Arkiv | Digresjon RSS feed for this section

Kong vinter

2 Des

 

Advertisements

Oehey!

29 Nov

B på mappeinnleveringa mi. Dette går vegen! Happy torsdag.

Eg feirar med å laga julekort i photoshop.

Bokeh – haust

11 Nov

Eg er kanskje over middels interessert i dropar, og ditto i bokeh – utavfokusmotiv. Det resulterer lett i ein del slike bilete, noko eg syns er heilt fett. Har hatt meg nokre dagar i haust med kamera der eg har funne meg sjølv leitande etter dropar å fotografera utav fokus, og enda opp med mellom anna dette.

Jo meir eg tar slike bilete, jo meir ynskjer eg å formidla dei heilt klåre dropane også. Med det kjem ynskjet om eit makro-objektiv… stadig større! Eg trur dog at eit makro-objektiv lett kunne gått meg til hovudet. Eg har større utfordringar med å ta nokre skritt tilbake, og gjera bilete med mykje liv i. Landskap. Byliv. Møte mellom menneske. Akitektur. Det er i grunn det eg aller helst vil utfordra meg sjølv på.

Sjølv om detaljane – som mange ikkje ser – er heilt fantastiske å dra fram i lyset også. Sett på min måte iallfall.

Dette er dei ekte perlene. Dei som betyr alt. Vatn. Liv. Real beauty. Og heilt føkkings naturleg. Sjekk då!

 

 

 

Maritime greier

7 Nov

Eg har eit fotoprosjekt på g, eit maritimt. Har vel nett så vidt nemnt det i dette innlegget. Eg har mykje råmateriale å ta av, samstundes som denne «samlinga» mi stadig veks. Slik er det kanskje å bu ved sjøen.

Men eg leikar meg med bileta. Tøyer grensene for kva som er ok, kva som er eit godt bilete, motiv og for kva som vert FOR tullete. Men eg syns det er ok. Eg må leika meg litt med sakene mine, då lærer eg og har det kjekt. Viktige greier.

Her er nokre av mine …mest på kanten… bilder. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om dei enno, men eg likar fargane, og liker at motivet vert omgjort til former (som er heilt naturlege, fordi det er jo naturen som vrenger dei slik) og at det som gjer motivet til det det er, er klipt vekk.

Svevande. I allfall i kategorien FOTOGRAFI. Det kan vel diskuterast om dette er fotografi, men det er jo igrunn det. Har berre miksa litt i fargane, elles er det heilt fotografisk. Kva er det Andy Warhol sa no igjen.. «Art is what you can get away with«. Kanskje det er det eg prøver på.

Han har også sagt; «Don’t think about making art, just get it done. Let everyone else decide if it’s good or bad, wheter they love it or hate it. While they are deciding, make even more art.» For ein mann. Eg tar med meg sitatet, og held fram med å leika fram motiv. Eg syns det er kult, so eg held berre fram – medan andre kan ta stilling til om det er bra eller dårleg.

 

 

 

Alt skjer i «mellomtida»

24 Okt

Til dømes fotografering. Eg er spent på korleis Kvinnherad Fotoklubb gjer det i denne bolken av NM i foto (regi NSFF), meg sjølv inkludert. Resultata vert offentleggjort 13.november. EXCITED!

Men attende til mellomtida. Eg har ein maritim ide eg jobbar med. Tykkjer det er så mange spanade uttrykk å oppdaga, dersom ein brukar kunnskapane ein har om teknikk på ein kreativ måte, og ikkje tviheld seg til «reglane» for kva eit godt bilete er.

Eg har alltid vore glad i å tenka utanføre boksen, og fotografering er intet unnateke. Eg vert som ein trassig unge, og dersom nokon seier til meg; her skulle du hatt denne i det gyldne snitt! Eller; Her er fargemetninga litt vel høg, litt for mykje utbrente parti, eller likande – ja, då gjer eg det tvert motsette. Eg PRØVER å gjera denne eigenskapen om til noko positivt. Bruka den til å våga meir. Bli meir unik i uttrykket mitt. Smetta under dei verste «reglane».

Det er litt av tankane mine bak min maritime ide. Eg var på sjøen, i båt, og det var bølgjer. Med kort lukkertid og liten dybdeskarpleik gjer det ikkje stort å vera i ein bølgjande båt. Men eg gjorde det tvert motsette. Lav ISO og største dybdeskarpleik. Og då fekk eg mellom anna dette.  Eg tykkjer det er magisk.

Visdomsord

27 Sep

Det er mange ballar i lufta om dagen, og i min daglege inspirasjonsrunde finn eg mykje bra. Nett i dag var det Andy Warhol som fenga aller mest – ein av mine førebilete. Eg likar at ein kan vera so ærleg, og popkunst er også ein type kunst. Kunsten i popkunst er vel å gjera noko ingen andre vågar fordi det ikkje blir sett på som genialt – som å forenkla eit bilete av, sei t.d Marilyn Monroe. Easypeasy! Å våga å gjera noko komersielt, dog nytt. Eg syns det er kult.

I tillegg var han jo ein fin fyr, iallfall sa og meinte han fine ting.

I love that guy!

Skisser overalt.

26 Sep

Nokre relevante, andre berre på gøy. Vart superinspirert i dag då grafill sin presentasjon av norske illustratørar kom i posten. Fytti grisen så mange flinke folk!

Då måtte eg jo skissa litt sjølv, og enda opp med litt kle som eg ynskjer meg. Sjølvsagt.