Arkiv | september, 2012

Visdomsord

27 Sep

Det er mange ballar i lufta om dagen, og i min daglege inspirasjonsrunde finn eg mykje bra. Nett i dag var det Andy Warhol som fenga aller mest – ein av mine førebilete. Eg likar at ein kan vera so ærleg, og popkunst er også ein type kunst. Kunsten i popkunst er vel å gjera noko ingen andre vågar fordi det ikkje blir sett på som genialt – som å forenkla eit bilete av, sei t.d Marilyn Monroe. Easypeasy! Å våga å gjera noko komersielt, dog nytt. Eg syns det er kult.

I tillegg var han jo ein fin fyr, iallfall sa og meinte han fine ting.

I love that guy!

Advertisements

Skisser overalt.

26 Sep

Nokre relevante, andre berre på gøy. Vart superinspirert i dag då grafill sin presentasjon av norske illustratørar kom i posten. Fytti grisen så mange flinke folk!

Då måtte eg jo skissa litt sjølv, og enda opp med litt kle som eg ynskjer meg. Sjølvsagt.

Mappearbeid – 2.semester. Idear, idear.

19 Sep

Eg har no snart gjort ferdig den digitale mappa mi, og ein av tinga som gjenstår er eit banner for denne bloggen. Sidan eg har teikning som hovudbasis – grunnen til at eg faktisk studerer design, vil eg ha eit banner som fortel akkurat det. Eg har fleire idear for KVA eg ynskjer, men det gjenstår å sjå om eg klarar å gjennomføra det. I hovudsak skal det vera grei skuring (seier dei som kan det..)men for meg vert det nok ei utfordring. MEN dersom eg får det til slik eg ser det føre meg, blir det temmelig kult. Går for gull, seff.

Elles har eg fiksa på sakene eg har fått tilbakemelding på, og trur eg har klart å setja ting i eit ok system. Einaste eit lite knippe av mine øvingsoppgåver og slikt som skal puttast på ei side også, så er det klart.

Har nokre teikneprosjekt eg vil hiva meg i gong med no, og då høver det med ei teikning.

Ein kjenner ein lever…

13 Sep

…då ein sit oppe og jobbar på seine kveldar. I kveld lever eg til gagn. Og eg er litt vêrsjuk enno. Dette går vegen!
Fri i morgon. Eg kallar det langhelg.

Med vêrsjuko kjem også hummarsesongen. Syns dette bilete er ganske søtt. Alle er vener og det sorte gullet ska hem.

Jeez. Kor vêrsjuk kan ein bli.

11 Sep

Eg kjenner meg litt tung til sinns når det høljeregnar ute og det aldri blir skikkeleg lyst nokon plass. Då er det ok å ha litt fargerike måleri å dra fram (iallfall bilete av bileta), so kjem humøret seg litt.

Elles er det fullt arbeid med mappa som skal inn snart, samt nokre prosjekt på si. Har å gjera på altså.

 

Mappe 2.semester – work in progress

10 Sep

Eg held enno på med mappa mi. Gjer forbetringar (?) av oppgåvene undervegs som sida vert bygd. Funkar for meg, då eg veit korleis eg vil ha det. Eg trur eg vert nøgd med denne. Håpar iallfall det, sidan eg har tenkt ein heil del gjennom korleis eg vil bli oppfatta… Det er jo ein del av oppgåva.

Eg har jo valt å laga sida i dreamweaver, både fordi eg tykkjer om å ha full kontroll og fordi eg vil ha noko som er litt unikt. Dessutan treng eg å øva meg i koding, og då er det ok å gjera alt frå byrjan. Eg har etterkvart blitt litt meir nerd når det kjem til koding, og dersom eg ramlar inn på ein effekt, eller ei nettside eg likar, går eg ikkje skjeldan inn og kikkar på html.koden. JEEEZ. Men jau, eg gjer det… Og eg har funne ut at eg lærer ein del av det. Kanskje ein litt tungvint måte å læra på, men interessant er det iallfall!

Har nokre av elementa som skal vera med på mappa mi, den nye sida eg skal presentera meg/mitt arbeid det siste semesteret på. Endringar kan nok koma, men trur eg er inne på ein stil som eg kan halda meg innanføre.

Emo goes on.

7 Sep