Tag Archives: fotogalleri

Oblig 08

22 Mai

Olala, det hjelpte visst å møsa litt om rådvilla og fortviling! Vips, så løyste det seg, og alles gut! No virkar alle lenkene som dei skal, eg har ikkje trøbbel med serveren, og eg trur eg er nøgd med min nye enkle nettstad (oblig 06), mitt fotogalleri (oblig 07) og med banneret og flashy layout på fotoessayet (oblig 08).

Det skulle vera med ein enkel animasjon i banneret, og den gjorde eg så enkel som overhovud mogleg, men eg syns det vart greit. Ein liten stjernerad, laga som movie clip, samt ein usynleg button slik at eg fekk linka det opp mot galleriet – som ligg som ei sjølvstendig html-side. Puh!

Og min enkle nettstad vart jo mykje enklare å forholda seg til no. Same innhold, berre litt ny innpakking. Heilt ok, sjølv om eg kanskje skulle ha tona det litt ned. Litt sprelsk kan ein no vera, spesielt når det snart er ferie.

Her er lenka til min nye enkle nettstad, med integrert banner og lenke til fotogalleriet.

Advertisements

Banner til oblig 08

13 Mai

Ei av oppgåvene som skal løysast til oblig 08 er å laga eit banner til flashgalleriet som skal integrerast i oblig 06 – enkel nettstad (fotogalleriet inneheld fotoessayet frå oblig 07).

Eit banner er ei lenke – ei slags annonse – for å reklamera for ei ekstern nettside. Eg spelar her vidare på mine runde former, og har nytta eit utsnitt av eitt av bileta i essayet som motiv. Då gir eg ein smakebit som forhåpentlegvis vekker interesse, og gjer at folk ønskjer å sjå meir. Fanga merksemd er vel heile vitsen med eit banner?!

Eg har nytta fonten Haettenschweiler i banneret – ein font eg tykkjer har litt edge, samstundes som den er tydeleg, leiken og er godt lesbar. Stilmessig passar den då inn til fotoessayet mitt, og med litt planlagte justeringar på min enkle nettstad, vil den gli greit inn der og. Stjernene har eg putta på for litt meir edge, samt ein kontrast til elipsane.

Her er den.