Alt skjer i «mellomtida»

24 Okt

Til dømes fotografering. Eg er spent på korleis Kvinnherad Fotoklubb gjer det i denne bolken av NM i foto (regi NSFF), meg sjølv inkludert. Resultata vert offentleggjort 13.november. EXCITED!

Men attende til mellomtida. Eg har ein maritim ide eg jobbar med. Tykkjer det er så mange spanade uttrykk å oppdaga, dersom ein brukar kunnskapane ein har om teknikk på ein kreativ måte, og ikkje tviheld seg til «reglane» for kva eit godt bilete er.

Eg har alltid vore glad i å tenka utanføre boksen, og fotografering er intet unnateke. Eg vert som ein trassig unge, og dersom nokon seier til meg; her skulle du hatt denne i det gyldne snitt! Eller; Her er fargemetninga litt vel høg, litt for mykje utbrente parti, eller likande – ja, då gjer eg det tvert motsette. Eg PRØVER å gjera denne eigenskapen om til noko positivt. Bruka den til å våga meir. Bli meir unik i uttrykket mitt. Smetta under dei verste «reglane».

Det er litt av tankane mine bak min maritime ide. Eg var på sjøen, i båt, og det var bølgjer. Med kort lukkertid og liten dybdeskarpleik gjer det ikkje stort å vera i ein bølgjande båt. Men eg gjorde det tvert motsette. Lav ISO og største dybdeskarpleik. Og då fekk eg mellom anna dette.  Eg tykkjer det er magisk.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Alt skjer i «mellomtida»”

Trackbacks/Pingbacks

  1. Maritime greier « Heppiknott - november 7, 2012

    […] har eit fotoprosjekt på g, eit maritimt. Har vel nett så vidt nemnt det i dette innlegget. Eg har mykje råmateriale å ta av, samstundes som denne “samlinga” mi […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: