Archive | juli, 2012

Baking og konsekvensane av baking

29 Jul

I anledning ein treårsdag har eg baka bursdagskake. Den vart fortreffeleg god – med friske jordbær og oreokakebotn – nam!
Konsekvensen var at eg måtte ta litt bilder av seansen, og redigera litt etterpå. Slik vart det.

Sweet!
Kakeoppskrifta finn du her.

 

Annonsering

28 Jul

På tide å annonsera litt for meg sjølv. Nytt føretak og iver etter arbeid.

Rosemønster

28 Jul

Eg er veldig glad i å laga mønster, og i dag høvde det godt med noko slikt. Det vart mønster utav eit bilete av ei av rosene i hagen, saman med trekantmønster i nedtona, men kjekke fargar. Eg er inspirert av kelimmønster om dagen, tykkjer det er heilt supert at desse flotte mønstera er blitt poppis igjen.

Eg føler eg kan kalla dette ein liten serie, her med grønt og gult som utgangspunkt. Mønstera er laga i photoshop og illustrator.

Den fine sommaren

25 Jul

Eg er kanskje ikkje særleg brun, men er nøgd med veret slik det er. Vakkert morgonlys er det uansett, og graset er aldri så nydeleg som når det har regna om natta, og det glitrar i dropane frå dei mest standhaftige solstrålane – dei som trenger gjennom det grå skydekket over oss. Dropane klamrar seg fast, og viser at også dei har livets rett. Eg fanga ein slik augneblink i går. Det er med på å gjera denne sommaren heilt aldeles nydeleg.

iPad-cases

23 Jul

Eg har litt lerret liggande, og no har eg funne ut at eg skal laga iPad-vesker av det. Det, og gamle tjukke klede som ellers vil bli kasta. Har ein del måling liggande og, og det er godt å få brukt stasjet mitt på kreative greier.

I dag har eg laga prototypen, der eg har funne ut meir om korleis eg vil gripa prosjektet an. Syns prototypen vart sjarmerande, sjølv om saumane gav meg litt hovudbry. Er vel nokre år sidan eg sist sat ved symaskina, og det var eit triveleg gjensyn.

Slik vart iallfall prototypen.

This slideshow requires JavaScript.

A flie in the wine

17 Jul

Det er ferietid, og kamera får kjørt seg. Det får også mitt nye teiknebrett, sjølv om eg ikkje har fått heilt dreisen på det enno, klarar eg å laga krusedullar -om ikkje anna. Det går seg nok til!