Tag Archives: fotografering

Prosjekteksamen – 5

28 Nov

Eg held på å tenka på innhaldet, skapa innhald, velja ut innhald og planlegga innhald til sida mi. Eg trur eg nærmar meg noko mtp layout, og håpar eg har evnene til å la det skje slik eg vil.

Ein av sakene eg skal putta innpå sida er jo bilete av underteikna, slik at folk ser kven dei har med å gjera. Då vert det sjølvportrettering – noko eg ikkje har gjort noko særleg før. Veit knapt korleis min fjernstyrte sjølvutløysar fungerer, so dette vert bra.

Advertisements

Og i mellomtida

10 Okt

.. ja, i mellomtida har eg vore opptatt med andre saker. Mellom anna levert nokre bidrag til Baluba Illustrasjon si store kortsamling – eit årvisst illustrasjonsprosjekt dei steller i stand. Artig. Det gjenstår å sjå kven dei vel til samlinga, men det gir iallfall ny inspirasjon å vera med på slikt, uansett utfall.

Eg har også levert bilder til NM i foto, NSFF sin landskonkurranse har skifta namn, og no har dei frist 15.oktober. Kan ikkje noko for det, men eg er spent på korleis bileta mine vert vurdert..


Elles held eg på å jobba med nokre saker til eit magasin – Draumen om Folgefonna, som skal ut 1.desember.  Har ein mnd på meg til deadline no, og ein del eg skal få gjort til dess. Noko er allereie i boks, men so var det resten då.. Går seg til. Deadline er eit søtt dyr.


Ja, og so er det jo eksamen… og mappeinnlevering. Her er eg nesten i boks, treng framleis berre eit banner, samt å legga ut nokre øvingsoppgåver og litt knask. Og sjølve eksamen byrjar eg ikkje på før prosjektbeskrivinga mi er i orden, so eg har smurt meg med tolmod og ventar spent på respons.