Archive | august, 2011

Magasincover – symmetri, asymmetri eller ein kombo?

31 Aug

Her er døme på cover med symmetri. Vakkert. Eg finn desse behagelege å sjå på, harmoniske og innbydande. Som eit stilleben i kunst gjev det rom for tankar, ei stille stund og det spelar på balanse. Nesten som yoga. Zen.

Det desse covera moglegens manglar – noko som igjen spørs etter kva formålet med coveret er; skapa spenning, forventnad, fanga interesse og vidare – er spenning. Det er sterke cover, men dei kan verke litt keisame, sjølv om dei er innbydande. Dei kommuniserer styrke og femininitet, medan dei neste her er meir leikande og glade. Happy days! Det er asymmetri!

Her er modellane i fokus, men ikkje plassert balansert i høve til formatet på sida. Teksten står plassert meir i høve til modellen enn til formatet, noko som gjev liv til coveret. Fargebruken er avgrensa, noko som bidrar til ein viss «ro» over covera likevel, sjølv om både tekst og bilete gjev eit veldig bevegeleg eller dynamisk uttrykk.

Mellom borken og veden finn ein både symmetri og asymmetri i skjønn (?) foreining.

Her er teksten symmetrisk på tre og biletet symmetrisk på det eine. Forutan ho som sit i bosspannet (og som sikkert har hatt ein lang dag, og lengtar etter helg og kanskje eit varmt bad) som har litt tekst som står i forhold til biletet og ikkje formatet på sida. Det er spanande med variasjonen i kva som vert balansert i høve til kva, og eg er personleg veldig tiltrukke av denne komposisjonsmåten. Kanskje fordi det gjev designeren ein ekstra utfordring med layout?

Eg er svak for design som bryt reglar, eller som lagar nye reglar. Samstundes tykkjer eg det er veldig tiltrekkande med stram komposisjon og tydeleg layout. Tankane eg har gjort meg no må eg for all del ta med meg vidare når eg lagar layout sjølv. Kva vil eg formidla? Kven er målgruppa? Og kanskje, ikkje minst, kven er oppdragsgivaren… sjølv om den er fiktiv, bør den vel vera realistisk.

Til slutt litt historikk. Retro og funky. Funkyfabulous! Feisty!

Magasincover – I’m amazed. Dazed.

29 Aug

For ei verd av fantastiske cover! Eg har allereie lagt min elsk på dei fashionable retrocovera til WETmagazine. Her er ein smakebit.

Det vert ikkje betre enn dette………….. Får du ikkje litt lyst på frukt?

Eg skal få organisert covera eg har funne seinare. Stay tuned.

Krake søker make

28 Aug

( – eit av dei kjekkaste spela me hadde då me var små, og likevel litt store)

No skal eg straks pløya den store weben etter magasinframsider som er symmetriske, asymmetriske og dei som er ein blanding av begge. Greit å legga merke til korleis store magasin gjer layouten sin, og mogleg finn eg likheitar og skilnadar mellom dei ulike sjangrane layoutmessig? Eg er litt spent. Av kvinne, mote og interiørblad er iallfall oppfattinga mi at motemagasin har mest variasjon i layout, so det får eg etterprøva no.

Men medan eg leitar, tenkte eg at denne kråka kunne få plass på heppiknotten. Biletet er tatt i Bergen, der tre kråker gjekk å kikka på oss og lurte på om me hadde noko digg til dei. Då dei fann ut at det ikkje var tilfelle den gongen, gjekk dei rett i søppelkassa. Lekkert. Livet.

Quote på ein fredag.

26 Aug

“Here’s to the crazy ones. The rebels. The troublemakers. The ones who see things differently. While some may see them as the crazy ones, we see genius. Because the people who are crazy enough to think they can change the world, are the ones who do.”

Høstutstillingen 2011 – ein invitasjon.

25 Aug

Huh. No har eg knipsa mange bilete i dårleg lys, men det som tel er vel sluttproduktet? Også der har eg bomma ein heil del, so eg må nok laga meg ein versjon2, slik at eg får alt på det rette. Men som førstegangs-InDesigner, tykkjer eg at eg klarar meg bra. Men steike for eit verkty! Ein labyrint. Får vel berre gjera meg kjend der inne – først som sist – for layout er spanande! (Frøken positiv strikes again!)

Men her er altså det er har gjort.
1: eg folda fleire A4 ark på måtar eg tenkte kunne vera enkle, dog interessante. Det vart mykje møkk her… men eg gjekk for ein av brettingane mine og teikna ideane mine ned på papiret.

2: eg fann ut at eg ville gjera det geometrisk og gjekk enkelt og greit for strekar, firkantar og heile eller halve rundingar. Også fonten måtte passa til geometrisk design.

3: eg ville at mottakaren skulle bli dregen inn til det som var essensielt, altså programmet – informasjon om utstillinga (eller noko i den dur), og ville «lekka» litt og litt informasjon for å halde på spenninga (Det er som å opne ei gåve der du finn nye gåver inni gåva, superdupergøy!).

4: eg samla ideane mine til den grove skissa med blyant og papir.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ikkje dei beste bileta mine dette nei… Men dei gjev eit inntrykk.

Deretter klurte eg til nokre greier i InDesign, etter å ha lese pensum og kikka på nokre videoleksjonar. Eg måtte prøva meg før eg fekk pløydd gjennom alle, so eg kan nok ha vore utan viktig informasjon om ID når eg løyste oppgåva. IK!

Men etter ein heil del om og men, og nokre timar med pønsking, fekk eg til dette!!!

Med retningssans som ei geit vart eg ekstra kry når eg fekk til å printa det ut på eitt ark akkurat slik eg ville det skulle – på første forsøk!! Det som vart litt pinlig var jo at eg hadde bomma med bådebrettekantar og kolonneavstandar. Det er dette eg skal fiksa opp i, før eg vert heilt nøgd. Ein gir seg jo ikkje på tap heller.

Men slik vart altså invitasjonen min ferdig printa og bretta:

Her er praktdøme på kor stygt ein kan bomma… Men undrar om eg ikkje har bomma på heile dokumentstorleiken. Brettemerka skal vel ikkje visa?! Jaja. Det vert likar no.

(Font brukt i invitasjonen: Caduceus)

Skuletid.

22 Aug

I dag har me fått utlevert tre fantastiske oppgåver. Layout, mappeeksamen og grafisk eksamen. Fab! Kor skal eg byrja?! Dette er jo i tillegg til øvingsoppgåvene. Totally dig it!

I dag skal eg på mitt første møte i den lokale fotoklubben også, så eg får meg ein deilig pangstart i dag. Akkurat det eg treng.

Legg ved eit bilete eg tok i ei gammal låve som vert nytta til selskapslokale på Fitjar, Peraløo. Herlig atmosfære der, og mange vakre gjenstandar å ta bilete av. Då sola braut gjennom skyene og inn vindauga vart dette fotoet tatt. Har havna i fotoarkivet, som skal inn i løpet av hausten no. Spanande.

Joda. I modus.

12 Aug

Eg er i teiknemodus. Eg trur hausten kan by på mang ein teikning, mange fotos og ein heil del øvingar i layout og allslags design. Hytt og pine i dynever! 2011 viser seg frå si beste side.

Her er dagens.