Eg har gjort eit utval.

25 Nov

Dette er essensielt for den grafiske profilen eg held på med, mellom anna har eg føretatt ein fargetest, og kome fram til ein god blåfarge til trykk.

Blått symboliserer ro, fridom, energi, styrke, sanning og harmoni. Fargen assosieres med himmel og hav og er ein stødig farge. Tidlaus og omgjengeleg. I denne samanheng kan ein assosiera med fargen i kommunevåpenet til Kvinnherad, som jo er kommunen til kulturskulen.

 

Eg har også valt font til logoen; eurostile. Eg testa ut fleire, men mange falt igjennom. Dei vart vegd, og funne for lette.

Eurostile-fonten passar godt inn i den grafiske profilen eg lagar, med sine geometriske runda former, og er ein moderne skrifttype (-62) som har litt attitude. Den er enkel, men med personlegdom. Har blitt nytta i alt frå pc-spel til cd-cover, som logo for mellom andre TOSHIBA og fcuk (motehuset French Connection – United Kingdom). Ein internasjonal font som kommuniserer kultur.

 

Her er logoane eg og kunden har gått for, no i ferdige (99% sikkert iallfall) variantar.

Av desse har eg ein klar favoritt. Her er dei presentert i klistremerkeform, med ein enkel kontur rundt for markering og innramming.

Slik vert det i svart-kvitt

 

Når det gjeld versjonen til høgre (samspelversjonen), gjer den seg grådig godt som mønster, og i gråtonar. Eg kunne gjerne tapetsert ein vegg i huset mitt med noko slikt. Og mogleg det er råd å nytta mønsteret mitt på eitt eller anna område og? No eller ved eit seinare høve.

Her er mønsteret

 

Men attende til logoen. Eg har laga variasjonar i fargane – der det er ulike samansettingar mellom blått, grått, kvitt og svart. Kombinasjonane saman altså, og korleis dei fungerer. Nokon kombinasjonar fungerer IKKJE, og vil ikkje få innpass i profilmanualen.

Mine klare favorittar er dei med kvit eller svart bakgrunn. Reint og lar forma stå og spire og inspirere (dette er spireversjonen av logoen).

 

Her er nokre kombinasjonar av samspelvarianten

Her er dei blå variantane med skugge. Denne tok eg vekk i klistremerkeformene over, for eg er veldig i tvil om eg likar skuggen. Den er som sagt grei i den grå varianten, men med skaleringa opp og ned, vert den anten klumpete eller unødvendig  – skuggen altså. Trur den må vika for den enkle forma.

 

Slik ligg eg an no. Jobbar meg ferdig med ting, samlar tankane mine og oppsummerer trykksak for trykksak. Det er litt scary, for eg skal ta bilde neste veke og, og skal presentera ferdig produkt (99% ferdig MINST) i byrjinga av desember.

No når eg sit og ser på logoane over, ser eg at dei har forskyvd seg i forhold til bokstavane. Det må eg ordna. PIRK.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: