Arkiv | mai, 2011

Oblig 3 – ein start

31 Mai

Mrs. Innocence

She went out to get some magic cigarettes
She gone drifting her head in the clouds, then they blew away
What goes up must come down one way or another
It’s the same every time, wheels within wheels

Trying to lose that Sunday feeling
Friday nights are way too long for her to leave it alone

Tongue tied, hands trembling, her bed is sailing out
On the seas of woe, she’s sinking slowly, heading for the bottom
And the colours are fading, her life seems all black and white now
Wishful thinking, the best way to go down

Find an excuse, Mrs. Innocence
Like a child you never learn ’till the damage is done
Trying to lose that Sunday feeling
She has fallen in between and the river says:

Long gone, yes it’s long gone,
I guess it’s long gone, Mrs. Innocence

Dette er teksten eg vil illustrera til oblig 3. Sangen er så inderleg fin, og gruppa som syng heiter Margfolket. Musikken deira befinn seg på eit draumande plan både i tekstane og i sjangeren. Dei kan ikkje setjast i bås på noko måte. Her er element av fantasi og røynd som gir assosiasjonar til både det abstrakte og eksistensielle. Rart korleis dei får det til! Her er element frå showmusikk, jazz, klassisk, tango og folkemusikk – det er vakkert!

Eg har valt denne teksten på grunn av at eg kjenner meg att. Kan lett identifisera meg med heile låta, det å akseptera at det som er skjedd er skjedd og at verda likevel står og tar i mot med opne armar, klar for kva enn sprell som skal springa ut frå mitt mystiske indre. Samt kor sårt det er å innsjå at Augneblinken – som garantert var oppslukande, lidenskapeleg og inderleg full av spontanitet og kjærleik – er over, og ein må gå vidare… Born taklar dette på den mest finurlege måten, og eg håpar at  eg – som eit barn – aldri lærer!

Eg kunne ha skrive ein roman om mitt eige liv, berre inspirert av denne teksten. So då gjenstår det å sjå om eg får zippa ned alle mine tankar og idear til ein ok illustrasjon. Tankekart comming up next.

Sjekk ut Margfolket her; http://www.myspace.com/margfolket

Advertisements

Foto – eg gir meg ende over.

29 Mai

Eg er hjelpelaust fanga i det store nettet til fotoarkivoppgåva. Eg kjem meg ikkje utav det, og alt eg gjer skjer i frå midten av fotonettet. Eg har ikkje sjans til å koma meg fri, so alt eg gjer, gjer eg frå dette nettet. Det er nesten so gale at eg held på å bli sprø.

Heilt i mi eiga verd er eg, og gubben spør (han gir seg sikkert snart, for han veit kva svaret vert likevel) kva eg tenkjer på. Det er alltid fotooppgåva. Kva motiv eg vil oppsøka, arrangera eller håpar eg er so heldig å plumpa over.

No har eg planlagt sommaren opp til kva motiv eg skal oppsøka, og aller helst skulle denne vore lagt til ein eksotisk safari med levande løver, elefantar og menneske med fargerike folkedrakter – heilt ulikt det ein finn i Noreg. Men det vert nok ikkje safari i år. Eg får heller vera flink å holda augo opne for kvardagens unike utsnitt. Her er eit utsnitt frå mi eiga stove, eit bidrag til kategorien kontrast.

Joda, dette er ein redigert versjon. Ein liten justering i curves, so vart kontrasten med eitt hakket større enn i originalen. Nesten litt poetisk tykkjer eg 🙂

Lucky Pigs vs. heldiggrisen meg

28 Mai

I går var eg på ein smukk konsert. Så smukk at eg nesten manglar ord! Lucky Pigs leverte godsakene til Pink Floyd på ein fenomenal måte. Eg vart inderleg varm om hjarta og digga ut i dei seine nattetimar.

Hadde sjølvsagt kamera med og her er ein smakebit på kva eg fekk plass til på minnekortet.

Eg har forresten kjøpt meg eit nytt minnekort i dag på 8GB, so no kan eg reisa rundt med kamera utan å måtta sletta bilder undervegs. Trur eg.

Over asken er himmelen alltid blå

24 Mai

Fint å sjå aska som drysser over øyane midt mellom regnbyger og storm. Heilt ok, liksom.

AV-innstillingar: 1/5 sec    –   f18    –    ISO:100

Sesongmønster – ei øvingsoppgåve

24 Mai

No har eg jaggu lagt mitt første mønster. KJEKT! Kanskje ikkje det mest originale eller unike, men då oppgåva var å ta utgangspunkt i bileta eg tok til «blenderopning – nærbilete», var det dette eg hadde til rådighet. Slengte også på eit lite sitat av Bjørnstjerne Bjørnson; Jeg giver mitt digt til våren, sidan det er so vakkert sagt og sidan min sesong er vår.

Bileta eg tok utgangspunkt i er dei av jordbæra og kvitveisen i innlegget under. Eg opna dei i illustrator og teikna i eit layer over med pentool. Eg teikna dei to kvitveisane kvar for seg, og la dei inn i eigne dokument, der eg jobba vidare med dei. Eg ville ha ei rein vårstemning i mønsterrapporten min, so eg gjekk for lette pastellar, medan kvitt og grått vart bakgrunn og kantliner.

I fargeprosessen nytta eg enkelte artistic brushes for å få fram meir feelingen av vår og letthet. Dette gjorde eg i stilken på den eine blomen, skugge på jordbæret og i teksten.

Teksten er mi eiga handskrift, skrive i kladdeboka mi, scanna inn på pcen, opna i illustrator og vidare har eg teikna oppå med pentool, slik som eg gjorde med dei andre motiva. Tykkjer det er ein veldig ok måte å jobba på, og det er veldig greitt å kunna skjula dei lagene som ein ikkje vil ha framme, samstundes som det er veldig greitt å ha eit utgangspunkt til formene ein vil ha fram.

Fargepaletten min er denne:

Her er elementa eg har med i mønsteret mitt:

Sitat av Bjørnstjerne Bjørnson

Desse elementa sette eg saman i photoshop. Først laga eg eit utgangspunkt med teksten, ein blom med stilk og to av den andre kvitveisen, berre i ulik storleik. Når eg hadde klipt og limt (som videoleksjonane viste på dugande måte), putta eg på ein forminska kvitveis med stilk og jordbæret i det opne rommet, slik som dette:

Deretter gjekk eg inn på define pattern, opna ny fil som var tre gonger så stor som den eg hadde jobba i, laga ein markering over heile det nye dokumetet og fylte det med mitt nye pattern 🙂 Lett som ein plett!

Og slik som dette vart resultatet. Eg er nøgd. Dette må eg gjera meir!

Ferdig mønsterrapport!

Lukkertid

22 Mai

Ei øving i korleis frysa biletet med kort lukkertid og korleis laga illusjon av rørsle med lang lukkertid.

Eg tok med stativet og gjekk til ein av våre lokale småfossar – Hattebergsfossen – for å ta bilete med lang lukkertid. Sjølv om sjølve framgongsmåten er lett, er det ikkje berreberre å ta slike bilete. Nokre av utfordringane eg møtte på ved fossen var at ulendt terreng gjorde det vrient å setja stativet støtt og å få fotografert frå rett vinkel og alle dropane som trefte linsa under fotograferinga. Erfaringar eg tar med meg vidare.

LANG LUKKERTID

1/13sec f/5,0 ISO: 400

1/10sec f/36 ISO:100

1/5sec f/22 ISO: 100

KORT LUKKERTID

1/2000sec f/3,5 ISO: 400

1/4000sec f/5,6 ISO:800

Eg har i tillegg til fossen tatt med menneske som motiv, både fryst og i rørsle. Kamerainnstillinga eg har nytta og blitt kjend med i denne oppgåva har vore TV, ei innstilling eg knapt har våga meg bort i tidlegare. Eg har dog fått ein del spanande konsertbilete med TV, so heilt fjern har den ikkje vore. Utfordringa er jo å nytta lukkertida «rett» og medvite.

No forstår eg prinsippet, og har eksperimentert litt. Det skal eg gjera meir, for eg ser potensialet i slike bilete. Det vert litt meir fart og spenning når ein nyttar lang lukkertid, men når ein vil fanga eller frysa spesielle rørsler, og poenget er at desse skal koma skarpt fram, fungerer det med kort lukkertid.

Blender og manuell fokus

22 Mai

Målet med denne øvingsoppgåva er å gjera seg kjend med blenderen på eit speglreflekskamera, manuell fokus, og korleis ein kan nytta desse bevisst i fotografi. Eit overordna mål; læra metorar for kreativt arbeid, design og fotografi.

I’ll take it!

Eg har jo arbeidd med foto på frilans- og hobbybasis, men eg har aldri fortått meg på kamera før … ca no. Eg har klart å ta fine, sjølv nydelege bilete tidlegare, men det er nok no eg skjønar kva eg gjer og korleis ein nyttar dei ulike innstillingane på kamera. Det har kanskje noko med at interessa for foto har blussa opp til noko svært i det siste, eller at eg berre trengte boka til John Hedgecoe, med dei fine illustrasjonane om korleis kamera er bygd opp og fungerer.

Me skulle ta sesongbilete, so for meg vart det mykje vår, landskap og blomar. Her er iallfall mine bilete. Stor blenderopning = liten dybdeskarphet , liten blenderopning = stor dybdeskarphet.


STOR BLENDEROPNING

1/30 sec f/5,6 iSO: 100

1/50 sec f/9 ISO: 100

1/50 sec f/6,3 ISO: 100

1/100 sec f/5,6 ISO: 100

1/1600 sec f5/6 ISO: 200

1/125 sec f/8 ISO: 100

Eg har hatt kamera innstilt på AV på samtlege foto, og har ikkje nytta meg av stativ (som sikkert seier seg sjølv). Og sjølv om eg no har kome i gong med læreprosessen innan fotografering, veit eg at det er ein laaaang veg att mot målet. Turen dertil vert strålande. Kanskje eg melder meg inn i den lokale fotoklubben 🙂

LITEN BLENDEROPNING

1/500 sec f/9 ISO: 200

1/400 sec f/9 ISO: 200

1/25 sec f/36 ISO:200

1/10 sec f/22 ISO: 100

1/500 sec f/25 ISO: 160

1/8 sec f/22 ISO

Dei to øvste bileta i denne serien har ikkje liten blenderopning, men eg ville ta dei med sidan dei syner at landskapsbilete kan vera detaljrike likevel. Sidan det er så stor avstand mellom meg og motivet, og eg har nytta vidvinkelfunksjonen på kamera, er det ein naturleg skarphet i bileta.

Dei fleste landskapsbileta syner ikkje so mykje vår slik me førestiller oss den, men dei er tatt no, på regntunge, overskya dagar.