Arkiv | juni, 2012

Klappet og klart

29 Jun

Det er vel skjeldan ein får tomlar opp og jøsses, så bra på første utkast. Men slik gjekk det denne gongen. No er faldaren ferdig designa, printa og bretta. Håpar det er med å bidra positivt til utstillinga, som eit handfast suplement! Heia Karin Bøe. Heia Rosendal mat og kunstfestival.

This slideshow requires JavaScript.

 

Advertisements

Eit prosjekt

28 Jun

Fekk ein kjekk førespurnad om eg ville laga ein kunstpresentasjon av ein av kunstnarane som skal stilla ut på årets Mat og kunstfestival her i Rosendal. Foto og layout til ein faldar/plakat. Neste helg opnar kalaset, og eg veit om fleire utstillingar eg må få med meg.

Denne eg no lagar presentasjon til heiter Parallelle tankar og doble ord og er ein kunstinstallasjon med små kunstverk laga av Karin Bøe. Spanande å vera med på! Skal legga ut resultatet, men først ein liten smakebit.

Oppfordrar jo samstundes alle til å ta turen til Rosendal neste helg, og få påfyll både i kropp og sjel!

Status quo{te}

26 Jun

Ein liten kvitveis med dropar og sitat og teksturar. Heilt ok å gjera litt slikt i mellom mine sommarlege prosjekt. Her er logoarbeid, plakatar, brosjyre, nettstadar og bildemontasje på agendaen, samt mine eigne prosjekt. Er nyleg ferdig med litt bistand til ei kokebok med fiskeoppskrifter som er gitt ut på frivilleg basis her i Rosendal, samt ei årsmelding for Norske Landbrukstenester. Linkar til desse får eg legga ut seinare. Fætt med litt arbeid, fætt å kunna vera til hjelp.

Her er ein link til den eine teksturen eg har brukt frå Kim Klassens texture tuesday.

Fine dagen

21 Jun

Myrdalsvatnet i RGB

17 Jun

Myrdal er ein heilt fantastisk stad her i Kvinnherad. Ein går opp frå Rosendal til Kletta, og føl ein traktorveg til eit vatn som ligg mellom Skålafjell og Melderskin – enkelt forklart iallfall. DER finn ein ro i sjela, absolutt. Og mange vakre motiv er der og. Og fisk i vatnet. Og ein nydeleg rasteplass. Og fred. Gosj, so fint det er der. Håpar på ein del turar til Myrdalsvatnet i sommar.

Her nokre foto der eg har leikt litt med fargefilter, og ulike blendingmoglegheiter.

Peikar til blogg 8.2

14 Jun

Siste øvingsoppgåva før ferien er i gong serverer eg her. Eg skulle laga ein peikar til bloggen min her, og laste den opp på den individuelle studentserveren – der eg har lagt alt mogleg anna flashy i det siste. Korleis eg har jobba kan lesast under peikaren min på denne sida.

Koste meg litt med å laga ein «peikar» i illustrator, med litt fancy fargar og uttrykk. Det skal jo sei noko om meg, om kva type side det dreiar seg om, og så er eg i tillegg veldig fan av alt som er tvetydig. Ein peikar kan godt ha nokon som peikar i seg, tykkjer eg.

Her er illustrasjonen i full blom, og følg lenka over for å sjå korleis eg nytta illustrasjonen i banneren min.

Lydeffektar; Bilanimasjon med lyd!

13 Jun

Hohoho! Det er så fantastisk å jobba i flash. No har eg øvd meg på å laga litt system på presentasjonen min og, so no fleskar det seg her. Les kva eg har gjort og korleis på denne sida.

Her er ein liten forsmak på greiene mine. Enkelt og – om eg må sei det sjølv – sjarmerande.