Tag Archives: personleg

Prosjekteksamen 12

21 Jan

No har eg redigert og lagt på tekst og lyd. Eg tykkjer det er ein sjarmerande film, og all den tid eg ynskjer å gi potensielle kundar ei kjensle av at #ho der må vera kul å jobba med, måtte det bli noko som dette.

Eg har vore ganske i stuss om locationen, ein skrå bakke og litt klussete bakgrunn. Men eg har tenkt som so at det er jo slik her, bakkar og fjell. Eg vil samstundes at min vetle film skal seia noko om kor eg høyrer til. Og det er jo på ein gard – noko av det som er spesielt med verksemda. Dersom eg hadde hatt ein svææær vegg med mange ulike dører i – og der eg vimsa inn ei og ut ei anna – då hadde eg heller nytta den trur eg, men igjen – då hadde eg tatt verksemda utav konteksten, og in the end hadde eg ikkje kunna forsvara slike kulissar heller.

Poenget mitt er vel det eg er mest nøgd med – du har eit prosjekt – du er usikker på kva du skal gjera – hildring er/har svaret. Er vel ei grei reklameoppbygging det. Men eg tenker jo på det… det vil kanskje treffa dei som vil bli sjarmert, men eg veit ikkje om det vil treffa dei som er ute etter noko unikt og superproft. Men igjen. Det er min første film, og eg tykkjer eg har fått det greit til.

Eg ville spela litt på humor, og nytta den monokrome fargepalletten som eg også har nytta i nettsidedesignet mitt – difor svartkvitt, og difor litt stumfilminspirert redigering. Er glad i britisk humor, og Benny Hill er vel brent fast der han spring i badedrakt over dei grøne bakkane. Kult! Slikt blir ein inspirert av.

Og musikken. Her har eg tidlegare vore inne på Soundcloud og lasta ned låtar som har lagt ute fri til bruk – i tidlegare studieoppgåver. Eg nytta ein av desse, då den passa godt til filmen min, stilmessig og med stemninga.

Vel. Den ligg      HER

Advertisements

Prosjekteksamen 10 – cdcover, igjen

15 Jan

No leikar eg meg med ein meir enkel og personleg design til coveret. Med tanke på kva det skal nyttast til i mitt tilfelle, vil eg jo sjølvsagt takka kundane mine for at dei nyttar seg av det eg tilbyr, og dermed eit takk. Får laga litt variantar av denne, tenkjer å legga til «for samarbeidet» eller kanskje det vert for cheezy, testar det ut. Nærmar seg jo eksamen og no, så det er berre å peisa på. Håpar eg får filmen min i havn til dess – no er det kun den som gjenstår, i tillegg til finpuss på cdcoveret og rapporten. Fleskar seg!

cover_hildring_02

Prosjekteksamen 9 – cdcover

11 Jan

Dette er mitt første utkast til cd-coveret som også føl med i eksamensoppgåva. Her er framsida. Baksida blir pryda med kontaktinformasjon tenker eg. Eventuelt 3×3 boksar med bilete (eller berre eitt illustrerande) – alt etter kva som er innhaldet på cden.

Eg har arbeidd ut frå min stil – retro light – og er her inspirert av enke geometriske former. Fargane er henta frå logoen, og komposisjonen ynskjer eg skal fungera uansett kva som er føremålet med cden. Altså – i eksamensoppgåva står det at cd-coveret skal designast og at innhaldet på liksomcden er sjølve nettstaden.

Eg tenker jo då at når eg først lagar eit cdcover, er det jo kjekt å kunna nytta coveret til dei andre prosjekta mine der eg gir frå meg cdar. Til dømes originalar, bryllupsbilete, kopiar m.m. Eg heller vel litt mot diskett med den vetle papirbiten øvst, det tenker eg som eit felt der ein kan skriva på kva cden inneheld.

Og eg tenker meg eit slikt cover som ein berre glir cden inni. Veit no ikkje kva dei heiter, men sånn hardpapp iallfall.

Tja. Men eg er berre i ideprøvingsfasen no, så her kjem sikkert fleire døme. Liker å ha ein personleg touch på dei tinga eg leverer frå meg. Anten ei lita helsing eller ei teikning eller, ja. Ei av mine styrkar i bedrifta mi er jo at all kommunikasjon vert personleg og nær. Det er jo eg som har alle oppgåver i verksemda, og eg vil følja opp kundane mine med eit slikt personleg nærvær. Då er det ekstra fint med nokre slike gestar. Trur eg.

Kanskje eg skal få meg eit stempel, og berre stempla logoen min på heller.. Og legga meir vekt på papiret cdcoveret vert laga i… Eventuelt gi det ein struktur. Eg er glad i struktur. Eg prøver det som neste utkast.

Her er nr 1.

cover_hildring_01