Grafisk prosjekteksamen – i høggir

24 Okt

No er alt levert inn for i år, forutan den grande finale – prosjekt eksamen (alias GRAP).

Eg er i full gong med skisser og format, arbeider både med papir og blyant, i InDesign, Illustrator, Photoshop og i Microsoftprogram PÅ EIN GONG! Det er mange ballar i lufta, og veldig greit å ha eit slags oversiktsystem på kva eg har gjort, gjer og skal gjera. Der kjem microsoft inn.

Illustrator er min gode ven til illustrasjonane og designen. Photoshop er min kjekke effektskapar og justerar, og alt kokast i hop i InDesign.

…og enno er eg berre komen til skissene (som eg forhåpentlegvis får LITT gehør for på møte førstkomande fredag. Då skal powerpoint vera med).

Her litt info om kunden.

 

Kvinnherad Kulturskule;  http://www.kulturskulen.kvinnherad.no

Eg har valt å legga prosjektet mitt til kulturskulen på grunn av min lidenskap for kultur, og det kan vera mitt bidrag tilbake å gje dei ein heilskapleg grafisk profil – noko det viste seg at dei har sakna, både leiinga og dei tilsette. Vonleg også elevane.

Det er eit nytt kulturskulebygg på gong – eller kultursenter, der kulturskulen skal få sin arbeidsplass – per i dag er det undervisning på skulane, og utviklinga har vore eit sakn for alle partar i kulturskulen. Med ein ny «heim» tykte eg det var enno ein god grunn til å få ein meir heilskapleg grafisk profil, og kunden var samd i det.

Til no har eg hatt to møte med dei, og  begge har vore av positiv art. Først la eg fram forslaget mitt til leiinga i kulturavdelinga i kommunen, og fekk temmeleg frie tøylar til å utforma prosjektet. Deretter fekk eg godkjent prosjektbeskriving, og var innom på eit personalmøte og informerte om prosjektet mitt til lærarane i kulturskulen. Neste møte går ut på å visa forslag innan logo, plakatillustrasjon, medlemskort til elevane (visittkort), brosjyre og klistremerke. Forhåpentlegvis får eg mekka noko som kan nyttast til header på heimesida også, men sidan eksamen er lagt opp til TRYKKsaker, vert ikkje denne ein stor prioritet.

Eg held no på å laga ein powerpointpresentasjon til møte førstkomande fredag, der eg skal presentera dei ideane eg tykkjer er verd å arbeida vidare med, og deretter skal dei aktuelle grafiske trykksakene lagast i tur og orden.

Eg har allereie lært ein heil del, og det er jaggu godt eg har så pass med tid på meg, for det kjem jo nye idear heile tida. Nokre til og med temmeleg gode!

Det er eit stort arbeid, og eg er takksam for moglegheita dette gir meg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: