Tag Archives: NSFF

Alt skjer i «mellomtida»

24 Okt

Til dømes fotografering. Eg er spent på korleis Kvinnherad Fotoklubb gjer det i denne bolken av NM i foto (regi NSFF), meg sjølv inkludert. Resultata vert offentleggjort 13.november. EXCITED!

Men attende til mellomtida. Eg har ein maritim ide eg jobbar med. Tykkjer det er så mange spanade uttrykk å oppdaga, dersom ein brukar kunnskapane ein har om teknikk på ein kreativ måte, og ikkje tviheld seg til «reglane» for kva eit godt bilete er.

Eg har alltid vore glad i å tenka utanføre boksen, og fotografering er intet unnateke. Eg vert som ein trassig unge, og dersom nokon seier til meg; her skulle du hatt denne i det gyldne snitt! Eller; Her er fargemetninga litt vel høg, litt for mykje utbrente parti, eller likande – ja, då gjer eg det tvert motsette. Eg PRØVER å gjera denne eigenskapen om til noko positivt. Bruka den til å våga meir. Bli meir unik i uttrykket mitt. Smetta under dei verste «reglane».

Det er litt av tankane mine bak min maritime ide. Eg var på sjøen, i båt, og det var bølgjer. Med kort lukkertid og liten dybdeskarpleik gjer det ikkje stort å vera i ein bølgjande båt. Men eg gjorde det tvert motsette. Lav ISO og største dybdeskarpleik. Og då fekk eg mellom anna dette.  Eg tykkjer det er magisk.

Og i mellomtida

10 Okt

.. ja, i mellomtida har eg vore opptatt med andre saker. Mellom anna levert nokre bidrag til Baluba Illustrasjon si store kortsamling – eit årvisst illustrasjonsprosjekt dei steller i stand. Artig. Det gjenstår å sjå kven dei vel til samlinga, men det gir iallfall ny inspirasjon å vera med på slikt, uansett utfall.

Eg har også levert bilder til NM i foto, NSFF sin landskonkurranse har skifta namn, og no har dei frist 15.oktober. Kan ikkje noko for det, men eg er spent på korleis bileta mine vert vurdert..


Elles held eg på å jobba med nokre saker til eit magasin – Draumen om Folgefonna, som skal ut 1.desember.  Har ein mnd på meg til deadline no, og ein del eg skal få gjort til dess. Noko er allereie i boks, men so var det resten då.. Går seg til. Deadline er eit søtt dyr.


Ja, og so er det jo eksamen… og mappeinnlevering. Her er eg nesten i boks, treng framleis berre eit banner, samt å legga ut nokre øvingsoppgåver og litt knask. Og sjølve eksamen byrjar eg ikkje på før prosjektbeskrivinga mi er i orden, so eg har smurt meg med tolmod og ventar spent på respons.

 

Prosjektbeskriving levert

4 Okt

– so då ventar eg spent på tilbakemelding. Eg føler jo kanskje at eg har tatt meg ørlite vatn over hovudet, men eg har altså lagt inn eit moment om å laga reklamefilm. Og då har eg ikkje laga ein einaste film i heile mitt liv. Men eg har ein visjon om at eg kan klara det, samt ein visjon om å læra å laga film, samt ein visjon om at eg SKAL pusha grensene mine for kva eg kan klara. Og då er det på sin plass å laga ein liten film.

Elles er det snart dags for ein ny runde med NM i foto, og eg er klar med nye bilder. Har fått ein del tilbakemeldingar på bileta frå både fotoklubb og andre, så eg har iallfall eit utval eg kan sei meg nøgd med. Sjølvsagt er det mange bilete eg enno har til gode å ta (feks meg, kamera og stativ i Roma og Paris – stay tuned, det SKAL skje), og eg gler meg til resten av den kreative utviklinga mi. Må den aldri stoppa opp!

Dessutan har eg skrive ein artig sak om ei gammal husholdningsbok og gamle oppskrifter, og sjølvsagt fått ein del bilete frå dei og. MYKJE fenomenal lesing der altså! Spent å sjå korleis det vert på trykk.

Fotografiets dag

26 Aug

I dag er det fotografiets dag – og tema er amatørfotografen. Spennande greier, og eg får forhåpentlegvis med meg NSFF si jubileumsutstilling «Drømmen om det perfekte bildet» i Horten neste helg. Vil tru det er ei spanande utstilling, både til inspirasjon og motivasjon for å delta i NM i fotografi seinare i haust.

Fotografiets dag kan ikkje gå forbi utan foto her på bloggen, so eg postar nokre eg tok no i helga. Fint på sjøen. Bileta er uredigerte.

This slideshow requires JavaScript.

 

NSFF’s nasjonale landstreff i Bergen

6 Jun

Eg var jo på landstreff i Bergen denne helga – eit ledd i min plan om å stadig utvida min horisont, vera kreativ med andre kreative og henta inspirasjon. Gosj, så inspirerande det var. Noko reint estetisk, noko humoristisk, noko provoserande, og eksotisk, spanande, fryktlaust, forskrekkande og genialt. Eit samansurium av goder. Ein av mine personlege goder var sjølvsagt sølvmedalje i monokrom papir-kategorien. Awsome!

Blant føredragsholdarane var Dag Thorenfelt – eit fyrverkeri av ein person, som oppfordra oss til å nytta ytringsfridommen og slenga av oss den sekken me ber på og dyrka vår eigen galskap utan å tenka jantelov eller samfunn. I dag er det SÅ INDERLEG MANGE fotografar som køyrer på, og ein skal ha eit unikt uttrykk for å bli sett. Vårt EIGE uttrykk. Han har mellom anna ein løfte-serie, som er heilt utanfor boksen. Så fritt og fantastisk, ein genial apetittvekkar på heile landstreffet.

Harald Henden kom med sterke historiar om korleis det er å jobba som fotograf i krigsherja område, stader der naturkreftene har jamna ut landsbyar, om svolt, om død. Først kunne eg ikkje forstå kva som var drivkrafta hans – å reisa til Sudan å knipsa bilete av ei mor som held barnet sitt, og knipsar bilete det sekundet barnet tar sin siste pust. Fy søder, liksom!
Men so skjøna eg det etterkvart. Henden er ein mann som fortel oss om desse katastrofene, om urettferdighet og krig, med det kanskje sterkaste middelet som fins i dagens media – fotografiet. Sterkt foredrag. Respekt, Harald!

Ein meir nedtona Johnny Haglund, som for nokon sikkert er kjend som fotograf og journalist i Vi Menn, der han reiser til verdens hjørner og samlar historiar og eventyr der ingen visste dei fans. Også hans føredrag var til tider sterkt; på hjørnene av verda bur det også menneske i slummen, attmed togskinnene, på søppeldynga. Haglund viste seg å vera ein fantastisk sympatisk mann, med mykje omtanke og respekt for dei han treff på vegen. Fotografia hans var reportasjeaktige, men vakre. Han gav ein påminnar om at ein skal eksperimentera litt med det kameratekniske, slik at ein heile tida lærer og utviklar seg, og sitt fotografiske uttrykk.

I tillegg til desse inpirerande føredraga, var eg mellom anna på ein utflukt til Gamle Bergen – ein vakker stad som alle burde oppleva. Eg knipsa litt bilete der frå sjølvsagt, og prøvde å utfordra meg sjølv litt med tanke på motivval, kamerainnstillingar og etterbehandling. Befriande og sweet.

Alle lause endar..

17 Apr

Jup, eg har nokre lause endar. Kanskje også nokre lause skruar  – slik kjennes det ut innimellom iallfall. Men eg held på å nøsta so godt det lar seg gjera, og i dag har eg den store søknadsskriveogsendedagen.

Og som ikkje det var nok, i morgon vert det å lesa om meg i lokalavisa. Nyetablerte Jorun, Stas!

Ja, og så har har eg fått i orden deltaking på landstreffet i Bergen, arrangert av NSFF. Heldige meg får innkvartera meg hjå søte K, akkurat den helga det er Festspillene i Bergen. Kor fantastisk er ikkje det?! Langhelg med massemassemasse input og inspirasjon; kom til meg!

Det blir ein fin måte å feira at eg forhåpentlegvis er ferdig med oblig 08, og kan ta sommarferie i frå studiene.

Eg feirar sakene med eit lite foto av ein skikkelig søt hårball, naaaww!