Arkiv | august, 2012

Øvingsoppgåve 10.1 – Nettstad for rekneskapsfirma

31 Aug

REKNESKAPET

No har eg fomla i kodar, leita meg grøn mellom html og php og css. Har iallfall fått til noko av det eg ville, sjølv om det ikkje ser særleg fint ut… Det som er verst er å vita kva filer ein skal endra på – noko som for min del resulterer i ein del leiting. Men jøsses, eg fant det ut, og har lagt inn informasjonen slik. Om boksane ikkje ser heilt fenomenale ut, er det berre estetikk. Det skal eg ta etter kvart. I denne oppgåva var det mest å finna ut av ting, prøva å feila. Det har eg iallfall gjort. Mission completed.

Veldig nøgd med grafikken her forresten – hirrhirr. Ein stabel med enkle kroner og handskriven logo er med på å gjera Rekneskapet til din ven. Nært og personleg. Hirr. Det blå fargetemaet er sjølvsagt eit symbol på rikdom og velstand.

Advertisements

Ein svevande fredag. Og wordpress.

31 Aug

Jesus. Eg balar med html igjen. Eg har jo fått eit heilt anna syn på kva wordpress ville vera, men når eg skal vera sjefen over kodane.. vel… då vert eg frustrert og endar opp med å kikke på sko.

Den som hadde vore steinrik og kunna kjøpt alle desse skattane!! Gje meg krefter. Eller sko.

Ein dag i lokalaviso

29 Aug

I dag har eg gjort litt for å fylla lokalavisa. Eg syns det er like stas kvar gong, ein barnsleg glede – I love it!

Både annonsa til Kystdagane på Sunde, og bilete frå fototuren me hadde med Kvinnherad Fotoklubb til Sandvoll førre veke. Mitt bilete er nedst til høgre.

Og som ikkje det var nok, står eg jo i tillegg i programmet, med bildeserien eg skal ha under kystdagane. Staseleg!

Fotografiets dag

26 Aug

I dag er det fotografiets dag – og tema er amatørfotografen. Spennande greier, og eg får forhåpentlegvis med meg NSFF si jubileumsutstilling «Drømmen om det perfekte bildet» i Horten neste helg. Vil tru det er ei spanande utstilling, både til inspirasjon og motivasjon for å delta i NM i fotografi seinare i haust.

Fotografiets dag kan ikkje gå forbi utan foto her på bloggen, so eg postar nokre eg tok no i helga. Fint på sjøen. Bileta er uredigerte.

This slideshow requires JavaScript.

 

RIF parken

26 Aug

Då det skal reisast fritidspark i bygdo, er dugnadsanda stor. Eg har laga logo og side på facebook til no, og er superspent på kor mykje aktivitet og glede parken vil skapa då den vert reist om ein månads tid. Staseleg!

skisse

No er det ei lita veke att til eg har gjort jobben min for Kystdagane på Sunde, og då skal eg ta opp att skulearbeidet for fullt. Promise to self.

Fototur til Sandvoll

21 Aug

Deilig med litt turar der ein tar bilete. Oppsøker stader ein ikkje har vore før. Ser etter mønster og grafiske snitt om skapar stemning. Sjølv om ein vert oppeten av mygg undervegs…

Der ein oppdagar magiske speglbilete i eit blikkstille vatn. Som dette motivet. Eg likar det.

Første bryllupsfotografering – vel overstått!

17 Aug

No er eg heime frå bryllupsfotografering i vakre Beograd, Serbia. Gosh, so mange minne og bilde eg sit att med. Eg er veldig takksam for å ha fått vera med på moroa, litt spesielt då ein vandrar på ein diger festning for å leita etter location (les:skugge), eller står under dei flotte utsmykkingane på den norske residensboligen. Fytti katta. Det var magisk.

OG – for eit herleg ektekjærestepar å ta bilde av! Mykje lott og løye, og heilt perfekt for mitt første oppdrag i den gata. Heldige meg har allerie fått forespurnad på fleire bryllup til neste sommar, hurra!