Tag Archives: Wireframe

Prosjekteksamen – 6

4 Des

Ein av mine wireframes. Det ligg mange tankar bak dette når det kjem til funksjonalitet og fiffige buttons og slikt, så dette er berre eit utkast. Og eg har nokre fleire idear eg må testa ut, så det vert kanskje endringar enno. ….det vert garantert endringar…. men eg tykkjer ikkje det ser så aller verst ut heller.

Grunnen til at det første biletet er raudt er t.d. at det indikerer at ein held pila over biletet. Då kjem forklaring fram, og når ein trykker, skal desse føra ein over i eit galleri/ny side med stort bilete, meir forklaring om arbeidet osv. Usikker på menyane… Dei skal eg gjera noko med. Og knappane til sosiale medie skal endrast – la det berre slik inn no.

wireframe_hildring_01

Advertisements

Byggeklossar – øvingsoppgåve 2.2

19 Jan

No har eg delt inn tre utvalte og ganske ulike nettsider – kanskje på grunn av at dei er brukarvenlege og eg liker stilen.  Heimesida til Bredenbekk syner arbeida hans, cven og kontaktinformasjon, Noir si heimeside viser kolleksjonane til klesmerket, samt kontaktinformasjon, og BY:LARM si side gir info om arrangementet og artistane som skal delta. Stilmessig er dei VELDIG ulike, men alle er sider innan kreative felt. Love it!

Eg har ramma inn byggeklossane og skrive på dei elementa kvar og ein byggekloss er.