Tag Archives: promotering

Prosjekteksamen – 3

21 Nov

Førebuingar og storyboard til promofilm. Jepp. Eg har nokre tankar, og eg held på å tenka meg fram til ulike måtar å disponera filmen min på. Eg har funne litt inspirasjon rundtom, og nokre av dei som inspirerer meg er

MODSHIFT

TIM WALKER

PF FLYERS

For å nemna nokre, altså. Modshift lagar både informative og meir kunstnariske småfilmar. Små intervju og slikt. Her er eg veldig inspirert av den noko retro-viben han tileignar filmane sine, og eg likar redigeringa alot. Han er kjærast med Bri Emry i Designlovefest, ein designblogg som eg også likar. Kjekke saker, fint design, mykje inspirasjon og alt. I like!

Tim Walker har eg jo nemnd i ein tidlegare post, og videoane hans blir mellom anna brukt i store motekampanjar – editorials. Fancy at det er nokon i bransjen som ynskjer å vera heilt totalt unike. Å våga å vera heilt sprø, og bli elska (eller hata) for det. Eg er inspirert av kreativiteten, men eg trur eg må tøyla meg litt i min eigen film, slik at den ikkje vert så smal. Her skal ein jo nå ut til bedrifter som skal kunna ønska å bruka meg i prosjekta sine, so eg må passa på å tilpassa meg mine potensielle kundar.

PF Flyers kom eg over på designworklife, der eg finn mykje inspirasjon og orienterer meg litt på trender innan design, foto og illustrasjon mm. PF flyers sine filmar er ein del av ein kampanje om den ekte amerikanske stilen, og eg likar stemninga, fargane, komposisjonane i desse. Dette er jo kampanjefilmar, og eg trur dette kan vera ei god inspirasjonskjelde for meg når eg skal formidla min bodskap. Tydeleg, heilskapleg og fint.

Advertisements

Prosjekteksamen – 2

20 Nov

No er eg inne i veka der eg skal bearbeida skissene mine, bestemma meg for ein stil og komposisjon, skriva storyboard til promofilmen min, og vri og venda på ideane mine – sjå om det er noko eg har oversett i dei, noko som er verd å ta med vidare.

Eg har iallfall nokre skisser, og eg må snart bestemma meg for kva eg vil gå for. Tenka på kva av dei som er brukarvenlege, og som vil fungera i det lange løp. Litt keisamt for meg at eg likar så mykje forskjellig, for då vert det med ein gong vanskeleg å velja…

Her er nokre av skissene, samt oppsettet mitt. Eit triks eg har snappa opp på Lynda.com – å skriva ned alle elementa/innholdet som skal vera med på små lappar, og deretter kategorisera dei og soleis laga eit oppsett for main og childs og alt dette her.

 

 

Her er ein del som skal på plass før eg landar, kjenner eg. Og eg trur ikkje eg har gjort det lett for meg sjølv med å setja opp ein film som ein av delene til eksamen. Blir det for skakkjørt, får eg heller berre kutta den, men eg vil iallfall prøva å formidla visjonen min med den, samt presentera meg/arbeidet mitt. So langt er eg komen.

Og når det gjeld skissene mine… Eg er jo veldig glad i denne kvadratiske måten å presentera arbeid på, og eg trur at denne kan vera grei mtp css og htmlkoding. Eg er også veldig glad i sider der ein slepp  å scrolla, sida tilpassar seg vindauga på ei kvar maskin, og ein nyttar knappar for å navigera seg rundt. Det er altså dei to øvste skissene mine eg heller i mot, og her går jo også an å kombinera desse på eit vis.

Eg skal fundera litt meir. Ikkje gjera det så innvikla. Oversiktleg, luftig, estetisk, intuitivt i bruk. Nokre ord som eg vil jobba mot.