Tag Archives: grafisk

Prosjekteksamen 9 – cdcover

11 Jan

Dette er mitt første utkast til cd-coveret som også føl med i eksamensoppgåva. Her er framsida. Baksida blir pryda med kontaktinformasjon tenker eg. Eventuelt 3×3 boksar med bilete (eller berre eitt illustrerande) – alt etter kva som er innhaldet på cden.

Eg har arbeidd ut frå min stil – retro light – og er her inspirert av enke geometriske former. Fargane er henta frå logoen, og komposisjonen ynskjer eg skal fungera uansett kva som er føremålet med cden. Altså – i eksamensoppgåva står det at cd-coveret skal designast og at innhaldet på liksomcden er sjølve nettstaden.

Eg tenker jo då at når eg først lagar eit cdcover, er det jo kjekt å kunna nytta coveret til dei andre prosjekta mine der eg gir frå meg cdar. Til dømes originalar, bryllupsbilete, kopiar m.m. Eg heller vel litt mot diskett med den vetle papirbiten øvst, det tenker eg som eit felt der ein kan skriva på kva cden inneheld.

Og eg tenker meg eit slikt cover som ein berre glir cden inni. Veit no ikkje kva dei heiter, men sånn hardpapp iallfall.

Tja. Men eg er berre i ideprøvingsfasen no, så her kjem sikkert fleire døme. Liker å ha ein personleg touch på dei tinga eg leverer frå meg. Anten ei lita helsing eller ei teikning eller, ja. Ei av mine styrkar i bedrifta mi er jo at all kommunikasjon vert personleg og nær. Det er jo eg som har alle oppgåver i verksemda, og eg vil følja opp kundane mine med eit slikt personleg nærvær. Då er det ekstra fint med nokre slike gestar. Trur eg.

Kanskje eg skal få meg eit stempel, og berre stempla logoen min på heller.. Og legga meir vekt på papiret cdcoveret vert laga i… Eventuelt gi det ein struktur. Eg er glad i struktur. Eg prøver det som neste utkast.

Her er nr 1.

cover_hildring_01

Prosjekteksamen – 6.2

5 Des

Ein ny wireframe. Eg endar vel godt mogleg opp med å gjera om heile komposisjonen, tykkjer atm at det er for lite luft, for …statisk, og måten eg har prøvd meg ut med :hover på denne – vel… eg måtte jo sjå korleis det fungerte. kan jo kanskje få til noko kult med det, men eg får stirra det i hel først.

Eg ser jo også no at det vil vera veldig ulike bilete – og det er nøydd å sjå bra ut. Det vil kanskje ikkje fungera å legga skugge på boksane, men kanskje eg skal laga større mellomrom mellom, så poppar dei litt meir kvar for seg, på ein måte.

Uttrykket får meg til å sakna litt «fri» for augene. Lysare bakgrunn kanskje?

Wireframe 2;

 

hildring_wireframe_02

Prosjekteksamen – 6

4 Des

Ein av mine wireframes. Det ligg mange tankar bak dette når det kjem til funksjonalitet og fiffige buttons og slikt, så dette er berre eit utkast. Og eg har nokre fleire idear eg må testa ut, så det vert kanskje endringar enno. ….det vert garantert endringar…. men eg tykkjer ikkje det ser så aller verst ut heller.

Grunnen til at det første biletet er raudt er t.d. at det indikerer at ein held pila over biletet. Då kjem forklaring fram, og når ein trykker, skal desse føra ein over i eit galleri/ny side med stort bilete, meir forklaring om arbeidet osv. Usikker på menyane… Dei skal eg gjera noko med. Og knappane til sosiale medie skal endrast – la det berre slik inn no.

wireframe_hildring_01

Kong vinter

2 Des

 

Bokeh – haust

11 Nov

Eg er kanskje over middels interessert i dropar, og ditto i bokeh – utavfokusmotiv. Det resulterer lett i ein del slike bilete, noko eg syns er heilt fett. Har hatt meg nokre dagar i haust med kamera der eg har funne meg sjølv leitande etter dropar å fotografera utav fokus, og enda opp med mellom anna dette.

Jo meir eg tar slike bilete, jo meir ynskjer eg å formidla dei heilt klåre dropane også. Med det kjem ynskjet om eit makro-objektiv… stadig større! Eg trur dog at eit makro-objektiv lett kunne gått meg til hovudet. Eg har større utfordringar med å ta nokre skritt tilbake, og gjera bilete med mykje liv i. Landskap. Byliv. Møte mellom menneske. Akitektur. Det er i grunn det eg aller helst vil utfordra meg sjølv på.

Sjølv om detaljane – som mange ikkje ser – er heilt fantastiske å dra fram i lyset også. Sett på min måte iallfall.

Dette er dei ekte perlene. Dei som betyr alt. Vatn. Liv. Real beauty. Og heilt føkkings naturleg. Sjekk då!

 

 

 

Maritime greier

7 Nov

Eg har eit fotoprosjekt på g, eit maritimt. Har vel nett så vidt nemnt det i dette innlegget. Eg har mykje råmateriale å ta av, samstundes som denne «samlinga» mi stadig veks. Slik er det kanskje å bu ved sjøen.

Men eg leikar meg med bileta. Tøyer grensene for kva som er ok, kva som er eit godt bilete, motiv og for kva som vert FOR tullete. Men eg syns det er ok. Eg må leika meg litt med sakene mine, då lærer eg og har det kjekt. Viktige greier.

Her er nokre av mine …mest på kanten… bilder. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om dei enno, men eg likar fargane, og liker at motivet vert omgjort til former (som er heilt naturlege, fordi det er jo naturen som vrenger dei slik) og at det som gjer motivet til det det er, er klipt vekk.

Svevande. I allfall i kategorien FOTOGRAFI. Det kan vel diskuterast om dette er fotografi, men det er jo igrunn det. Har berre miksa litt i fargane, elles er det heilt fotografisk. Kva er det Andy Warhol sa no igjen.. «Art is what you can get away with«. Kanskje det er det eg prøver på.

Han har også sagt; «Don’t think about making art, just get it done. Let everyone else decide if it’s good or bad, wheter they love it or hate it. While they are deciding, make even more art.» For ein mann. Eg tar med meg sitatet, og held fram med å leika fram motiv. Eg syns det er kult, so eg held berre fram – medan andre kan ta stilling til om det er bra eller dårleg.