30 Sep

Jepp. Slik har min dag vore. Full av masse positivt.

Kunden (som eg skal presentera snart) til min grafiske profil fekk seg ein brifing i dag på det eg ville gjera for dei, og samtlege sat og smilte og nikka rundt bordet. Det vart nesten koseprat attåt  morgonkaffien, og eg er på ingen måte åleine om å villa laga ny profil for dei – eller profil. Dei har ikkje hatt noko heilskapleg grafisk profil tidlegare, so det er kjærkoment med eit samarbeid med meg, og det er eg veldig takksam for. Samt for moglegheita, sjølvsagt. Og for positiviteten.

Etter det første positive møte, gjekk vegen vidare til intervjuobjektet mitt. Positivt! Eg har lært ein heil del, vert i mitt første fotostudio på …….27år, og kome langt på veg med mitt vetle steg på veg mot ei fotografverd – eit steg som er HUGE for meg personleg. Inspirert! Og dei magiske orda; «Det er berre å spørre. Det verste er at du får nei.» Gjeld ikkje det om alt i livet?

Her er iallfall portrett av fotografen. (Takk for lån av kamera, studio og lys!)

Og her eitt av meg sist eg var i studio.

Ein spanade dag i kjømdi!

29 Sep

I morgon er ein stor dag for meg. Eg skal på møte med kunden eg har «kapra» til prosjekteksamen – for å presentera prosjektet for dei tilsette, samt på intervjuing av fotograf Ivar Langeland. Eg er psyked!

Eg manglar berre portrettet i den digitale mappa mi no, so har eg laga meg ein portfolio. Eg er psyked!

Ja, og litt finpuss til fotoarkivet då. Eg kjenner eg går litt på akkord med meg sjølv i kategorien mote/trend, for eg har så kule idear, men veit ikkje om eg får gjort noko utav dei. Og med noko vanvittig kult in mind, blir det ikkje veldig stas å gå for second best. Men det ordnar seg nok. Eg er full av stå-på-vilje-og-humør om dagen, nemleg. Eg er som sagt psyked 🙂

Her er eit bilete som iallfall ikkje enno er tatt med i arkivet. Mogleg det kan snika seg inn, men eg har vert litt konsekvent, og kutta ned til ti bilete i kvar kategori. Det er plenty fleire der dei kjem frå, og eg får heller publisera fleire fotoarkivsider.

 

Oblig 04 – Blunklogo

28 Sep

Okei. Eg hadde ikkje før skrive at eg var nøydd å leika litt i illustrator, før eg var i illustrator å leika. Her er nokre av ideane mine. Mykje har spunne ut av kva som skjer når ein blinkar – kva auga går glipp av.

Eg har fleire idear også, OG skisser, men no er det kveld. Logo = Loco = Leik. Neida. Men joda.

Oblig 4 – Layout; ei innleiing

28 Sep

Det vert mange innleiingar no, når eg har både grafisk eksamen, obligatorisk oppgåve i layout og grafisk mappe på G. Eg sjonglerar alle tre oppgåvene samstundes etter beste evne (noko eg har blitt fordømt god til etter mange år med i-siste-liten-innhenting, men som eg no kan gjera nytta av sjølv om det ikkje er i siste liten, liksom).

Så her er altså innleiinga mi til Layoutoppgåva.

Eg skal laga eit portrett av ein lokal fotograf som driv eiga verksemd, Ivar Langeland. Han tar alle slags bilete, og har ein del erfaring etter kvart. Veldig positiv til å stilla opp, so det var jo veldig kjekt. Bankers.

Sjølv om eg av erfaring veit at eg ikkje er særleg konsekvent på å spørja dei spørsmåla som eg har i neven når eg kjem i prat med ein portrettkandidat, har eg klar ei heil side med moglege spørsmål. Eg har gitt beskjed om at intervjuet kjem til å dreia seg om hans yrke og vegen han har gått frå han byrja interessera seg for foto, til i dag. Eg har også fått tommel opp på at eg får nytta nokre av bileta hans i magasinet, so alles gut, alles gut.

Intervjuet skal skje denne veka, so då har eg nokre fine veker etterpå til å forfatta (erfaren portrettskribent, so det skal gå finfint) og komponera ein kul layout i Blunk. Samt legga det inn i den grafiske mappa, sjølvsagt (sidene i InDesignfila mi står klare til å bli fyllt med denne).

Eg har teikna nokre sider med skisser til Blunk-logoen, og dette kjem eg til å legga ut etter kvart. Eg fekk artige assosiasjonar då eg sette meg ned og tenkte – smakte på ordet, så det kom fram ein del ulike forslag… Stay tuned. Eg er nøydd å leika litt i illustrator før eg er klar til å bestemma kven av kandidatane mine som går vidare nemleg.

 

Prosjekteksamen GRAP – ei innleiing

22 Sep

Eg har just hatt eit fruktbart møte, som eg håpar å hausta fine, smakfulle frukter av i tida framover. Det er på tide å tenka eksamen i grafisk design, og eg veit enno ikkje om eg har tatt meg vatn over hovudet eller ei, men eg har iallfall slått på ei stortromme her. Og dersom eg lagar ein killerdesign, kan det sjå ut som at tromma kan kunna fortsetta å slå.

Eg understreker at dette er DERSOM designet mitt er superfett og funksjonelt. Det er sjølvsagt det eg strekker meg mot.

Prosjekteksamen GRAP går slik eg oppfattar det ut på å laga ein visuell profil for ein organisasjon eller ei bedrift. Resultatet skal vera handfaste trykksaker som kommuniserer bedrifta og det den står for, på ein klar og heilskapleg måte. Innleveringsfrist for meg, som går deltid, er 16.desember.

Då gjenstår det berre å sjå om eg har vore snill, slik at det vert jul også i herrens år 2011. Kryssar fingrane for at prosjektbeskrivinga mi får gjennomslag, og at eg treff spikaren på hovudet med den framtidige designen min.

Rull inn. Fotoarkivet skal snart vera på stell.

20 Sep

Eg veit ikkje heilt om eg skal ha prestasjonsangst eller kva når det gjeld mappeinnleveringa, som skal innehalda fotoarkiv og layoutoppgåve som ein førstegangsinnlevering. Eg har enno ein del bilete å ta, og fristen nærmar seg. Men eg har mange bilete å ta av til dei fleste kategoriane. Maaaange. Heldigvis. Her er litt fleire sånn på tampen, før heile arkivet skal inn. 100 bilder er ikkje so masse. Men 100 dritbra bilder er hakket verre å samla…