Archive | mai, 2012

Oblig 08 levert

29 Mai

No gjenstår det berre å posta nokre fleire øvingsoppgåver, så er det sommarferie frå studiet. Kjennes heilt ok. Eg har blitt ferdig med obligatorisk oppgåve 08 i dag, og rapporten er levert, fire dagar før frist. Det er så inderleg fint med alt som er gjort!

Har ein ekstra motivasjon for å bli ferdig før fristen i at eg reiser på fototreff på torsdag, med foredrag og utstillingar, ekskursjonar og sosialt samvær. Håpar veret held seg sånn cirka, so må jo dette bli fett. Ekstra kjekt er det om mitt nye kamera er på plass til eg reiser også, og blir det som posten seier, er det ein 5d mark II som vert pakka i sekken på tur. Awsome.

Held fram med mitt illustrasjonsprosjekt med fuglane, og leverer i dag ei siland. Fin skapning å feira snart sommarferie med.

Fugl på fjell og i skog

28 Mai

Om ein kan sei at eg har fritid er det iallfall dette eg driv på med då. Har alltid hatt ein fascinasjon for fuglar, og her er ein av dei, ein Glente på fjell.

 

Og ein annan, Svarthaledykkar.

Oblig 08

22 Mai

Olala, det hjelpte visst å møsa litt om rådvilla og fortviling! Vips, så løyste det seg, og alles gut! No virkar alle lenkene som dei skal, eg har ikkje trøbbel med serveren, og eg trur eg er nøgd med min nye enkle nettstad (oblig 06), mitt fotogalleri (oblig 07) og med banneret og flashy layout på fotoessayet (oblig 08).

Det skulle vera med ein enkel animasjon i banneret, og den gjorde eg så enkel som overhovud mogleg, men eg syns det vart greit. Ein liten stjernerad, laga som movie clip, samt ein usynleg button slik at eg fekk linka det opp mot galleriet – som ligg som ei sjølvstendig html-side. Puh!

Og min enkle nettstad vart jo mykje enklare å forholda seg til no. Same innhold, berre litt ny innpakking. Heilt ok, sjølv om eg kanskje skulle ha tona det litt ned. Litt sprelsk kan ein no vera, spesielt når det snart er ferie.

Her er lenka til min nye enkle nettstad, med integrert banner og lenke til fotogalleriet.

Thomas Edison

22 Mai

«Rådløshet og utilfredshet er de første forutsetningene for fremskritt»

Då er eg jo eit praktdøme på framskritt – både med prosjekt, obligatorisk oppgåve og i livet generelt om dagen. Rådlaus og lite nøgd atm. Ting vil ikkje virka som dei skal. Gah!

IT’S LOST!!!

16 Mai

Ohnoes. Eg har mista teken i html. Basert på tilbakemeldingane eg fekk på oppgåva, hadde eg tenkt å berre gjera nokre små endringar i css, og byta ut headingane mine med noko anna kult. Men eg har visst gjort det vanskeleg for meg sjølv, med toskete marginar og plasseringar av boksane mine. Typisk. Eg klarte å rota det skikkeleg til for meg sjølv, og fann ut at det beste kanskje var å legga inn innhaldet mitt på nye sider. Som tenkt, så gjort. No er eg i gong med litt nye html-dokument, med mykje godt det same css-sheetet som før. Håpar på at eg får marginane til å stemma denne gongen, og at det ikkje blir teit å gjera so mykje nytt.

Her er min nye header – enn so lenge iallfall.

Banner til oblig 08

13 Mai

Ei av oppgåvene som skal løysast til oblig 08 er å laga eit banner til flashgalleriet som skal integrerast i oblig 06 – enkel nettstad (fotogalleriet inneheld fotoessayet frå oblig 07).

Eit banner er ei lenke – ei slags annonse – for å reklamera for ei ekstern nettside. Eg spelar her vidare på mine runde former, og har nytta eit utsnitt av eitt av bileta i essayet som motiv. Då gir eg ein smakebit som forhåpentlegvis vekker interesse, og gjer at folk ønskjer å sjå meir. Fanga merksemd er vel heile vitsen med eit banner?!

Eg har nytta fonten Haettenschweiler i banneret – ein font eg tykkjer har litt edge, samstundes som den er tydeleg, leiken og er godt lesbar. Stilmessig passar den då inn til fotoessayet mitt, og med litt planlagte justeringar på min enkle nettstad, vil den gli greit inn der og. Stjernene har eg putta på for litt meir edge, samt ein kontrast til elipsane.

Her er den.

Oh, utan nett igjen. Kabeltull og formprinsipp

11 Mai

Formprinsipp, utført i flash. Kontrast, rytme, balanse og rørsle. Skulle kanskje nytta linje i staden for rørsle, men akk, nei.

Har lagt flashfila opp på Deviantart, som vanleg når det gjeld flash. Kunne jo nytta studentsida mi til opplasting av slikt, det skulle eg nok hatt meir øving i uansett. Men den tid. Plutselig!

Har forresten nytta elementa frå Kvinnherad Kulturskule sin profil, som eg laga til dei i prosjekteksamen grafisk. No er dei i gong med å nytta plakatane eg laga, og då kjente eg at det var tid å bruka elementa på ny i denne.

sjekk ut flashen min her!