Grafisk profil – tankar etter møte nr.2

28 Okt

No har eg kome frå møte nr to, der eg har presentert meir konkrete idear enn eg hadde førre møte. Eg har fått mange tilbakemeldingar som eg skal ta med vidare i arbeidet mitt med å utforma dei ulike elementa, altså logo, klistremerke, plakat og brosjyre. Eg hadde også medlemskort på lista fram til i dag, men etter møte er eg ikkje sikker om det er ønskjeleg lenger. Eg kan laga eit forslag likevel, men fekk råd om å ikkje nytta særleg tid på akkurat det.

Kjekt å få tilbakemelding om at dei vil satsa litt på ein brosjyre iallfall, og her vil eg gå for deira ynskje om å laga eit hefte i storleiken til eit cd-cover – det vert spanande! Eg har mange tankar her allereie, og håpar eg får kome i mål med desse temmeleg kjapt.

Når det gjeld logoen var det mange kjekke assosiasjonar ute blant lærarane i kulturskulen (tre, C-nøkkel,  tradisjon, utadvendt, kinesisk/norrøn symbolikk, harmoni), noko som tilseier at eg har klart å oppnå eit lite blikkfang. Heilt ferdig er den ikkje, men utgangspunktet er klart til å arbeida vidare med. I eit utval med fleire andre samansettingar, var det i tillegg denne versjonen flest la merke til.

Her er utgangspunktet;Denne versjonen har eg kalla samspelversjonen, på grunn av ein lysskulptur ved namn Samspel, som me har i ei rundkøyring her i Kvinnherad. Dei aller fleste som kjenner kommunen veit om «Samspel», og dermed vert logoen lettare knytt til kommunen, samt at symbolikken i ordet samspel vert lagt til denne i samme slengen.

Samspel er eit veldig fint uttrykk som passar godt til det kulturskulen står for og ynskjer å oppnå. Ein kulturskule for alle, samspel mellom fleire kulturar, samspel mellom ulike uttrykksformer, alt i eit universalt språk med dans, musikk, bilete og kroppsspråk. Vakkert? Vakkert!

Her er lysskulpturen som framside på brosjyre for den kulturelle nistepakken;

Og her ei lenke til arkitektane bak den vakre saken; LEAD Inc.

Ein av kommentarane til logoforslaget mitt var å gjera vinklane på dei to K’ane som eg har sett rygg mot rygg, litt rundare, slik at assosiasjonen til skulpturen vert meir tilgjengeleg. Det vart også kommentert at forslaget mitt var litt maskulint – utan at eg ser på det som noko som nødvendigvis må justerast på.

Eg har gitt uttrykk for at det er eg som til sist kjem til å ta dei grafiske designvala, ut frå at det er eg som er designeren i dette høve, og vil ha mine grunnar i kva god design er til grunn for det designet eg lagar, men kommentarar og idear tar eg jo sjølvsagt med vidare.

Logoen er iallfall på G!

Meir frå møte og fleire skisser kjem nok på løpende band. Men no trur eg at det er helg… 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: