Tag Archives: Typografi

Prosjekteksamen – 4

26 Nov

MOODBOARD

No har eg laga meg nokre moodboards, eitt for stil, eitt for fargepalett og eitt for typografi. Eg kallar temaet mitt for Retro-Light, ein stil eg diggar og som eg gjerne vil assosierast med.

Sjølv om eg også diggar det minimalistiske og stramme – og som jo er ein av stilane som er veldig «in» atm, og tidlaus ikkje minst, vil det ikkje vera det rette for meg. Ein stil lik Heydays t.d., som eg oppfattar som moderne og skarp, og eg kunne godt likt at eg hadde ein slik stil. Men på same måte som eg ikkje kler å gå med hotpants, vil heller ikkje ein stram stil funka i mitt tilfelle. Det er kult, men it just doesn’t fit!

Når eg går for ein stil i retro-light, vil det vera enklare for meg å gjera små justeringar i designet i det lange løp, for det er den stilen eg har – både i interiør, kle, musikk, bloggar eg føl, tutorials eg prøver meg på, bilete eg tar, osv. Eg er då tru mot min eigen stil, og eg vil at andre skal oppfatta meg slik.

Som utgangspunkt i desinget, nyttar eg sjølvsagt Hildring-logoen. Dermed har eg ein turkis/sjøgrøn hovudfarge, og den tenker eg vil høva godt saman med oransje og raudtonar. Lekkert og kontrastfullt. Dette er livlege fargar som symboliserer glede, leik, lidenskap. Den grøne er ein litt krisp farge, som roar ned designet, symboliserer liv, ro og balanse. Heilt i mi gate.

Eg held fram med ein litt enkel geometrisk fonttype – som i logoen; det geometriske vil fungera som ein liten kontrast til dei varme fargane, det formfulle i retrostilen, samstundes som det bind elementa saman på ein heilt ok moderne måte.

Eg vil også bruka litt tekstur, iallfall laga ein bakgrunn i ein avdempa fargetone. Prøva å skapa litt dybde i sidene, evt med skugge og andre effektar inspirert av moodboardene mine. Dette er for å få ein heilskap over sidene, stilen, temaet og vera med på å skapa blikkfang og gjera sidene interessante. Det er iallfall det eg ynskjer.

Her er moodboardene mine. Stil – farge – typo.

Advertisements

Typografi og bilete 5.1

12 Apr

Eg syns det er fantastisk å kunna jobba med foto og tekst. Trur eg byrjar å bli vel glad i typografi, og om eg hadde kunna hadde eg meldt meg på workshopen Hello Typo som Visuelt arrangerer no i mai. Fytti det ser heilt fantastisk ut!

Men då hjelper det på å ha kjekke skuleoppgåver å jobba med. Denne gongen skulle eg laga ein komposisjon med harmoni mellom tekst og bilete, ein med kontrast.

Eg har valt å bruka nokre bilete som eg har sendt til landskonkurransen (!!!) (nsff) (første gong eg deltar der, spennande). Teksten eg har nytta er ordtak – eit dansk, eit av Henrik Ibsen. Eg er veldig glad i ordtak og sitat, kanskje Ibsen spesielt, han har jaggu sagt og skrive mykje fantastisk og inspirerande.

Et glimt av sol bak tåken å bevare
det er det livsens krav en mann skal klare

SÅ – Ibsensitatet er lagt på Viddobiletet mitt, og her har eg komponert elementa harmonisk, både font, farge, sitat og plassering står i stil til biletet og dets linjer. Sjølve biletet er rikt på kontrast med nyansane mellom svart og kvitt, men komposisjonen i biletet er også roleg og har reine liner både horisontalt og vertikalt. Difor sette eg teksten opp mot desse linene. Fargen i teksten harmonerer med fargane i biletet.

Til komposisjonen med kontrast mellom elementa har eg valt eit humoristisk dansk ordtak –

Spis, min gris – i morgen skal du slaktes.

Det står i kontrast til det duse stillebenet på biletet, samstundes som det set motivet i ein overraskande kontekst. Eg har gitt teksten to ulike fontar, som står i kontrast til kvarandre, og fargen på første line er krisp mot den duse bakgrunnen på biletet, medan den andre lina er meir kviskrande. Slik sett står fontane i kontrast til kvarandre – både i farge og type. Med mange runde former i biletet valte eg å bruka den rette lina i ausa til å setja teksten opp mot – kanskje ikkje noko direkte kontrast, men likevel eit motstykke til dei fleste formene i biletet.

Eg tenker etter denne oppgåva at dette er berre ein liten toutch av kva eg kunne ha gjort, og eg har blitt inspirert til å gjera meir av dette.

Og som ein typografiglad frøken, føler eg at det er på sin plass å lira av seg litt typolove. Sjekk ut Tom Davie! Aw-some!