Arbeid med OBLIG 06

26 Jan

Mi første obligatoriske oppgåve dette semesteret går ut på å laga ei enkel nettside i dreamweaver. Dette er eg jo heilt fersk på, men eg blir veldig lykkeleg når eg treff med noko, og det blir omlag slik eg har sett det for meg. Eg er absolutt på prøve og feilestadiet enno, men det går seg litt til!

Her er iallfall ein liten skjermdump av ståa. Eg jobbar ikkje i tabell (sjølv om eg kanskje hadde gått klar av litt rekning slik), so det eg opplever som mest utfordrande på dette planet er å få elementene på sidene til å vera plassert på lik plass uansett kva side ein er inne på. Det er sikkert eit veldig enkelt grep ein kan gjera for å få til dette, som eg lagar til litt trøbbel i min forunderlege skalle… Men eg får grubla til eg får det i fingrane.

Og dette er berre ein av tankane eg tester ut, sluttresultatet vert kanskje heilt anleis.. enno to veker att :p

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: