Arkiv | februar, 2012

Tre bilete frå «mobil enhet»

26 Feb

Eg var på båttur, og knipsa litt frå denne. Bileta skulle redigerast i layer adjustmentspanelet, for å få fram kontrasten mellom mørkt og lyst i eitt, eitt low-key/high-key bilete skal normaliserast, og eitt bilete skal konverterast til svart-kvitt for å få fram formene i biletet betre. Eg legg her ut alle bileta i svartkvitt, men etter dei nemnde redigeringsprinsippa, så originalane seinare. No stikk eg på ei ny reise med ein(fleire) «mobil enhet».

 

Auka kontrast mellom mørkt og lyst;

 

Jobba med å få fram formene betre;

 

Eit litt low-key bilete med ikkje alt for sterke kontrastar er blitt normalisert;

Advertisements

Redigering pluss tekst

25 Feb

Eg har vel ikkje all verdas erfaring med å kombinera tekst og bilde, så eg slo to fluger i ein smekk med dette biletet, som eg har tatt på veg over fjellet. Eg ønskte ein litt sånn filmavisen-feeling, så eg la på litt vertikal grain og jobba litt med ulike layers. Teksten har eg lagt til som linerar burn, og det er grunnen til at fargen på teksten endrar seg jo mørkare bakgrunn.

Elles er eg full av tankar når det gjeld fotoessayet. Håper eg får til alt eg har tenkt ut.

Her er originalen btw

Når ein redigerer bilete

22 Feb

er det greit å ha fine motiv å ta bilde av. Fine motiv treng jo i grunn ikkje redigering, og eg har tidlegare redigert veldig lite på bilete av dei søte små. Dei er finast heilt naturleg, men litt flikking på bakgrunn og liknande har eg gjort. Men no har eg lært meg litt om retusj, og sjølv om eg vil ta så gode bilete at det ikkje trengs noko retusjering, er det greit å kunna litt om det. Det er sic kva ein kan gjera i photoshop, det er jo ingen nyheit, men eg eg har altså ikkje sett meg inn i det før no, og eg seier det igjen… det er sic!

Her er nokre små før og etterbilder. Eg har nok overdrive ein smule innimellom, men dette vil nok sikkert justera seg når eg blir meir var på detaljane.

Slik gjorde eg det for å dekka over at bildet vart tatt på do… Ikkje særleg …flatterande. Men det var greit når eg kamuflerte toalettet med ein bakgrunn frå eit anna bilde.

Her er ei typisk skromlehøna, med prim på kjaken og gul tyggis i munnen, med eit noko kjølig vinterlys i biletet. Eg har dusa alt ned (litt FOR nedtona trur eg sånn etterkvart) og det gjev ein feeling av den glade barndom.

Uansett greit å øva seg på redigering i forkant av fotoessayoppgåva.

Ei appelsin i dagslys

21 Feb

No har eg laga meg eit provosorisk og lite heimestudio; midt oppå spisebordet (etebordet på nynorsk???), med ein kakeboks, kamerastativ, linstoff og skønt dagslys flaumande inn vindauga. Kamera er den gamle travaren Canon 350D, med mitt elskverdige objektiv EF 24mm 1,4II  USM.

Oppgåva lyder at eg skal lyssetja og fotografera ein ballong i eit kreativt heimestudio. Sidan eg ikkje hadde ballongar i hus vart det ei studie av ei appelsin i staden. Alle bileta er tatt innanfor same timen i døgnet, med sollys frå eitt vindauga og reint dagslys frå eit anna. Sollyset treff inndirekte bak appelsina og lagar eit lite skinn på bakgrunnen. Dagslyset er hovudlyskjelda som treff midt på.

Eg har stilt kamera inn med blender og lukketid (TV) og variert på desse i forhold til kvarandre for å få fram dei ulike eksponeringane. Det er fan-tas-tisk at det er mogleg å variera i så stor grad med det same lyset i rommet. Ein skulle ikkje trudd det. Men eg får gjera eit nytt eksperiment til kvelden, og sjå korleis appelsina vert sjåande ut då. Det er vel ikkje til å putta under ein stol at det vert litt andre resultat då. Spesielt dersom eg lar stativet stå som oppheng til linstoffet eg nyttar til bakgrunn….

Here goes;


Eit av momenta me skulle i oppgåva var å velga om me ville arbeida med high-key eller low-key og om det skulle vera høg eller lav kontrast. Eg er fan av kontrast, og har jobba frå high-key til low-key med høg kontrast i valørane.

Lysbruk i portrett dei siste 1000 år

20 Feb

Her kjem den eigentlege oppgåva. Den førre var berre ein liten teaser.

Lysbruk i portrett

Og her eit bilete eg har tatt i litt Tom Waits-stil, eller det vil jo sei Anton Corbijn stil. Men det visste eg ikkje då. Det var eit portrettfoto av ein lokal skribent/fotograf/tenkar, som er meir fascinert av Tom Waits enn nokon eg veit. Difor tok me bilete i slik ei ånd.

Lysbruk i fiskeportrett

19 Feb

Naturleg lys. Modell; rognkjeks (naaawww)

Natuleg skumring, høg eksponering. Modell; sjøstjerner – som sjøstjerner på ei snor.

Kva las du no?

13 Feb

Eg har iallfall lest den nye oppgåva som vart tilgjengeleg i dag – oblig 07, fotoessay, eg har sett ein strålande fin dokumentar om fotograf Anton Corbjin, samt lest ein del om (og sikla på) studioutstyr. Om nokon hadde spurt meg kva eg har lese, ville eg svart «berre gode ting».

Veldig greit å ha fokus på foto igjen, det er ei stund sidan sist eg har brynt meg særleg på det, sjølv om eg drar med meg kamera stort sett der eg er. Greit å ta bilete utan mål og meining – det vert attpåtil nokre blinkskot, MEN no har eg ein agenda, og DET er digg.

For å sleppa laus litt steam og frigjera litt underbevisst kreativitet gjorde eg mellom anna dette i dag;

Sjølv om bileta er ulike i stilen, går dei begge inn under min nykreerte, personlege serie – GØY PÅ LANDET. Her er ponni og Bodil – begge to veldig glade i kamera (det er ikkje tull, dei ELSKAR kamera – each and every time!)

Bodil er forresten ikkje så bad-ass som eg har framstilt ho her, elskar å bli klødd på kjaken og å gå tur med menneska på tunet. Eple et ho helst rett frå neven, og når me kjem heim på tunet, er ho der alltid med eit knippe brek og eit smil. Bodil er god!