Oblig 07 tar form

3 Mar

Oblig 07 – Fotoessayet tar form. I går, på ein aldeles deileg dag, med solskin, lakris-mint te, fantastisk selskap og kvinnheradstillhet, fekk eg tatt masse bilete, akkurat som planlagt.

Kristine var modell, og eg dirigerte ho rundt om på tur. Innimellom var det kos med smågodt, te, rundstykke med banan og sjokolademelk. m-m-m!

Me fekk også gleda av å finna den perfekte location for stemningsfulle bilete, som skal illustrera ein av kjenslene eg har i ein bestemt fase av alle mine kreative prosjekt. Ein lengsel etter å få samla tankane til noko genialt, eit vakum der eg aldri har fotfeste, ein abstinens som fører meg på randen til galskap – og det er i denne fasen eg får mine beste idear.

#that feeling har eg tenkt å kalla essayet, fordi eg klarar ikkje heilt formidla kjensla med berre ord. Det må bilete til.

Eg har skissa opp mange moglege bilete, og det gjorde seansen til grei skuring. Steminga hadde eg også bestemt på førehand, og stilen eg ville ha biletserien i. Eg har i mitt arbeid vert inspirert av Anton Corbjin, Francesca Woodman og Hannah Lemholt. Alt i alt er eg SUPERINSPIRERT atm.

Eg boblar over av tankar og befinn meg stadig i dette vakumet eg prøver å formidla noko om. Det er ein vakker stad, der alt er mogleg. Men det er samstundes som at ein er i eit anna univers, der ein manglar hud. Det fins vel ikkje ein meir sårbar og ærleg stad. Og aller best er det når eg vågar å mangla hud og vera ærleg mot meg sjølv. Gå for galskapen min. Gå for gull.

Her er nokre shots.

Eg har ikkje redigert noko anna enn å konvertert bileta til svartkvitt i rawbehandlinga, der eg og justerte litt på valørane for å henta fram detaljar eg ville framheva, nokre detaljar har eg kamuflert med å senka clarity, også det heilt medvite. Nokre bilete er tatt med lang lukkertid.

No må eg berre plukka ut dei beste av dei beste, og skriva rapport, så er oblig07 good to go.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: