Sjølvportrett

9 Mar

I dag, når eg kunne ha nytta tida til å skriva ferdig rapporten til fotoessayet, har eg heller konsentrert meg om sjølvportrett… Eg er fascinert av fotografar som brukar seg sjølv som modell då dei ikkje har nokon andre for handa, og tenker at det ikkje er så dumt. Eg tok på meg ein hatt og knipsa litt. Men så fekk eg redigeringssjuka over meg, og vips, så vart det temmeleg lite fotografisk (Er det eit ord? Det burde det vera). Men det vart då ikkje heilt bak mål heller.

Kommenter innlegget