«Du rykker stadig fremover i køen…»

20 Apr

O fantastiske vår! Eg er så takksam for alt nett no, i går fekk eg ei gla» melding om stipend frå Innovasjon Norge, noko som vil bety oppgradering av litt utstyr, eg får kjøpa meg eit domene, eg får driva litt real markedsføring for meg sjølv og DET vil føra meg lenger enn langt. SÅ inderleg motivert for å auka kompetansen min i tråd med betre utstyr – og sjølv om canon 350D har vore ein super følgesven, ser eg fram til å bli kjent med canon 5D mark II 😀 Det vert også eit teiknebrett (endeleg <3).

Som om ikkje det var nok, har eg blitt tante til ei heilt ny lita jente ❤ Eg kjem garantert til å snika meg til litt kvalitetstid og fotografera vetla underet, når ho berre blir van med å leva litt først. Herlege liv!

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

I tillegg til å nyta godt av det livet har å by på, har eg jobba mykje med fotogalleriet i flash, som er ein del av oblig08. Eg har fått det til å sjå kult ut, og alle knappane virkar slik eg vil. Amazing! Eg har også spelt litt vidare på ideen rundt oblig 06 – enkel nettstad, sidan desse skal integrerast. Det eg satsar på, er å få laga ein heilskapleg sak til slutt, der eg gjer om min enkle nettstad til ein stil som ligg litt nærare den eg jobbar med no. Det er framleis polkadottar og runde former, men preget er litt meir modernisert og fargenøyrtalt. Noko eg kan bygga vidare på.

Er litt spent på om eg får banneret mitt slik eg vil – eg har fleire idear eg vil gjera noko med, men kva av dei eg går for er enno litt uklart.

Ja, og så har eg redigert litt på bileta frå fotoessayet, det eine biletet har eg byta ut med eit anna, og nokre croppar og liknande har gjort essayet enno betre enn det var. Her er litt av det nye biletet, som også er eit hint til korleis eg har løyst bildegallerioppgåva. Gotta love those round shapes!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: