Arkiv | mars, 2011

Typografisk moodboard

29 Mar

Her har eg sett saman eit knippe logoar og design med ulik typografi. Mitt største problem med dette er at eg har klart å få med logoen til HM to gonger…(djiz!) Men eg får reflektera meir om dette i morgon. Og om kva som utgjer variasjonane i dei ulike typografiane. Eg tykkjer det er stor variasjon ved første augekast, men eg får sjå på det seinare. A-menneske delux, so no er det straks leggetid o.o

So… to be continued.

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg ser på logoane mine og reflekterer over dei.

* Det er ikkje alle fargeval og komposisjonar eg forstår… må kanskje ta eit djupdykk for å finna logikken, men eg trur også at ikkje alle bedrifter har særlig god logo når alt kjem til alt. Rimi sin logo forstår eg ikkje heilt, eg tykkjer den ser «billig» ut. Det er sikkert det som er hensikten, samt folkeleg, fargerik og lett å hugsa namnet på. Men særleg smakfull er den ikkje, og hadde eg eigd ei butikkjeda, ville eg at logoen skulle invitera kundar inn på eit meir smakfult vis.

* Dei fleste av logoane mine er med få fargar, lettlest skrift. Dei som derimot har meir innvikla design er i mitt tilfelle dei som har ein profil som fortel om tradisjon – som Tyrihans, AGA og BB (Brødrene Bjørndalseter). Her kjem det fram gamla tradisjonar som ein lett assosierer med godt handverk. Også Huseby kjem innunder her, med norsk flagg i logoen. = godt norsk. Og IKEA sin logo = typisk svensk, men den har jo igjen ein veldig enkel rettframtypografi.

* Eg ser på det som eit poeng at jo enklare jo betre. Det skal ikkje vera forstyrrande element. Element som vert lagt til må understreka/forsterka/bidra til ein betre logo. Det tykkjer eg til dømes Garnier har løyst på ein fin måte.

* Ein logo som HTH har er ein temmeleg genial konstruksjon. Konstruksjonen seier noko om kva type bedrift det er, samt at dei gjer det på ein ryddig og enkel måte – akkurat slik dei som skal kjøpa kjøken ønsker det – enkelt, ryddig, symmetrisk og fritt for utanomkrimskrams.

*Meir leikne logoar treff meir leikne menneske, som t.d. logoen til parfymen MADAME. Her assosierer eg med spelet rullett, som tar meg vidare til casino, Las Vegas, glamor, luksus, spel og kjærleik. Om ein vil ha ein smak på eit slikt liv – kjøp Madame.

*For meg er det assosiasjonane logoen skaper som gjer meg opplevinga av ein god eller dårleg logo. Jo enklare og meir smakfull den er – jo større målgruppe kan ein nå. Akkurat som den lille sorte (kjole, altså)… Dersom det ikkje er meininga å treffa ei bestemt målgruppe då, då kan ein gjera det slik som Madame. Eller Vanish, for den saks skuld. Eg trur eg unnlet å kjøpa Vanish kun på grunn av at den er simpel og glorete i logoen. Eg assosierer desverre med knallrosa leppestift og utslitte kle på gamle tanter som nyttar alle pengane sine på harry charterferie. My God. Slikt vaskepulver vil eg ikkje ha. (Det skulle dei tenkt på litt før. Eller kanskje dei ikkje vil ha pengane mine…?)

*Eit anna poeng – teksten må kunna bli forstått, elles er litt av meininga borte. Men igjen – den tibetanske skrifta eg har limt inn i dokumentet over får meg jo til å assosiera med tradisjon, asia, handverk, religion, skule og utdanning osv… Men greitt å ha tenkt over dette kjenner eg.

*Og til slutt. Ein U er aldri so fin som når den smiler Ü.

Advertisements

Ny oppgåve utlevert – HURRA!

29 Mar

Eg elskar måndagane det dett nye oppgåver inn i moodle. Då har eg noko konkret å bryna meg på, etter mykje dulling og prøving og feiling på eiga hand. No har me fått ut oblig 02 – LOGO. Eg har gledd meg til denne – og det var den som i si tid haldt meg vaken då eg først byrja studiet her. Eg fekk jo ein idé midt på natta, og sjølv om eg ikkje hadde fått oppgåva enno, sette eg meg ned og drodla i illustrator. KJEKT!

Men no, når eg les oppgåva, tenker eg jo at eg må gjera dette på nytt, med øvingar og tankar først, ikkje byrja på slutten og fantasera meg fram til bodskap og konkurrentar i etterkant. Difor legg eg ut den logoen eg laga då her no. Men eg kjem nok til å gå for sjokolade, og eg kjem nok til å kalla den NOMNOM. Kvifor har ingen laga ein sjokkis som heiter NOMNOM før?! Galskap!

 

Dette er altså ein elegant innpakka sjokolade i kvadratform. Den er mørk med hint av kokos og kanskje litt chilli. Litt eksotisk og veldig god 🙂 Eg ville definitivt kjøpt den! Og eg trur den ville blitt min favoritt (og når den kanskje ikkje var heilt favoritt lenger, hadde eg berre lansert nye smakar, og den ville levd på mi tunge for evig og alltid).

Men i dag – logohunting. For eit herleg liv!

 

(Denne logoen er forresten laga med fargar i CMYK.)

I’m on a roll!

27 Mar

Med all denne teikninga (og blogginga) verkar det nesten som om eg ikkje gjer noko anna i løpet av dagane.. Dette er altså ikkje reelt. Men eg får på ein måte ein boost av å teikna, so kanskje det er difor eg når over so mykje? Eg får tru det, og halda fram med blyanten.

Sist veke slo det meg at me snart er i april. Og då kjem plutseleg mai, og vips so er det (jul) sommar igjen. GUD so dejligt! Ser snøen dalar ned her no, og sjølv om eg likar snø, er det ikkje alltid like kjekt når den kjem i mars/april. Då er eg überklar for vår. Men den kjem vel når den er klar. Krokusane står klare iallfall, men dei ventar enno på den perfekte augneblink då dei skal titta heilt fram.

Her er iallfall gårskveldens og morgonens aktivitetar, samla i ein liten montasje. Det fascinerar meg framleis kor masse kult ein kan gjera i photoshop, sjølv om det eg har gjort på denne berre tok meg to sekund. For ei verd eg begir meg inn i! Elskar det ❤

 

Om ein klikkar seg inn på denne lenka; http://www.noir.dk/noir.php#/433714/ får ein opp eit foto av Stockton Johnson, ein smashing fotograf frå The US. Verd å sjekka han ut! Men akkurat dette fotografiet fekk meg til å villa teikna frøkna. Men å berre teikna ho var jo ikkje nok då...

Her er portofolien til Stockton Johnson. Finfine saker!

Før fuglane feis

26 Mar

Jepp, då var eg ute med kamera. Veldig ulikt meg eigentleg, å stikka ut før klokka er sju berre for å ta bilete, men i dag gjorde eg altså det. Vakna so fint litt over seks av minsten – som tenkte at det var ei fin tid å stå opp på (ho tykkjer det kvar bidige dag…).

Eg er velsigna med både fjord og fjell rett utanføre døra, so her har eg å boltra meg i.

Sidan me har fått utdelt kategoriar i fotooppgåva vår, har eg desse i tankane omlag kvar bidige dag. Det som fekk meg ut i dag var «Stemning». Då eg såg ut glaset var det heilt stille ute. Ein veldig RO, veldig fint. Og is på sjøen. Difor tok eg turen til naustet, og samla eit knippe stemningsbilete, samt nokre til «Form». Eg er i gong.

 

 

 

Desse er ikkje redigerte anna enn ein liten crop. Eg hadde instilt kamera på M, men korleis eg skal skriva resten veit eg ikkje enno. Det øvste tok eg på 400, det underste på 600. Eg skal finna ut korleis eg noterer dette seinare. No er det ein dag som skal nytast.

 

 

 

Kom helg!

24 Mar

No er det snart helg. Og heldigvis for det! Eg skal vel helst setja pris på tida uansett, for det er heller meir av «KOR blir all tida av??!!!» enn «Å! Kan ikkje dagane gå litt fortare??!!!» Men eg kjem no ikkje utanom å gle meg til helga uansett.

I dag har eg måtta ha ein timeout for å samla meg litt. Timeouten har gått føre seg med litt sjokolade, teikning og total stillhet. Til vanleg går det i høg musikk og alle dører opne, men i dag trengte eg ro, både rundt meg og i øyrene. Slik er det vel berre innimellom. Skulle allerhelst hatt litt fyr i ein røykelse medan eg roa sjela, men med døra att ville eg nok heller blitt litt dårleg… Kjøkenet er ikkje SÅ stort, og vifta er ikkje SÅ god at det ville vore ei fornøying… Eg tar røykelsen i morgon heller. Om eg ikkje treng timeout då og.

Men sånn utanom. Dagens teikning vart til mest fordi eg vil læra meg å teikna hår. Dritbra, altså. So i dag har eg øvd meg litt på det. Kult nok! Har også maska på med ein meir presis og tørr blyant – om eg kan forklara det slik, so det vart ikkje like mørkt og smudgy som det vert til vanleg. Ein dag skal eg kjøpa meg nye blyantar. Og eg gler meg til det. Kanskje eg må ta eit bilete av blyantskrinet mitt, berre so de får sjå kor skante det er på den fronten om dagen. Eg har vel kvesst dei vel mykje etter kvart.

Fortsatt god torsdag. God fredag. God helg.

 

The one and only;

23 Mar

Elizabeth Taylor. Eit lite stykke Hollywood. Au revoir madame!

21 Mar

I dag måtte eg teikna litt etter gammalt. Av eigen gledas lyst altså. Og slik vart det då. På poesiens dag og alt. Det vert lite blåmåndag når det er poesidag. Eg tykkjer det skulle vore oftare. Og helst at alle slike interessante dagar skulle falle på måndagar.

Men ach so! Eg får vel nøya meg med dei dagane som kjem uansett. Fridag i morgon. Gurimalla det vert fint. Kanskje eg skal måla vinaugskarmane mine då? Gubben har lista, so då tar eg lett over 🙂 Hurra for poesi og vindaugskarmar. På ein måndag.

Då gjenstår berre…….(trommevirvel)……Strike A Pose!