Arkiv | Idè RSS feed for this section

Prosjekteksamen 9 – cdcover

11 Jan

Dette er mitt første utkast til cd-coveret som også føl med i eksamensoppgåva. Her er framsida. Baksida blir pryda med kontaktinformasjon tenker eg. Eventuelt 3×3 boksar med bilete (eller berre eitt illustrerande) – alt etter kva som er innhaldet på cden.

Eg har arbeidd ut frå min stil – retro light – og er her inspirert av enke geometriske former. Fargane er henta frå logoen, og komposisjonen ynskjer eg skal fungera uansett kva som er føremålet med cden. Altså – i eksamensoppgåva står det at cd-coveret skal designast og at innhaldet på liksomcden er sjølve nettstaden.

Eg tenker jo då at når eg først lagar eit cdcover, er det jo kjekt å kunna nytta coveret til dei andre prosjekta mine der eg gir frå meg cdar. Til dømes originalar, bryllupsbilete, kopiar m.m. Eg heller vel litt mot diskett med den vetle papirbiten øvst, det tenker eg som eit felt der ein kan skriva på kva cden inneheld.

Og eg tenker meg eit slikt cover som ein berre glir cden inni. Veit no ikkje kva dei heiter, men sånn hardpapp iallfall.

Tja. Men eg er berre i ideprøvingsfasen no, så her kjem sikkert fleire døme. Liker å ha ein personleg touch på dei tinga eg leverer frå meg. Anten ei lita helsing eller ei teikning eller, ja. Ei av mine styrkar i bedrifta mi er jo at all kommunikasjon vert personleg og nær. Det er jo eg som har alle oppgåver i verksemda, og eg vil følja opp kundane mine med eit slikt personleg nærvær. Då er det ekstra fint med nokre slike gestar. Trur eg.

Kanskje eg skal få meg eit stempel, og berre stempla logoen min på heller.. Og legga meir vekt på papiret cdcoveret vert laga i… Eventuelt gi det ein struktur. Eg er glad i struktur. Eg prøver det som neste utkast.

Her er nr 1.

cover_hildring_01

Maritime greier

7 Nov

Eg har eit fotoprosjekt på g, eit maritimt. Har vel nett så vidt nemnt det i dette innlegget. Eg har mykje råmateriale å ta av, samstundes som denne «samlinga» mi stadig veks. Slik er det kanskje å bu ved sjøen.

Men eg leikar meg med bileta. Tøyer grensene for kva som er ok, kva som er eit godt bilete, motiv og for kva som vert FOR tullete. Men eg syns det er ok. Eg må leika meg litt med sakene mine, då lærer eg og har det kjekt. Viktige greier.

Her er nokre av mine …mest på kanten… bilder. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om dei enno, men eg likar fargane, og liker at motivet vert omgjort til former (som er heilt naturlege, fordi det er jo naturen som vrenger dei slik) og at det som gjer motivet til det det er, er klipt vekk.

Svevande. I allfall i kategorien FOTOGRAFI. Det kan vel diskuterast om dette er fotografi, men det er jo igrunn det. Har berre miksa litt i fargane, elles er det heilt fotografisk. Kva er det Andy Warhol sa no igjen.. «Art is what you can get away with«. Kanskje det er det eg prøver på.

Han har også sagt; «Don’t think about making art, just get it done. Let everyone else decide if it’s good or bad, wheter they love it or hate it. While they are deciding, make even more art.» For ein mann. Eg tar med meg sitatet, og held fram med å leika fram motiv. Eg syns det er kult, so eg held berre fram – medan andre kan ta stilling til om det er bra eller dårleg.

 

 

 

Snapshots

1 Nov

Frå arbeidet so langt. Og eg er ikkje heilt ferdig enno, så det lyt venta litt med publisering av den digitale mappa. Til i morgon. Fristen.

Men eg har kome eit stykke på veg, og orndna ein del på tingene eg hadde tenkt å ordna på. Eg kan vel ikkje sei at eg har den mest avanserte og innhaldsrike banneren til flashgalleriet denne gongen heller, men den passar iallfall litt inn i temaet på sida. Og det har eg latt vega mest denne gongen.

Det som gjenstår no er å fiksa nokre lenker, og legga nokre øvingsoppgåver i eit html-dokument. Ja, og skriva rapport. Hei, skål, liksom!

Her er noko av prosessen i screenprt.

This slideshow requires JavaScript.

Alt skjer i «mellomtida»

24 Okt

Til dømes fotografering. Eg er spent på korleis Kvinnherad Fotoklubb gjer det i denne bolken av NM i foto (regi NSFF), meg sjølv inkludert. Resultata vert offentleggjort 13.november. EXCITED!

Men attende til mellomtida. Eg har ein maritim ide eg jobbar med. Tykkjer det er så mange spanade uttrykk å oppdaga, dersom ein brukar kunnskapane ein har om teknikk på ein kreativ måte, og ikkje tviheld seg til «reglane» for kva eit godt bilete er.

Eg har alltid vore glad i å tenka utanføre boksen, og fotografering er intet unnateke. Eg vert som ein trassig unge, og dersom nokon seier til meg; her skulle du hatt denne i det gyldne snitt! Eller; Her er fargemetninga litt vel høg, litt for mykje utbrente parti, eller likande – ja, då gjer eg det tvert motsette. Eg PRØVER å gjera denne eigenskapen om til noko positivt. Bruka den til å våga meir. Bli meir unik i uttrykket mitt. Smetta under dei verste «reglane».

Det er litt av tankane mine bak min maritime ide. Eg var på sjøen, i båt, og det var bølgjer. Med kort lukkertid og liten dybdeskarpleik gjer det ikkje stort å vera i ein bølgjande båt. Men eg gjorde det tvert motsette. Lav ISO og største dybdeskarpleik. Og då fekk eg mellom anna dette.  Eg tykkjer det er magisk.

Ny oppgåve utlevert – HURRA!

29 Mar

Eg elskar måndagane det dett nye oppgåver inn i moodle. Då har eg noko konkret å bryna meg på, etter mykje dulling og prøving og feiling på eiga hand. No har me fått ut oblig 02 – LOGO. Eg har gledd meg til denne – og det var den som i si tid haldt meg vaken då eg først byrja studiet her. Eg fekk jo ein idé midt på natta, og sjølv om eg ikkje hadde fått oppgåva enno, sette eg meg ned og drodla i illustrator. KJEKT!

Men no, når eg les oppgåva, tenker eg jo at eg må gjera dette på nytt, med øvingar og tankar først, ikkje byrja på slutten og fantasera meg fram til bodskap og konkurrentar i etterkant. Difor legg eg ut den logoen eg laga då her no. Men eg kjem nok til å gå for sjokolade, og eg kjem nok til å kalla den NOMNOM. Kvifor har ingen laga ein sjokkis som heiter NOMNOM før?! Galskap!

 

Dette er altså ein elegant innpakka sjokolade i kvadratform. Den er mørk med hint av kokos og kanskje litt chilli. Litt eksotisk og veldig god 🙂 Eg ville definitivt kjøpt den! Og eg trur den ville blitt min favoritt (og når den kanskje ikkje var heilt favoritt lenger, hadde eg berre lansert nye smakar, og den ville levd på mi tunge for evig og alltid).

Men i dag – logohunting. For eit herleg liv!

 

(Denne logoen er forresten laga med fargar i CMYK.)

Skisser i fleng.

16 Mar

No har eg laga nokre skisser som eg skal jobba vidare med til fargeleggingscollagen min. Det vart gjort i hyrten og styrten, og eg er ikkje særleg glad i å la skisser «ligga» som skisser… IK! Men reknar med det skal bli lett å legga den uvanen av meg.

Skissene er så mykje betre i hovudet mitt nemleg. Men slik vart dei etter ein kjapp kikk på idemyldringsnotatane mine frå innlegget under iallfall. (Ser ikkje bort frå at det kjem nye etterkvart!)

Idèskisser

Etter litt lesing av leksjonar på moodle såg eg forresten at eg ikkje skulle skriva ord om meg sjølv på abc-metoden, men IDÈAR. Det er to heilt forskjellige ting.. Men eg føler eg har nok å gå av likevel, samt at eg no er meir bevisst korleis metoden kan/skal nyttast. (Har jo i tillegg kalla det bokstavmetoden, men pytt. B a g a t e l l a r ).

No må eg berre «avgrensa» i hovudet mitt korleis Børge Bredenbekk inspirerer meg, og få bodskapet (den hemmelige ingrediens?) til å skinna gjennom til fargeleggingscollagen min. Eg har mine tankar og idèar, som eg har sove på både ei og to netter, og om eg får til å visualisera det i photoshop trur eg det kan bli kult.

Trur forresten det går an å sjå at eg er inspirert av mister Bredenbekk allereie i enkelte av skissene mine… Fytti, den mannen er RÅ!

1,2: Idèmyldring

15 Mar

No har eg tatt fatt på oppgåvene om idèutvikling. SPANANDE!! Eg likar å bli litt utfordra. So langt har eg kikka gjennom oppgåvene i vekeplanen, og eg trur eg har eit greitt oversyn.

Eg har brukt kryssmetode, tankekart og bokstavmetode når eg har idèmyldra, der eg fann kryssmetoden aller mest interessant i dag. Mogleg det var fordi eg fann dei artigaste kombinasjonane der, som vidare gav meg nye bilete i hovudet.

Her er iallfall bilete frå prosessen.

 

Ut frå desse tre metodane har eg kome fram til tre idèar til bilete som kan illustrera meg som kreativ utøvar.

Tankekart : Eit portrett av mine inspirassjonskjelder. Mine inspirasjonskjelder = meg. Fargerik collage.

2 Bokstavmetode : Abstrakt blyant – Blynten er ein viktig del av meg. Den lever sitt eige liv. Abstrakt blyant = beskjeling. Beskjeling = min fascinasjon for bøker, språk, bruk av ord. Abstrakt blyant – fleire tydingar.

3 Kryssmetode : Hjernebok – Hjernen min er ei bok – mi bok, som eg lagar illuastrasjonane til. Ein er sin eigen lykkens smed-ish. Hjerneboka samlar historiar og erfaringar. Eventyr og fantasi.

I natt jag drømde….

8 Mar

nogot som jag aldri drømd førut.

Eg drøymde om logoar og nye sjokoladar. Jepp, eg har latt meg inspirera av andre MMD studentar sine oppgåver, og har byrja løysa dei medan eg søv. Lurt?!

So når eg hadde ein fridag, tenkte eg at eg måtte prøva meg litt på å laga logo. I illustrator… som eg er LITE kjend med. Og herregud som eg har fomla! Fekk tilslutt sett saman ein enkel og i grunn smakfull logo i nokre ulike variantar. Sjølve namnet og drodlinga mi fram til layouten er eg nok mest nøgd med. Samt at eg har fått øva meg litt. Eg er jo totalt grøn i adobejungelen (har berre vore innom photoshop), so det er jaggu godt eg berre studerar deltid, so eg får sett meg skikkelig inn i programma me nyttar medan eg ventar på nye oppgåver.

Skulle vel igrunn lagt ut ein smakebit på logoen min, men det får venta til eg faktisk gjer oppgåva. Legg heller ut noko anna.

Kjenner forresten at eg er veldig utolmodig på å koma meg vidare. 50% studie er i minste laget for lærehungeren min. (jada, eg veit eg kan læra masse sjølv om eg ikkje har ei oppgåve å jobba med… får snart siste rest av pensumbøker i posten, so då får eg vel mata på med lesing til eg ikkje er so svolten lenger.)

Fann forresten ei spanande side med tutorials i går; www.gomediazine.com