Kystdagane på Sunde 2012

3 Aug

Har laga plakat til Kystdagane på Sunde, som no er ferdig og på veg i trykken. Har eitt anna prosjekt i tillegg, også det til desse dagane, og der er eg i full gong med research og idemyldring og tankar og planlegging og møter. Håpar eg får det til slik eg ynskjer, for det er eitt stykke lokalhistorikk som skal lagast, til ein slags interaktiv dokumentar med bilete og tekst. Mange er interessert, og planen er å gjera det lett tilgjengeleg og underhaldande, samstundes som det er lærerikt. Jup. Lista ligg høgt.

Men først; plakaten.

 

Her har eg redigert eit fiskegarn-foto i photoshop, og farga det blått til bakgrunn. Det er kystkultur, og særleg sildafiske og båtbygging som har vore viktigste næring på Sunde, og då var det naturleg å dra fram slike typiske element. Tauet har eg laga i illustrator, og gjort om til ein brush. Flyteelementa har eg teikna for hand med teiknebrettet mitt, og gjort i glade kontrastfargar til det blå. Fonten eg har nytta er moderne, men med seriffar som gir assosiasjonar til meir tradisjonell skrifttype – noko som gjer at eg med den både held fast i røtene, samstundes som den er «notidig».

Eg har også laga sponsorfeltet nedst, noko som har vore litt tidkrevjande då det er så få som har logoar i trykkformat klare til slike høve. Til slutt vart det iallfall slik eg ville, og slik sjelene bak festivalen ville. Og alle hjarter gledar seg.

Ei tilbakemelding to “Kystdagane på Sunde 2012”

Trackbacks/Pingbacks

  1. Iha! « Heppiknott - oktober 22, 2012

    […] so skal filmen eg laga om Gravdal Skipsbyggeri visast på rorbu-kveld på Sunde til helga, i regi Sunde Kyst- og Litteratursenter. Dei skal ha dugnadsfest og filmen min er ein del av underhaldninga. Stas. Det ballar på […]

Kommenter innlegget