Arkiv | april, 2011

Fy fasan. Nettstudine utan nett er berre ei studine…

28 Apr

Veka før påske klarte ein sambygding å køyra i hel teleboksen som gir oss nett, og vips – eg vart skjerma frå mitt vetle blogg- og skuleunivers, facebook, nettbank og heile mirakkelset.

Eg gjorde sjølvsagt det beste utav situasjonen, og gjorde dei oppgåvene eg visste eg skulle gjera, og reiste på påskeferie. Fett nok.

I dag kom nettverkslampen på igjen, og både eg og husbonden vart so yre at me la ut på årets, eller mitt livs mest insane fjelltur. Malmangernuten 850 moh. Kanskje ikkje so høgt, men j…. bratt, både på opp og ned. FYTTIKATTA! Beina mine er gele, og eg har fått årets første solbrente skille. Heldigvis hadde eg kamera og godt mot.

MEN! over til meir skulerelaterte greier. Eg har teikna perspektiv, både topunkts og eitt. Eg er rusten i perspektivteikning merka eg, og gjorde det ikkje lettare for meg sjølv med å finna eit topunktsmotiv som ikkje var i vater ein plass. Men slik vart resultatet av skissa mi. Eit sjarmerande bygg i røynda iallfall.

Og her er vegen eg teikna. Forsvinningspunktet ligg langt borti vegen der som eit kryss, til motsetning frå huset, der kryssa mine ikkje kom med på biletet.

Når eg i ettertid har fått internett tilbake, og kunne lesa oppgåveteksten betre, forstår eg jo at eg for det første mangla iallfall ei perspektivteikning, so den må eg koma tilbake med, samt at eg kanskje ikkje har klart å halda meg til «strekteinkingar».

Men slik gjekk eg iallfall fram:

Gjekk meg ein tur til Baroniet, der eg fekk sett meg ut nokre ok motiv til perspektiv. Eg tok bilder av desse for å ha noko å gå tilbake på når eg teikna. Laga horisontlinje og forsvinningspunkt før eg byrja å teikne, og jobba meg fram til avstandar med å måla med blyanten på avstandar. Skissa lett, og teikna litt over styr på det vetle huset, med skuggar og det heile. Litt vel detaljert, men skal passa på å begrensa meg på neste.

Altså; denne posten vil be continued.

…det er jaggu godt å vera attende. No må eg skifta gir og slepa meg etter de andre. Nemleg.

Malmangernuten, 850 moh.

Ein dag i nær framtid skal eg posta litt fotos som eg har fått samla meg til arkivet 🙂 Kunnskapane set seg litt etter litt, og eg elskar det!

Skuggeteikning

14 Apr

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er eit knippe av mine skuggeteikningar, som me skulle teikna i ei av øvingsoppgåvene våre. Kjekt! Men dette har eg jo drive på med lenge. Me haldt vel på slik som dette i eitt halvt år (minst) på kunst og handverk, so det gjer jo dette til gamalt nytt for meg.

MEN! øving har eg alltid godt av. Eg blir nok aldri utlært, so dette ser eg på som ubetaleleg påfyll.

Eg har vel aller mest skravert på vanleg vis, samt ei teikning der eg fokuserte på negativt rom, berre at eg viska vekk lysområdene med knettgummien min. Eg grumsar alltid arket til med å legga neven min i kullet, for deretter å dra det med meg uansett kor eg teiknar, so  det vart litt grått å viska vekk (eigentleg skulle jo alt inni sjølve koppen vera kvitt, men so fekk eg ein ekstra effekt der. Laga til slutt ein blyantstrek inni. Kunne ikkje dy meg, for der var jo koppen heilt svart…

Eg brynte meg også litt på øvingsoppgåva for å kutta ut venstrehjernen min. Dette med den same kaffikoppen som i skuggeteikningane. Her ser de korleis det gjekk.

På den nedste skissa har eg laga ein runding der "ferda" byrja, og eit kryss der den enda, berre for å syna. Eg tenkte i utgangspunktet at eg ikkje skulle ta blyanten frå arket, og det gjorde eg altså ikkje...

Under øvingane har eg benytta meg av min H-blyant, knettgummi, papir, ei kraftig lommelykt, ein kopp og eit cocktailglas – sånn for å gjera oppgåva ekstra festleg. Ei av utfordringane mine her var å finna ei ryddig flate….

MEN! Teikneøkta var god som gull. Eg trur eg må øva meg meir på form. Eit mål er jo å kunna teikna kva det måtte vera, og vanlegvis teiknar eg ikkje koppar eller glas. Sidan alt rundt oss er bygd opp av ulike grunnformer, ser eg eit stort poeng i å trena auga opp til å få auga på desse.

I tillegg hadde me jo ei utfordring i å variera lyskjelda, noko som gjorde at forma vart oppfatta ulikt etter kor lyset kom frå. Eg kunne kanskje ha flytta på lyskjelda utan å flytta på koppen når eg tenker meg om, men eg flytta no på begge deler etter kvart.

Eg reknar med at me fekk denne oppgåva på grunn av å bli oppmerksom på form og lyssetting, noko den har gjort for min del. Frå før har eg jo dette i bakhovudet allerede, men ein oppfrisking kjenner eg kom godt med. Gler meg også til den dagen eg klarar å kutta ut all min fornuft når eg teiknar ein teikning, og berre nytta augo eller «augo» mine. «Augo» mine er dei eg nyttar for å illustrera dei bileta eg har inni meg. No er det mange av dei…

Tidlegare skraveringsøving. Trur eg brukte opp eit heilt skrin med blyantar på denne...

 

Og her; ein digresjon.

9 Apr

God helg.

Logo; research

8 Apr

Her er eit utval av mine sjokoladekonkurrentar.

Eg tykkjer det er få som skiljer seg ut med symbol, her er kanskje LION ein av dei som har løyst dette med eit slikt kjennemerke. Elles er typografien løyst heilt ulikt hos dei ulike sjokoladane, medan t.d. Freia har same layout på alle sine sjokoladeplater (merk: plater), med svai i bakgrunnen og ulike versjonar etter kva sjokolade det er. Ein ok måte å relatera produkt til kvarandre. Denne har også Milka.

Ellers merka eg meg at dei utanlandske sjokoladane eg fann i researchen min hadde eit enklare, meir stilreint uttrykk. Ofte også med eit delikat foto av sjokoladen inni pakken. Slikt gjev eit meir eksklusivt preg, og eg kan tenka meg at desse sjokoladane er dyrare enn vår HOBBY (som er drita god – sjølv om designet er litt harry – i positiv forstand). Det er også mogleg å gjera det som den herlege krembanansjokoladen – å laga logo og layout som passar på ein sjokolade med form som ei banan. Det er gjenkjenneleg, originalt og gøy.

Og sidan eg vil ha sjokoladen min i daglegvarehyllene, må eg altså konkurrera med desse fargerike Freia- og Nidarsjokoladane som me har so høgt i kurs her heime. Stikkord; klare fargar, kort logo, assosiasjonar, smak, glans vs. matt, gøy.

Her er sjokkiscollagen min, som syner eit knippe av mine framifrå konkurrentar (både utsjånad og smaksmessig ;-))

…no fekk eg lyst på krembanan…..

Digitalisering av H Æ J.

6 Apr

Som fersking i illustrator syns eg arbeidet med å digitalisera bokstavar har gått rimeleg ok. Det einaste eg har orka å gjera i dag har vore å kvilt og trykt på pcen (og synast synd i meg sjølv, ofc..), på grunn av ei lei influensaliknande sjuka eg har hengande over meg. Men dette er no ei byrjing i illustrator om ikkje anna. Har forstått prinsippet med pentool, sjølv om eg ikkje meistrar den 100%. Enno.

Her kjem bokstavane frå Bodoni.

Eg gjorde som alternativ to på videoleksjonane, og laga eit nytt layer for kvar bokstav. Tykte det såg kjekkare ut enn å traca skissestrekane. Iallfall i dette høvet. So eg teikna altså over skissa mi (som då vart layer1), som eg etterkvart som formene kom fram gjøymde, slik at eg kunne fokusera på å gjera bokstavane fine i forhold til seg sjølv, og ikkje i forhold til skissa mi – som var fin som skisse, men skeiv og grusom som underlag for nye bokstavar.

Stressa litt med minusklane h, a og e, spesielt då eg skulle fylla dei med farge. Då vart det farge inni over alt, men det kom seg til slutt. Elles veldig nøgd med den vetle avsluttingsseriffen på a’en. Kor søt vart ikkje den?! 🙂

Men eg må øva meir.  No doubt about it!

 

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Øving gjer meister seier dei…

Skrifttype – familiar

5 Apr

Her er min vidareføring  av dei smekre bokstavane H Æ og J. Grunna vår nordiske Æ, byta eg denne ut med A og E der det ikkje var noko Æ i skrifttypen. Fontane eg enda opp med valte eg ut grunna dei ulike trekka, eg ville ha fram eit lite historisk perspektiv, samt eg tykte dei var estetisk fine. Som eg nemnde i førre innlegg, heller eg svakt mot antikva. Trur det er grunna den tyngden og elegansen dei uttrykker. (Og so er eg veldig glad i runde prikkar over i og j.)

Her kjem skissene mine.

Garamond er ein diagonalantikva av den gamle sorten. Familien vaks fram på 1500-talet, og er framleis godt brukt med sine tradisjonelle, mjuke former og seriffar. Fontane i diagonalantikva er lettlesne, og difor ofte nytta i bøker. Eit karaktertrekk her er at seriffane går fint bua over i grunnstrek og hårstrek. Denne familien høyrer heime i renessansen, og har arva mykje frå handskrift.

 

Bodoni er ein vertikalantikva frå midten av 1800-talet. Denne familien er elegant i uttrykket, og eitt kjenneteikn er dei tynne seriffane og hårstrekane. Denne skriftfamilien vart til etter kobberstikkets teknikk. Noko som derimot ikkje kjem fram her i skissa mi, er at denne familien har ein større kontrast mellom svart og kvitt, enn det eldre antikva har (som ovanføre).

 

Franklin Gothic Book høyrer heime i familien primform, ein noko eldre font enn Futura under. Fontane i denne familien vert ofte nytta i tidsskrifter og liknande på grunn av sin lettlesne vesen. Grunnstrekane er kraftige, og fonten er ganske stor.

 

Denne skrifttypen heiter FUTURA, og høyrer heime i geometrisk form. Dette inneber, som nemnet tilseier, bokstavar utsprunge frå geometriske former. Det tenkte eg også då eg skissa desse – at dette kunne eg ha teikna som ein sirkel, ein firkant eller trekant. Grunnstrekane er noko meir nette enn på Franklin ovanføre. Denne typen gjer seg godt på til dømes bokomslag og liknande. Som eg har skrive på skissa er dette ein sans-seriff.

 

Her er eit snabblaga «tre» med oversikt over dei ulike font-familiane. Eg skulle vel eigentleg ha nytta fontar som synte døme på dei ulike inni dei nederste boksane, men det vart heller ein terminal font.

Typografi Analogt

4 Apr

Eg har valt meg tre bokstavar i alfabetet – H Æ og J. Eg meinar dei har grei variasjon seg i mellom, og har skissa både versalar og minusklar om ein annan i diverse fontar. Denne aktiviteten vart eg bannlyst frå då eg gjekk i grunnskulen, for det var bokstavar og teikningar über alles, og då eg drodla som verst, fortalte stort sett lærarane interessante saker som eg diverre ikkje fekk med meg…..

Men den gongen gjorde eg det berre. Tankelaust og fritt for informasjon om typografi, det metriske system, Johan Gutenberg, antikva og, eller grotesker. I dag har eg kun tenkt  T Y P O G R F I  då eg har skissa. Og prøvd å læra meg det gode reglementet for god typografi (mellom anna).

Kanskje best av alt – eg kan no skilja serif og sans serif frå ein annan, har fått auka vokabularet mitt når det gjeld typografi, sett døme på god og dårleg typografi til dei som skal lesa – óg henta ut kunnskap – seint på kveld, etter ein lang dag med jobb og familie og husrydding og ALT.

I dag føretrekte eg altså grotesk skrift i små bolkar. Ikkje det beste leselyset her på kjøkkenet heller, so den robuste forma på til dømes VERDANA var mest lettlest. Fine illustrasjonar på diverse typografi i «Innføring i typografi» altså! Eg trur eg har lært ein del 🙂

Og sidan eg har skrive på kva font og familie bokstavane mine høyrer heime i på skissearket, let eg det vera som so i dag.

 

 

Forresten so har eg eit betre forhold til seriffar til vanleg. Når eg skal skissa og slikt. Dei er so fjonge og tiltrekkande. Eg likar det litt pompøse eg, og enklare enn ariel vert det jo knapt. Men som den siste arial HÆJen min syner, so har eg ein kjærleik for groteskar også. Synthpopen har jo gjort dette til The New Wine, om eg kan sei det slik.. 😉