Arkiv | november, 2011

Firdelt plakat og eksamensnerver

27 Nov

No er det knapp tid att før eg skal presentera produkt, få det trykt, laga profilmanual og skriva rapport. OG levera inn grafisk eksamen. I dag er nervene komen på ekte, og har sett meg litt ut av spel. (Jepp, på ein søndag. Eg er visst litt stressa.)

Men eg har fått samla litt greier igjen, og her er ein firdelt versjon av plakaten med strekteikningar og fargar. Elementa skal illustrera fellesskap, samspel og kreativitet. Alle delene er linka saman med «solstrålane», og er stilmessig like. Dei kan likevel lett delast opp til fire, og nyttast kvar for seg.

Eg reknar med at denne er 99% ferdig, og får smaka litt på om eg føler eg har truffe eller ei med denne. Ikkje den beste dagen å vera sjølvkonstruktiv/sjølvkritisk, sidan eg får bøtter med nerver over meg med jamne mellomrom.

Her er den iallfall i ein liten jpeg.

Eg har gjort eit utval.

25 Nov

Dette er essensielt for den grafiske profilen eg held på med, mellom anna har eg føretatt ein fargetest, og kome fram til ein god blåfarge til trykk.

Blått symboliserer ro, fridom, energi, styrke, sanning og harmoni. Fargen assosieres med himmel og hav og er ein stødig farge. Tidlaus og omgjengeleg. I denne samanheng kan ein assosiera med fargen i kommunevåpenet til Kvinnherad, som jo er kommunen til kulturskulen.

 

Eg har også valt font til logoen; eurostile. Eg testa ut fleire, men mange falt igjennom. Dei vart vegd, og funne for lette.

Eurostile-fonten passar godt inn i den grafiske profilen eg lagar, med sine geometriske runda former, og er ein moderne skrifttype (-62) som har litt attitude. Den er enkel, men med personlegdom. Har blitt nytta i alt frå pc-spel til cd-cover, som logo for mellom andre TOSHIBA og fcuk (motehuset French Connection – United Kingdom). Ein internasjonal font som kommuniserer kultur.

 

Her er logoane eg og kunden har gått for, no i ferdige (99% sikkert iallfall) variantar.

Av desse har eg ein klar favoritt. Her er dei presentert i klistremerkeform, med ein enkel kontur rundt for markering og innramming.

Slik vert det i svart-kvitt

 

Når det gjeld versjonen til høgre (samspelversjonen), gjer den seg grådig godt som mønster, og i gråtonar. Eg kunne gjerne tapetsert ein vegg i huset mitt med noko slikt. Og mogleg det er råd å nytta mønsteret mitt på eitt eller anna område og? No eller ved eit seinare høve.

Her er mønsteret

 

Men attende til logoen. Eg har laga variasjonar i fargane – der det er ulike samansettingar mellom blått, grått, kvitt og svart. Kombinasjonane saman altså, og korleis dei fungerer. Nokon kombinasjonar fungerer IKKJE, og vil ikkje få innpass i profilmanualen.

Mine klare favorittar er dei med kvit eller svart bakgrunn. Reint og lar forma stå og spire og inspirere (dette er spireversjonen av logoen).

 

Her er nokre kombinasjonar av samspelvarianten

Her er dei blå variantane med skugge. Denne tok eg vekk i klistremerkeformene over, for eg er veldig i tvil om eg likar skuggen. Den er som sagt grei i den grå varianten, men med skaleringa opp og ned, vert den anten klumpete eller unødvendig  – skuggen altså. Trur den må vika for den enkle forma.

 

Slik ligg eg an no. Jobbar meg ferdig med ting, samlar tankane mine og oppsummerer trykksak for trykksak. Det er litt scary, for eg skal ta bilde neste veke og, og skal presentera ferdig produkt (99% ferdig MINST) i byrjinga av desember.

No når eg sit og ser på logoane over, ser eg at dei har forskyvd seg i forhold til bokstavane. Det må eg ordna. PIRK.

Ei kjapp oppdatering – grafisk profil

22 Nov

Eg skal jobba vidare med den slanke, rundforma blå logoen, og spirelogoen skal gjerast litt om.
Eg skal legga fram eitt rundt og eitt firkanta forslag på klistremerke med logo inni.
Strekillustrasjonane skal vidareutviklast til å bli ein plakat som kan delast i fire, og dermed nyttast som heilskap eller kvar for seg.
Brosjyren er ok, både med tanke på layout og ide. Nokre endringar vil gjerast her og (og er allereie gjort), og eg har snart samla foto som går i brosjyren.

 

Elles har eg litt tankar. Både eg og kunden har gått bort frå enkelte idear undervegs – noko som berre må underbygga at design er ein prosess. Men dei ideane eg har hatt og vendt meg litt vekk frå, har anten vore veldig tidkrevande eller ikkje fungert i praksis. Kanskje ein ide gjer seg best som berre ein ide enkelte gonger?

Eg tykkjer det er veldig greit å få tilbakemelding frå kunden på kva som fell i smak og ikkje. Design skal vel lett fungera  for kvarmannsen, og lett kunna forsvarast av designeren. Med desse to i boks trur eg ein god design er skapt.

Med ein kunde å forholda seg til er det med ein gong fleire omsyn som må takast. No har eg litt trøbbel med å få tatt nokre av bildene eg skal ta pga sjukdom, og då må eg vera fleksibel og kreativ. Det er lærerikt å få desse erfaringane merker eg.

 

Berre for å gjera denne posten litt meir interessant legg eg veg eit bilde eg skal ha i brosjyren. Det fortel litt om feelingen eg vil formidla. Kultur er kult. Converse + cello = sant.

Fleire strekteikningar til plakat

19 Nov

 

Eg føler denne ideen har større og støtte potensial. Eg har mange idear, og det kan bli veldig kult om eg får gjort det slik eg tenker. (skummelt å tenka FOR detaljert har eg funne ut, for då kan eg enda opp med å ALDRI bli nøgd…)

Her er fleire av strekteikningane. Og eg må berre legga til at eg no er på eit stadium der eg VERKELEG ønskjer meg eit teiknebrett.

 

 

 

FREDag

18 Nov

I dag er det nokon som har kome inn på sida mi ved å skriva inn dette på google sin søkemotor

Eg har tankar

Det var fint på ein fredag.

Strekillustrasjonar – plakat; the never ending story

14 Nov

Det er mange stilar å velga mellom til plakaten, og dette er ein av stilane eg tykkjer har potensial og som kan vera aktuelt til plakaten til kulturskulen.

Her er to teikningar til musikkbiten. Kor og trompetist.

Oh my, so eg utforskar ulike idear. Håpar eg snart klarar å landa litt med noko, og jobba det vidare til å bli superbra og aktuelt.

Grafisk profil – brosjyre

14 Nov

Jaudå, eg jobbar med brosjyren også, sjølv om eg ikkje har posta so mykje der enno. Eg har laga ein layout på storleik til cd-cover, 12×12. Designen eg vil gå for er fargerik, med kvadratiske foto inni, ikkje alt for mykje tekst, men informativ og kjekk å sjå i. Eg smakar meg fram på font, men eg tenker noko litt kult må passa bra.

Eg har på INGEN måte bileta klare, men denne veka er det iherdig innsamling av foto på minnebrikka (-ene) som står på planen, med fotoshoots både i dag, i morgon, kanskje onsdag, og iallfall ein avtale neste veke, pluss at eg håpar på litt fleire avtalar som vil ta seg veldig bra ut i brosjyren!

Her er iallfall ein rough som kan nyttast (det kjem fleire forslag). Lurer dog på om eg vil ha tynnare liner på teksten øvst, og kanskje berre ha det svart – både linene og teksten. Eller den «fargekoden» eg set til dei ulike tilboda. Kanskje tynnare og meir klassisk font også. Som sagt, dette er ein rough.

Eg jobbar med desse omgrepa i bakhovudet heile vegen; samspel, utvikling, inkluderande, kreativ. «Ein kulturskule for alle» er noko eg ynskjer å visa med farge, design og foto. Alle i alderen fem til tjue, både jenter og gutar, skal kunna synast det er kult….. UTFORDRANDE! Særs. Men akk så kjekt ❤

Her er ein pdf med forslag nr 1 –  brosjyrelayout.
(dei fargerike kvadrata på fram og bakside er eigentleg tenkt til fotos også, så der har eg berre laga griden eigentleg. Plassering av logoforslag og illustrasjon er heller ikkje så veldig nøye plassert, sidan eg ikkje har elementa som skal inn enno. obsobs)

12x12cm layoutforslag01

Firedelt plakat – ein bit av ei skisse til dansedelen

12 Nov

Ein av sakene som skal takast med under designen min er at det også skal fenga gutar i dei ulike greinene i kulturskulen. Dansetilbodet har ei rein gutegruppe, og kulturskulen ønsker å nå ut til dei gutane som ynskjer å dansa. Dette er jo ikkje alltid like lett, sidan dans ofte vert framstilt med ballerinajenter – og det er vel ein ganske jentedominert fritidssyssel….

Difor ønsker eg – dersom eg skal gå for den firedelte plakaten (musikk, dans,kunst, drama), at gutar også skal kunna identifisera seg med element/motiv på plakaten. Her er ein bit av eit forslag til dansedelen; ein breakdancegut.

Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om denne plakatideen min. Altså – ideen er god, men om eg klarar å gjennomføra den med stil er noko anna. Eg har høge tankar om korleis den kan FUNGERA, men då er eg nøydd å treffa blink med samansettinga og redigeringa – slik at det vert ein heilskap over heile plakaten, samstundes som den skal kunna fungera del for del åleine.

Det er vel på grunn av ideens funksjonalitet at den har falt i smak hjå lærarar ved kulturskulen, og kanskje dei til og med har tru på at eg skal klara det eg seier eg vil klara, men under arbeid med det, merkar eg at det er store utfordringar til denne.Til MEG…..!

….Eg skal iallfall ikkje gi meg, for ein god ide skal ein jobba lenge med før den vert lagt bort… Eg VIL naila det. Eg SKAL naila det.

Her er den eine skissa iallfall.

Plakatforslag – igjen

11 Nov

Her er ein til plakat – slik som eg tenkte meg den på førre møte (då var den ikkje klar, men ideen var der, og den var god). Her er ein lukkeleg mann – klar til å vera publikum for ei forestilling av og med kulturskulen. Det kjem fram både av billett og klokka, samt at dette er ein plakat som kan nyttast uansett hending, den er ganske tidlaus i fargebruk og stil. Enkel nok til å vera lett gjenkjenneleg, men ikkje så enkel at den vert keisam (meinar eg).

Av alle ideane eg har hatt, er denne klart den kjekkaste å arbeida med, men det gjer den ikkje naudsynt til den beste ideen… eller? Det kan vera flisa snur når eg får presentert fleire plakatforslag for gjengen, som neste gong vert over epost, og der frå tar eg med meg kommentarar vidare, og avgjerdene vert tatt på kva design eg går for når det gjeld både logo, plakat, brosjyre og klistremerke. Det er berre ein knapp månad att no, og sjølv om det er lang tid dersom ein hadde jobba med dette kvar dag, så er det ikkje meir enn to veker for meg som går deltid, med jobb og alt i tillegg.

PUH! Travle, men akk så deilige dagar eg har når eg jobbar med dette! Neste veke vert full av fotoshoots, så det vert ein ny utfordring. Gler meg.

Men her, den glade billettmann;

(teksten som skal skrivast til dei ulike hendingane er plassert her nedst – plakattradisjon tru)

Digresjon – på ein søndag

6 Nov

På tide med ein digresjon her. Denne gong i form av foto. Berre sidan eg «leverte» fotoarkivet, er det blitt tatt mange bilete, som til fordel kunne ha vore bytta ut med nokre av dei som allereie er i arkivet.
Betyr vel berre at eg framleis er på rett veg? Her er iallfall nokre.

Lett å leva vel med bokstavkjeks og kaffi

Også lett å lika scones når dei er hjarteforma

Deilig mat er både lett å lika og gjer det heilt greitt å leva vel.