Arkiv | Uncategorized RSS feed for this section

Litt førjulsknask

17 Des

No har det vore storm over heile linja, noko som sette meg ut av spel mtp nettsida og nett i det heile. Litt deilig i grunn.

Men no er ting på stell att, og eg tar litt strøjobbar og prøver å halda meg i kreativt driv kvar dag. Snart jul jo. Eg går i mot nytt år med eit for meg – nytt motto. Kvifor venta til i morgon med det du kan gjera i dag.

Litt frå meg i farten;

Image

Image

Image

Image

MMMhmmm!

29 Nov

Animasjon

jeez. i say no more. AWSOOME.

På instagram lately

27 Nov

Ja, eg er på instagram. jorunlarsen er mitt navn.

Interaktivitet – Action Script 3.0

16 Apr

Då har eg fått laga buttons som kan linka saman to bilete/scener i flash. Eg teikna symbolet med brushtool, slik at det vart litt spanande, dog griseenkelt. Eg la også til den teksten eg ville ha på kvar button, slik at det er oversiktleg for den som skal navigera å vite kva som skjer med å klikke på kvar enkelt.

Eg laga dokumentet i ein typisk nettstadstorleik – 1024 x 768 px, og importerte bileta eg ville ha på sidene til arkivet. Der la eg også dei to buttonsane, og då eg hadde alt klart, var det berre å holda scenene, layersene og kodinga under kontroll.

Ikkje så lett som eg trudde etter å ha sett videoleksjonen om dette, men eg fekk orden på det etter kvart, og i tillegg grei øving på å skriva dei ulike kodane i actoion script. Hurra.

Det eg merka meg var at eg måtte vera veldig påpasseleg med å vera i rett lag, i rett scene, til rett action. Eg klurte litt med at eg var inne i scene2 då eg eigentleg skulle vera i scene1 og slikt, samt nokre mellomrom som eg måtte luka vekk innimellom. Heller ikkje ein dans på roser om eg skulle nytta vanleg kolon eller semikolon, så her er det vel pirk som gjeld.

Til slutt gjekk det som eg ville, og eg fekk både buttonsene til å fungera slik dei skulle, og tykkjer i grunn at det var ei god oppgåve. Tok meg eit steg vidare mot gjennomføringa av oblig08, der eg verkeleg skal få brynt meg med fotoessayet som eit interaktivt bildegalleri i flash, og samstundes integrera dette i den enkle nettstaden eg laga i vinter. K.O.N.S.E.N.T.R.A.S.J.O.N. seier eg berre…

Her er iallfall ei lenke til løysinga mi, og eit bilete som illustrerer litt av greiene.

Androgyn på ein laurdag

10 Mar

Blyant og oljepastell.

Lysbruk i portrett dei siste 1000 år

20 Feb

Her kjem den eigentlege oppgåva. Den førre var berre ein liten teaser.

Lysbruk i portrett

Og her eit bilete eg har tatt i litt Tom Waits-stil, eller det vil jo sei Anton Corbijn stil. Men det visste eg ikkje då. Det var eit portrettfoto av ein lokal skribent/fotograf/tenkar, som er meir fascinert av Tom Waits enn nokon eg veit. Difor tok me bilete i slik ei ånd.

Avbrekk frå wireframes og nettstadsbyggeklossar

17 Jan

No fekk eg nett grunngjevinga eg etterlyste til eksamenskarakteren min. Eg har fått trekk for å ikkje ha nemnd ei inspirasjonskjelde i rapporten. Ei kjelde som eg ikkje er blitt inspirert av. Eg har faktisk aldri sett den sida før. Syns det er litt trasig.

Vis magen – versatile

10 Jan

Eg er inspirert av Min mote på VG, som utfordrar til å vise magen. Vis magen.

 

 

 

Litt fri. Litt ferie. Men dog flittig studine.

16 Sep

Ja, eg tok meg ein tur til Kreta. Heilt fett! Fekk samla opp ein del bilete som kan leggast inn i fotoarkivet, heldigvis, – so har eg noko som kan kompensera for min slack med curboppgåva(-ene). Eg hastar etter i helga!

Enn so lenge, her er litt fotos.