Tag Archives: deadline

Prosjekteksamen 10 – cdcover, igjen

15 Jan

No leikar eg meg med ein meir enkel og personleg design til coveret. Med tanke på kva det skal nyttast til i mitt tilfelle, vil eg jo sjølvsagt takka kundane mine for at dei nyttar seg av det eg tilbyr, og dermed eit takk. Får laga litt variantar av denne, tenkjer å legga til «for samarbeidet» eller kanskje det vert for cheezy, testar det ut. Nærmar seg jo eksamen og no, så det er berre å peisa på. Håpar eg får filmen min i havn til dess – no er det kun den som gjenstår, i tillegg til finpuss på cdcoveret og rapporten. Fleskar seg!

cover_hildring_02

Advertisements

Digital mappe levert

2 Nov

Det var på nippet… Deadline har aldri vore meir skremande. Eg tar visst ting litt alvorleg. Men eg klarte det. Hadde eg hatt meir tid, hadde eg gjort nokre små endringar, spesielt i rapporten – den er eg ikkje nøgd med denne gongen.

Slik går det når eg tar meg vatn over hovudet. Men no er skuldrene senka igjen, og eg tar velfortent helg. Gler meg til å fokusera på prosjekteksamen! Byrjar det eventyret på måndag.

 

Sjekk ut mappa mi då vel!
Og berre for å gjera innlegget litt meir tasty, legg eg ved eit bilete. HELG! O SKJØNNE!