Tag Archives: tekstur

Prosjekteksamen 9 – cdcover

11 Jan

Dette er mitt første utkast til cd-coveret som også føl med i eksamensoppgåva. Her er framsida. Baksida blir pryda med kontaktinformasjon tenker eg. Eventuelt 3×3 boksar med bilete (eller berre eitt illustrerande) – alt etter kva som er innhaldet på cden.

Eg har arbeidd ut frå min stil – retro light – og er her inspirert av enke geometriske former. Fargane er henta frå logoen, og komposisjonen ynskjer eg skal fungera uansett kva som er føremålet med cden. Altså – i eksamensoppgåva står det at cd-coveret skal designast og at innhaldet på liksomcden er sjølve nettstaden.

Eg tenker jo då at når eg først lagar eit cdcover, er det jo kjekt å kunna nytta coveret til dei andre prosjekta mine der eg gir frå meg cdar. Til dømes originalar, bryllupsbilete, kopiar m.m. Eg heller vel litt mot diskett med den vetle papirbiten øvst, det tenker eg som eit felt der ein kan skriva på kva cden inneheld.

Og eg tenker meg eit slikt cover som ein berre glir cden inni. Veit no ikkje kva dei heiter, men sånn hardpapp iallfall.

Tja. Men eg er berre i ideprøvingsfasen no, så her kjem sikkert fleire døme. Liker å ha ein personleg touch på dei tinga eg leverer frå meg. Anten ei lita helsing eller ei teikning eller, ja. Ei av mine styrkar i bedrifta mi er jo at all kommunikasjon vert personleg og nær. Det er jo eg som har alle oppgåver i verksemda, og eg vil følja opp kundane mine med eit slikt personleg nærvær. Då er det ekstra fint med nokre slike gestar. Trur eg.

Kanskje eg skal få meg eit stempel, og berre stempla logoen min på heller.. Og legga meir vekt på papiret cdcoveret vert laga i… Eventuelt gi det ein struktur. Eg er glad i struktur. Eg prøver det som neste utkast.

Her er nr 1.

cover_hildring_01

Prosjekteksamen – 7

12 Des

Litt work in progress-bilder. Eg føler eg er inne på noko bra her. Har hatt ein revurdering på fargeskalaen, etter å ha dratt strikken vel langt. Greit å overdriva – då kjem svakhetane og evt styrke med elementa fram. I mitt tilfelle var det svakhetane som vart forsterka. Dette er tross alt ikkje på leik – det er både nettsida mi (big deal!!!) og eksamen (også big deal!!!).

Så slik som dette ligg eg altså an.
(og for nerdar der ute – samt andre med interesse for utviklinga – har eg sida liggande i prosess-modus – dei som vil kan følgja med på kva eg dullar med as I go. Dette er ei vurdering eg har tatt pga at folk er genuint nyfikne, og eg ynskjer at dei som googlar/søkjer meg opp, skal finna noko å bli informert av.)

Denne ideen gjorde meg klokare. Dropp den raude fargen, pøs på med LUFT! Deilig luft!

Denne ideen gjorde meg klokare. Dropp den raude fargen, pøs på med LUFT! Deilig luft!

 

Litt meir koding som skal til, og på denne sida jobbar eg med eit kart. Spennande.

Litt meir koding som skal til, og på denne sida jobbar eg med eit kart. Spennande.

 

Mhm. Behagelege fargar! Greit med ein nøytral bakgrunn, og rolege med glade og energiske fargar. Symboliserer ro, balanse, liv og leik.

Mhm. Behagelege fargar! Greit med ein nøytral bakgrunn, og rolege med glade og energiske fargar. Symboliserer ro, balanse, liv og leik.

 

Alt skjer i «mellomtida»

24 Okt

Til dømes fotografering. Eg er spent på korleis Kvinnherad Fotoklubb gjer det i denne bolken av NM i foto (regi NSFF), meg sjølv inkludert. Resultata vert offentleggjort 13.november. EXCITED!

Men attende til mellomtida. Eg har ein maritim ide eg jobbar med. Tykkjer det er så mange spanade uttrykk å oppdaga, dersom ein brukar kunnskapane ein har om teknikk på ein kreativ måte, og ikkje tviheld seg til «reglane» for kva eit godt bilete er.

Eg har alltid vore glad i å tenka utanføre boksen, og fotografering er intet unnateke. Eg vert som ein trassig unge, og dersom nokon seier til meg; her skulle du hatt denne i det gyldne snitt! Eller; Her er fargemetninga litt vel høg, litt for mykje utbrente parti, eller likande – ja, då gjer eg det tvert motsette. Eg PRØVER å gjera denne eigenskapen om til noko positivt. Bruka den til å våga meir. Bli meir unik i uttrykket mitt. Smetta under dei verste «reglane».

Det er litt av tankane mine bak min maritime ide. Eg var på sjøen, i båt, og det var bølgjer. Med kort lukkertid og liten dybdeskarpleik gjer det ikkje stort å vera i ein bølgjande båt. Men eg gjorde det tvert motsette. Lav ISO og største dybdeskarpleik. Og då fekk eg mellom anna dette.  Eg tykkjer det er magisk.

Thomas Edison

22 Mai

«Rådløshet og utilfredshet er de første forutsetningene for fremskritt»

Då er eg jo eit praktdøme på framskritt – både med prosjekt, obligatorisk oppgåve og i livet generelt om dagen. Rådlaus og lite nøgd atm. Ting vil ikkje virka som dei skal. Gah!

Ein pus på ein tysdag

24 Apr

Eg held framleis på å mekka bilete og tekst. Her er eitt døme av ein pus. Gjer seg i grunn med litt tekstur, sjølv om eg innimellom føler det kan bli veldig vintage-er-in-så-bruk-tekstur-for-å-gjera-biletet-in. Det blir gjort så mykje! Men til sitt bruk og for sitt uttrykk- heilt fett!

Er ekstra piff når ein får ein liten utfordring til å gjera nettopp dette, her.