Tag Archives: Sitat

Maritime greier

7 Nov

Eg har eit fotoprosjekt på g, eit maritimt. Har vel nett så vidt nemnt det i dette innlegget. Eg har mykje råmateriale å ta av, samstundes som denne «samlinga» mi stadig veks. Slik er det kanskje å bu ved sjøen.

Men eg leikar meg med bileta. Tøyer grensene for kva som er ok, kva som er eit godt bilete, motiv og for kva som vert FOR tullete. Men eg syns det er ok. Eg må leika meg litt med sakene mine, då lærer eg og har det kjekt. Viktige greier.

Her er nokre av mine …mest på kanten… bilder. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om dei enno, men eg likar fargane, og liker at motivet vert omgjort til former (som er heilt naturlege, fordi det er jo naturen som vrenger dei slik) og at det som gjer motivet til det det er, er klipt vekk.

Svevande. I allfall i kategorien FOTOGRAFI. Det kan vel diskuterast om dette er fotografi, men det er jo igrunn det. Har berre miksa litt i fargane, elles er det heilt fotografisk. Kva er det Andy Warhol sa no igjen.. «Art is what you can get away with«. Kanskje det er det eg prøver på.

Han har også sagt; «Don’t think about making art, just get it done. Let everyone else decide if it’s good or bad, wheter they love it or hate it. While they are deciding, make even more art.» For ein mann. Eg tar med meg sitatet, og held fram med å leika fram motiv. Eg syns det er kult, so eg held berre fram – medan andre kan ta stilling til om det er bra eller dårleg.

 

 

 

Advertisements

Eg ser det no

7 Jun

Kvar gong etter eg har ferdiggjort eit prosjekt, dett eg rett i dass. Ein sokalla utladning kanskje. Slik har eg det no – etter landstreffet, som gav resultat heilt utanføre det eg hadde venta. Ein er liksom så høgt oppe plutseleg, veldig i live, og føler seg i klassen top noch. Så er det rett attende til kvardagen igjen, som kanskje då ikkje er fylt med like mykje glam og glitter. Old news? Jepp, men eg har ikkje heilt vent meg til dette fenomenet enno.

Då er det ok å ha nokre gode sitat å trøysta seg på, og som kan motivera for å skapa litt glam og glitter i kvardagen og. No tviheld eg på dette søte, som får meg til å stable beina under meg igjen, og skapa vidare.

Thomas Edison

22 Mai

«Rådløshet og utilfredshet er de første forutsetningene for fremskritt»

Då er eg jo eit praktdøme på framskritt – både med prosjekt, obligatorisk oppgåve og i livet generelt om dagen. Rådlaus og lite nøgd atm. Ting vil ikkje virka som dei skal. Gah!