Arkiv | oktober, 2011

PLAKAT – EIN av ideane eg skal jobba vidare med.

31 Okt

Det er planen å laga ein tidlaus plakat som kan nyttast til fleire arrangement. Her kjem faktorar som gjenkjenning inn, samt fordelen med trykking – at ein kan trykka opp fleire, og legga til teksten som høver til kvart arrangement.

Ein av kommentarane som har kome fram i diskusjon er at det skal ha apell til elevane – alle aldrar. Dette er eitt av ideforslaga eg hadde med til førre møte, der det kom fram at denne var den med mest appell til born og unge – slik eg presenterte den iallfall. Her har eg ein del inspirasjon frå Inger Hagerups bok Så rart – fiksjon på ein enkel måte, ei litt filosofisk bok som får tankane i gong både hos store og små.

Ideen er å laga ein illustrasjon som syner publikum, og viser til ei forestilling. Problem med denne er at ein kanskje ikkje like lett syner til biletkunst – som er eit fag som skal representerast på lik line med musikk og song, drama og dans. Eit anna problem er – korleis gjera denne så tidlaus at den kan representera fleire arrangement av ulike karakterar? Eg får smaka litt på desse problemstillingane.

Det er iallfall ein ide som har paralellar til teikneserie, noko som fenger menneske i alle aldrar – også gutar – noko som er viktig å ta med i utforminga av det heile grafiske arbeidet, eit stilisert uttrykk kan vera veldig tidlaust dersom det gjerest rett (inspirert av mellom andre Picasso, Modigliani og Bendik Kaltenborn – geniale utøvarar med stiliserte uttrykk). Lett gjenkjenneleg og typeaktig. Må nok vera selektiv mtp kva element og fargar som skal vera med…

Men her er iallfall nokre døme. Fleire kjem.

Grafisk profil – tankar etter møte nr.2

28 Okt

No har eg kome frå møte nr to, der eg har presentert meir konkrete idear enn eg hadde førre møte. Eg har fått mange tilbakemeldingar som eg skal ta med vidare i arbeidet mitt med å utforma dei ulike elementa, altså logo, klistremerke, plakat og brosjyre. Eg hadde også medlemskort på lista fram til i dag, men etter møte er eg ikkje sikker om det er ønskjeleg lenger. Eg kan laga eit forslag likevel, men fekk råd om å ikkje nytta særleg tid på akkurat det.

Kjekt å få tilbakemelding om at dei vil satsa litt på ein brosjyre iallfall, og her vil eg gå for deira ynskje om å laga eit hefte i storleiken til eit cd-cover – det vert spanande! Eg har mange tankar her allereie, og håpar eg får kome i mål med desse temmeleg kjapt.

Når det gjeld logoen var det mange kjekke assosiasjonar ute blant lærarane i kulturskulen (tre, C-nøkkel,  tradisjon, utadvendt, kinesisk/norrøn symbolikk, harmoni), noko som tilseier at eg har klart å oppnå eit lite blikkfang. Heilt ferdig er den ikkje, men utgangspunktet er klart til å arbeida vidare med. I eit utval med fleire andre samansettingar, var det i tillegg denne versjonen flest la merke til.

Her er utgangspunktet;Denne versjonen har eg kalla samspelversjonen, på grunn av ein lysskulptur ved namn Samspel, som me har i ei rundkøyring her i Kvinnherad. Dei aller fleste som kjenner kommunen veit om «Samspel», og dermed vert logoen lettare knytt til kommunen, samt at symbolikken i ordet samspel vert lagt til denne i samme slengen.

Samspel er eit veldig fint uttrykk som passar godt til det kulturskulen står for og ynskjer å oppnå. Ein kulturskule for alle, samspel mellom fleire kulturar, samspel mellom ulike uttrykksformer, alt i eit universalt språk med dans, musikk, bilete og kroppsspråk. Vakkert? Vakkert!

Her er lysskulpturen som framside på brosjyre for den kulturelle nistepakken;

Og her ei lenke til arkitektane bak den vakre saken; LEAD Inc.

Ein av kommentarane til logoforslaget mitt var å gjera vinklane på dei to K’ane som eg har sett rygg mot rygg, litt rundare, slik at assosiasjonen til skulpturen vert meir tilgjengeleg. Det vart også kommentert at forslaget mitt var litt maskulint – utan at eg ser på det som noko som nødvendigvis må justerast på.

Eg har gitt uttrykk for at det er eg som til sist kjem til å ta dei grafiske designvala, ut frå at det er eg som er designeren i dette høve, og vil ha mine grunnar i kva god design er til grunn for det designet eg lagar, men kommentarar og idear tar eg jo sjølvsagt med vidare.

Logoen er iallfall på G!

Meir frå møte og fleire skisser kjem nok på løpende band. Men no trur eg at det er helg… 🙂

Grafisk prosjekteksamen – i høggir

24 Okt

No er alt levert inn for i år, forutan den grande finale – prosjekt eksamen (alias GRAP).

Eg er i full gong med skisser og format, arbeider både med papir og blyant, i InDesign, Illustrator, Photoshop og i Microsoftprogram PÅ EIN GONG! Det er mange ballar i lufta, og veldig greit å ha eit slags oversiktsystem på kva eg har gjort, gjer og skal gjera. Der kjem microsoft inn.

Illustrator er min gode ven til illustrasjonane og designen. Photoshop er min kjekke effektskapar og justerar, og alt kokast i hop i InDesign.

…og enno er eg berre komen til skissene (som eg forhåpentlegvis får LITT gehør for på møte førstkomande fredag. Då skal powerpoint vera med).

Her litt info om kunden.

 

Kvinnherad Kulturskule;  http://www.kulturskulen.kvinnherad.no

Eg har valt å legga prosjektet mitt til kulturskulen på grunn av min lidenskap for kultur, og det kan vera mitt bidrag tilbake å gje dei ein heilskapleg grafisk profil – noko det viste seg at dei har sakna, både leiinga og dei tilsette. Vonleg også elevane.

Det er eit nytt kulturskulebygg på gong – eller kultursenter, der kulturskulen skal få sin arbeidsplass – per i dag er det undervisning på skulane, og utviklinga har vore eit sakn for alle partar i kulturskulen. Med ein ny «heim» tykte eg det var enno ein god grunn til å få ein meir heilskapleg grafisk profil, og kunden var samd i det.

Til no har eg hatt to møte med dei, og  begge har vore av positiv art. Først la eg fram forslaget mitt til leiinga i kulturavdelinga i kommunen, og fekk temmeleg frie tøylar til å utforma prosjektet. Deretter fekk eg godkjent prosjektbeskriving, og var innom på eit personalmøte og informerte om prosjektet mitt til lærarane i kulturskulen. Neste møte går ut på å visa forslag innan logo, plakatillustrasjon, medlemskort til elevane (visittkort), brosjyre og klistremerke. Forhåpentlegvis får eg mekka noko som kan nyttast til header på heimesida også, men sidan eksamen er lagt opp til TRYKKsaker, vert ikkje denne ein stor prioritet.

Eg held no på å laga ein powerpointpresentasjon til møte førstkomande fredag, der eg skal presentera dei ideane eg tykkjer er verd å arbeida vidare med, og deretter skal dei aktuelle grafiske trykksakene lagast i tur og orden.

Eg har allereie lært ein heil del, og det er jaggu godt eg har så pass med tid på meg, for det kjem jo nye idear heile tida. Nokre til og med temmeleg gode!

Det er eit stort arbeid, og eg er takksam for moglegheita dette gir meg.

Oslosunrise

20 Okt

Grafisk mappe – check

20 Okt

Her er PDFen med den grafiske mappa. Eg skulle sikkert hatt meir luft her og der, men eg tykkjer den er grei. Ville halda det enkelt med format og bakgrunn, og heller la greiene mine få fokus. Kunne kanskje hatt meir luft på sidene mine, latt ting stå litt meir i fred, men slik vart det.

 

Grafisk mappe

Layout – check

20 Okt

Her er PDFen med det ferdige «magasinet». Kikk veldig gjerne innom www.langelandfoto.no for ein større smakebit på ein av Kvinnherads dyktige fotografar!

Her er Blunk.

Blunk 01

Ein oppdatering – på tide…

17 Okt

No har eg nytta nokre laaange dagar til å vera sjuk, så eg ligg ein smule bakpå. Eg tenker at eg skal klara å hasta meg etter. Positivt! Mogleg fordi eg er inne i ei superdupertruperspennande tid, eller fordi eg drøymte at eg var president i USA i natt (og vart gratulert av Davy Wathne…. woot?), eller fordi eg klarte å jogga ei mil på lørdag under KKløpet i Oslo (på 1time 16 minutt 3 sekund – eg er nøgd). Uansett er eg full av meistringskjensle, og det varmar i kropp og sjel.

Dagens agenda; Skriva rapport til oblig4, siste finpuss på grafisk mappe, organisera nokre fotos (og kanskje ta nokre fleire), og mogleg eg får arbeida meir med skisser til grafisk eksamen. Eventuelt presentera kunden og tankane mine bak profilen på bloggen….  det er vel også på tide.

Vel. Eg får skrida til verket.

Her er eit bilete frå osloturen. Turen altså.

Oblig 04 – portrett; check

4 Okt

No har eg forfatta portrettet av Ivar Langeland. Det betyr at eg kan byrja å skissa oppsettet på sidene, gå vidare med blunk-logo, og vips so er eg ferdig. Etter Curb-oppgåva er InDesign eit lett verkty å fatta, sjølv om det sikkert er eit hav med moglegheiter som eg ikkje har fått augo opp for enno.

Eg tenker feite tankar, og reknar i grunn med at det eg ser for meg kan bli gjort anten den eine eller andre plassen. Dagane er gilde, og eg er framleis psyked.

Her kjem nokre fotos, enno meir på tampen enn dei eg la ut sist eg følte eg var på tampen med fotoarkivet. Det er så mykje å velja mellom, og det er så mykje motiv eg ville ha / vil ha fanga før eg set spikaren i kista, liksom. Heldigvis godt over to veker igjen før den skal vera segla.

 

 

All theese loose ends.

2 Okt

No har eg plenty å gjera. Difor gjer eg alt eg ikkje må, og lar dei tinga eg Må gjera venta. Slik er det. Det er jo søndag.