Tag Archives: flash

Oblig 08

22 Mai

Olala, det hjelpte visst å møsa litt om rådvilla og fortviling! Vips, så løyste det seg, og alles gut! No virkar alle lenkene som dei skal, eg har ikkje trøbbel med serveren, og eg trur eg er nøgd med min nye enkle nettstad (oblig 06), mitt fotogalleri (oblig 07) og med banneret og flashy layout på fotoessayet (oblig 08).

Det skulle vera med ein enkel animasjon i banneret, og den gjorde eg så enkel som overhovud mogleg, men eg syns det vart greit. Ein liten stjernerad, laga som movie clip, samt ein usynleg button slik at eg fekk linka det opp mot galleriet – som ligg som ei sjølvstendig html-side. Puh!

Og min enkle nettstad vart jo mykje enklare å forholda seg til no. Same innhold, berre litt ny innpakking. Heilt ok, sjølv om eg kanskje skulle ha tona det litt ned. Litt sprelsk kan ein no vera, spesielt når det snart er ferie.

Her er lenka til min nye enkle nettstad, med integrert banner og lenke til fotogalleriet.

Advertisements

Interaktivitet – Action Script 3.0

16 Apr

Då har eg fått laga buttons som kan linka saman to bilete/scener i flash. Eg teikna symbolet med brushtool, slik at det vart litt spanande, dog griseenkelt. Eg la også til den teksten eg ville ha på kvar button, slik at det er oversiktleg for den som skal navigera å vite kva som skjer med å klikke på kvar enkelt.

Eg laga dokumentet i ein typisk nettstadstorleik – 1024 x 768 px, og importerte bileta eg ville ha på sidene til arkivet. Der la eg også dei to buttonsane, og då eg hadde alt klart, var det berre å holda scenene, layersene og kodinga under kontroll.

Ikkje så lett som eg trudde etter å ha sett videoleksjonen om dette, men eg fekk orden på det etter kvart, og i tillegg grei øving på å skriva dei ulike kodane i actoion script. Hurra.

Det eg merka meg var at eg måtte vera veldig påpasseleg med å vera i rett lag, i rett scene, til rett action. Eg klurte litt med at eg var inne i scene2 då eg eigentleg skulle vera i scene1 og slikt, samt nokre mellomrom som eg måtte luka vekk innimellom. Heller ikkje ein dans på roser om eg skulle nytta vanleg kolon eller semikolon, så her er det vel pirk som gjeld.

Til slutt gjekk det som eg ville, og eg fekk både buttonsene til å fungera slik dei skulle, og tykkjer i grunn at det var ei god oppgåve. Tok meg eit steg vidare mot gjennomføringa av oblig08, der eg verkeleg skal få brynt meg med fotoessayet som eit interaktivt bildegalleri i flash, og samstundes integrera dette i den enkle nettstaden eg laga i vinter. K.O.N.S.E.N.T.R.A.S.J.O.N. seier eg berre…

Her er iallfall ei lenke til løysinga mi, og eit bilete som illustrerer litt av greiene.

Typografi og bilete 5.1

12 Apr

Eg syns det er fantastisk å kunna jobba med foto og tekst. Trur eg byrjar å bli vel glad i typografi, og om eg hadde kunna hadde eg meldt meg på workshopen Hello Typo som Visuelt arrangerer no i mai. Fytti det ser heilt fantastisk ut!

Men då hjelper det på å ha kjekke skuleoppgåver å jobba med. Denne gongen skulle eg laga ein komposisjon med harmoni mellom tekst og bilete, ein med kontrast.

Eg har valt å bruka nokre bilete som eg har sendt til landskonkurransen (!!!) (nsff) (første gong eg deltar der, spennande). Teksten eg har nytta er ordtak – eit dansk, eit av Henrik Ibsen. Eg er veldig glad i ordtak og sitat, kanskje Ibsen spesielt, han har jaggu sagt og skrive mykje fantastisk og inspirerande.

Et glimt av sol bak tåken å bevare
det er det livsens krav en mann skal klare

SÅ – Ibsensitatet er lagt på Viddobiletet mitt, og her har eg komponert elementa harmonisk, både font, farge, sitat og plassering står i stil til biletet og dets linjer. Sjølve biletet er rikt på kontrast med nyansane mellom svart og kvitt, men komposisjonen i biletet er også roleg og har reine liner både horisontalt og vertikalt. Difor sette eg teksten opp mot desse linene. Fargen i teksten harmonerer med fargane i biletet.

Til komposisjonen med kontrast mellom elementa har eg valt eit humoristisk dansk ordtak –

Spis, min gris – i morgen skal du slaktes.

Det står i kontrast til det duse stillebenet på biletet, samstundes som det set motivet i ein overraskande kontekst. Eg har gitt teksten to ulike fontar, som står i kontrast til kvarandre, og fargen på første line er krisp mot den duse bakgrunnen på biletet, medan den andre lina er meir kviskrande. Slik sett står fontane i kontrast til kvarandre – både i farge og type. Med mange runde former i biletet valte eg å bruka den rette lina i ausa til å setja teksten opp mot – kanskje ikkje noko direkte kontrast, men likevel eit motstykke til dei fleste formene i biletet.

Eg tenker etter denne oppgåva at dette er berre ein liten toutch av kva eg kunne ha gjort, og eg har blitt inspirert til å gjera meir av dette.

Og som ein typografiglad frøken, føler eg at det er på sin plass å lira av seg litt typolove. Sjekk ut Tom Davie! Aw-some!

På an igjen – på an igjen – på an igjen – på an igjen

11 Apr

Jepp, då var det på an igjen. Ikkje på min eigen pc, for den er føkka, men det får gå. Tull med heile CS5’en min og, så eg har nesten ikkje hår igjen her eg sit – for å bruka ein smukk metafor.

MEN! Eg har endeleg fått laga ferdig min vetle flash, ei øvingsoppgåve i å bruka arkiv/library, og samstundes laga litt graphic symbols, buttons og movie clip. Flash er ikkje heilt lett å forstå seg på når ein ikkje er inni opplegget, men eg har då fått til å laga det eg skulle i følge oppgåva.

Eg har berre gjort min artdeco-avatar om til movie clip, og ein av mine grafiske symbol vart også ein sokalla knapp. Får prøva å posta det no, slik at eg kan gå vidare på dei andre oppgåvene. Eg håpar eg får teken i flash før oblig 08 skal inn…

…………………………………………………

No gir eg meg for i dag. Utan noko animasjon, buttons eller noko anna enn ein jpg. Eg får ikkje til å publisera, så då får eg logga meg på studentkontoen min, der eg lasta opp min enkle nettstad eller noko. Men nett no er det over og ut for i dag. Stay tuned.

…………………………………………………

 

Då var eg på deviantart – sikkert ok for andre saker også, ikkje berre for å ha ei platform å publisera flashfiler på… men sjekk ut mitt movie clip der!

http://heppiknott.deviantart.com/art/Flashy-295596748