Mappearbeid

4 Sep

I dag jobbar eg med mappa som skal inn om nokre veker. Der skal alle oppgåvene samlast på ein nettstad, og sida skal fortelje om meg som designer. Eg har valt å bruka eitt av bileta eg har tatt som syner tre stilkar som vert spegla i eit vatn. Dette fordi eg tykkjer om illusjonar – planter er noko av det som kanskje inspirerer mest innen mitt grafiske arbeid, og har vore inspirasjon til mange før meg – det er eit foto eg har tatt, dermed seier det noko om kva stil eg har, korleis eg jobbar og uttrykker meg, samstundes som biletet er veldig tidlaust og estetisk fint. Gir eit roleg preg på sida.

Eg slit nok litt med det tekniske, likar so godt at sida skal vera akkurat så stor som nettlesaren – uansett om ein sit på pc eller ipad, og kor stor skjerm ein har. Det får eg til no berre til i breidda… Litt tolmod og research, so sit vel høgda og.

Elles skal eg endra litt på banneret eg laga til oblig 08, og laga eitt ekstra element som skal føra sjåaren til denne bloggen. Jeudå, eg trur eg har kontroll. Gjeld vel mest å ha tunga beint i munnen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: