Festidalen

6 Aug

Ein liten energiboost er alltid ok å ha med seg på tampen av sumaren. Festidalen er ein slik boost (som stel nattesøvnen og er totalt exhausting å vera med på, på den gode måten). Mykje digg musikk, eit godt lynne på publikum, og rett og slett mange timar i løpet av ei helg med gode menneske og feit underhaldning.

Sjølv om fredagen vart i det fuktigste laget for meg, var det tungt og fett all the way. Litt rock n» roll må til, og eg kom meg gjennom det på ok vis. Lonely Kamel, Andre Holstad, John Olav Nilsen & Gjengen og ikkje minst Seigmen gjorde susen. Andre Holstad vart dagens joker for min del, ein nyoppdaga dud med heilt grei rock. Kan høyra meir av han. Treng vel ikkje nemna at Seigmen var ein opplevelse utan sidestykke. Eit band som heilt tydeleg betyr ein heil del for mange i sine beste aldrar her i bygde. Ein havnar lett på druen når ein let seg riva med av slikt…

Lørdagen gjekk med på å vera vakt, men då våga eg å ta med kamera og fekk knipsa litt. Mange magiske augneblinkar i løpet av helga, og smukk stemning 24/7.

Matti Røssland har ein spesiell plass i Kvinnherad, og sjølv om det er litt utanføre mi musiske gate, var det god stemning under konserten. Vidare var Highasakite på scena – vakkert, stemningsfullt og ganske magisk. Dernest Supermale, det tok heilt av med synthpopelektronika og ville menn. Nett so me lika da. For ikkje å gløyma Mikal Paskalev, som fekk mangt eit ungpikehjarta til å banka fortare. Men for meg – eyecandy og ein veldig dyktig musikar som serverer digg festivalmusikk. Supert å oppleva live. Og sist, men ikkje minst, BigBang. Mitt 29år gamle rockehjarta frydar seg gong på gong. Dette er eitt av noregs beste liveband i mi verd, og det var digg å oppleva dei igjen her i  Kvinnherad. Nammehelg!

Lonely Kamel (mms-foto)

Andre Holstad (mms-foto)

John Olav Nilsen & Gjengen (mms-foto)

Seigmen (mms-foto)

Seigmen (mms-foto)

Matti Røssland

Highasakite

Supermale

Supermale

Mikal Paskalev

BigBang

Flott festivalver med regnboge. Perfekt.

 

Beograd next. For eit fett liv!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: