Tag Archives: reklame

Prosjekteksamen 12

21 Jan

No har eg redigert og lagt på tekst og lyd. Eg tykkjer det er ein sjarmerande film, og all den tid eg ynskjer å gi potensielle kundar ei kjensle av at #ho der må vera kul å jobba med, måtte det bli noko som dette.

Eg har vore ganske i stuss om locationen, ein skrå bakke og litt klussete bakgrunn. Men eg har tenkt som so at det er jo slik her, bakkar og fjell. Eg vil samstundes at min vetle film skal seia noko om kor eg høyrer til. Og det er jo på ein gard – noko av det som er spesielt med verksemda. Dersom eg hadde hatt ein svææær vegg med mange ulike dører i – og der eg vimsa inn ei og ut ei anna – då hadde eg heller nytta den trur eg, men igjen – då hadde eg tatt verksemda utav konteksten, og in the end hadde eg ikkje kunna forsvara slike kulissar heller.

Poenget mitt er vel det eg er mest nøgd med – du har eit prosjekt – du er usikker på kva du skal gjera – hildring er/har svaret. Er vel ei grei reklameoppbygging det. Men eg tenker jo på det… det vil kanskje treffa dei som vil bli sjarmert, men eg veit ikkje om det vil treffa dei som er ute etter noko unikt og superproft. Men igjen. Det er min første film, og eg tykkjer eg har fått det greit til.

Eg ville spela litt på humor, og nytta den monokrome fargepalletten som eg også har nytta i nettsidedesignet mitt – difor svartkvitt, og difor litt stumfilminspirert redigering. Er glad i britisk humor, og Benny Hill er vel brent fast der han spring i badedrakt over dei grøne bakkane. Kult! Slikt blir ein inspirert av.

Og musikken. Her har eg tidlegare vore inne på Soundcloud og lasta ned låtar som har lagt ute fri til bruk – i tidlegare studieoppgåver. Eg nytta ein av desse, då den passa godt til filmen min, stilmessig og med stemninga.

Vel. Den ligg      HER

Prosjekteksamen 11

16 Jan

Jaiks. I dag ber det ut for å filma.
Artdirector: eg
Filming: eg
Skodespelar: eg
Klipp og regi: eg
Idè: eg
Propmaking: eg

Mhm. Gjer det jo artig for meg sjølv.

Mine tre scener:
1 – intro av kva eg tilbyr, gjort om til spørsmål om kva den potensielle kunden treng.
2 – visualisering av alle retningar eit prosjekt kan ta – kva retning tar ditt prosjekt?
3 – punchline.

Eg trur på idèen min, og håpar eg får klipt saman delene på ein smoth måte. Eg håpar eg får fram litt humor, og at eg klarar å fri til publikum på ein likande måte. Håpar mine studiepoeng frå drama får bein å gå på, samt mine kunnskapar om litterære verkemiddel og oppbygging av ei forteljing. Dramaturgiske verkemiddel og location… eg blir heilt spent av meg sjølv. Korleis skal dette gå?

*pust inn – pust ut* Here goes! Stay tuned.

Prosjektbeskriving levert

4 Okt

– so då ventar eg spent på tilbakemelding. Eg føler jo kanskje at eg har tatt meg ørlite vatn over hovudet, men eg har altså lagt inn eit moment om å laga reklamefilm. Og då har eg ikkje laga ein einaste film i heile mitt liv. Men eg har ein visjon om at eg kan klara det, samt ein visjon om å læra å laga film, samt ein visjon om at eg SKAL pusha grensene mine for kva eg kan klara. Og då er det på sin plass å laga ein liten film.

Elles er det snart dags for ein ny runde med NM i foto, og eg er klar med nye bilder. Har fått ein del tilbakemeldingar på bileta frå både fotoklubb og andre, så eg har iallfall eit utval eg kan sei meg nøgd med. Sjølvsagt er det mange bilete eg enno har til gode å ta (feks meg, kamera og stativ i Roma og Paris – stay tuned, det SKAL skje), og eg gler meg til resten av den kreative utviklinga mi. Må den aldri stoppa opp!

Dessutan har eg skrive ein artig sak om ei gammal husholdningsbok og gamle oppskrifter, og sjølvsagt fått ein del bilete frå dei og. MYKJE fenomenal lesing der altså! Spent å sjå korleis det vert på trykk.