Tag Archives: nm i fotografi

Og i mellomtida

10 Okt

.. ja, i mellomtida har eg vore opptatt med andre saker. Mellom anna levert nokre bidrag til Baluba Illustrasjon si store kortsamling – eit årvisst illustrasjonsprosjekt dei steller i stand. Artig. Det gjenstår å sjå kven dei vel til samlinga, men det gir iallfall ny inspirasjon å vera med på slikt, uansett utfall.

Eg har også levert bilder til NM i foto, NSFF sin landskonkurranse har skifta namn, og no har dei frist 15.oktober. Kan ikkje noko for det, men eg er spent på korleis bileta mine vert vurdert..


Elles held eg på å jobba med nokre saker til eit magasin – Draumen om Folgefonna, som skal ut 1.desember.  Har ein mnd på meg til deadline no, og ein del eg skal få gjort til dess. Noko er allereie i boks, men so var det resten då.. Går seg til. Deadline er eit søtt dyr.


Ja, og so er det jo eksamen… og mappeinnlevering. Her er eg nesten i boks, treng framleis berre eit banner, samt å legga ut nokre øvingsoppgåver og litt knask. Og sjølve eksamen byrjar eg ikkje på før prosjektbeskrivinga mi er i orden, so eg har smurt meg med tolmod og ventar spent på respons.

 

Advertisements

Prosjektbeskriving levert

4 Okt

– so då ventar eg spent på tilbakemelding. Eg føler jo kanskje at eg har tatt meg ørlite vatn over hovudet, men eg har altså lagt inn eit moment om å laga reklamefilm. Og då har eg ikkje laga ein einaste film i heile mitt liv. Men eg har ein visjon om at eg kan klara det, samt ein visjon om å læra å laga film, samt ein visjon om at eg SKAL pusha grensene mine for kva eg kan klara. Og då er det på sin plass å laga ein liten film.

Elles er det snart dags for ein ny runde med NM i foto, og eg er klar med nye bilder. Har fått ein del tilbakemeldingar på bileta frå både fotoklubb og andre, så eg har iallfall eit utval eg kan sei meg nøgd med. Sjølvsagt er det mange bilete eg enno har til gode å ta (feks meg, kamera og stativ i Roma og Paris – stay tuned, det SKAL skje), og eg gler meg til resten av den kreative utviklinga mi. Må den aldri stoppa opp!

Dessutan har eg skrive ein artig sak om ei gammal husholdningsbok og gamle oppskrifter, og sjølvsagt fått ein del bilete frå dei og. MYKJE fenomenal lesing der altså! Spent å sjå korleis det vert på trykk.

Fotografiets dag

26 Aug

I dag er det fotografiets dag – og tema er amatørfotografen. Spennande greier, og eg får forhåpentlegvis med meg NSFF si jubileumsutstilling «Drømmen om det perfekte bildet» i Horten neste helg. Vil tru det er ei spanande utstilling, både til inspirasjon og motivasjon for å delta i NM i fotografi seinare i haust.

Fotografiets dag kan ikkje gå forbi utan foto her på bloggen, so eg postar nokre eg tok no i helga. Fint på sjøen. Bileta er uredigerte.

This slideshow requires JavaScript.