2.3 – navigasjon

23 Jan

Bredenbekk; Her finn ein fram via direkte navigasjon – dersom ein skriv inn bredenbekk i google el.l. dukkar heimesida hans opp. I menyen finn ein tab navigasjon til mellom anna kontaktinfo og facebook, og som ein måte å navigera seg frå ein artikkel til den neste i rekka via piler og kryss. Rikeleg med moglegheiter til å finna både att og fram her altså. Dette gjer sida brukarvenleg.

 

Noir; Også her finn ein fram via direkte, lineær og tab navigasjon. Den direkte er kanskje litt inndirekte her i Noreg, for det er ei dansk side, og det gjer at den ikkje kjem opp blant dei første sidene dersom ein søker via google eller liknande. Men den kjem fram. Det er to tab navigerande menyar ein kan ta seg rundt via, samt logoen som dukkar opp når ein kjem inn på ei underside – og smekkert tar ein tilbake til framsida igjen. Dersom ein klikkar seg inn på ein bestemt kolleksjon vert ein ført vidare bilde for bilde, som eg har kategorisert som lineær navigasjon.

 

BY:LARM; Jepp, også her kjem ein lett og direkte til sida via direkte navigasjon. Menyane er lagt opp som tab navigasjon, tekst, ikon og bilete som tar deg vidare til dei sidene ein ynskjer å besøka. Det same kan ein gjera dersom ein ynskjer å følga dei på twitter el.l. også. Eg veit ikkje heilt med den lineære, men ein er jo alltid styrt dersom ein klikkar på ein artikkel til å lesa denne som ein heilskap, og derfrå kan ein fortsetta vidare til fleire artiklar og sider. Men sidan det ikkje er ein rigid linje ein må følge, veit eg ikkje heilt om denne kan kategoriserast som eit hav av moglegheiter eller som lineær navigasjon. Logoen er også her med på å heile tida følga deg attende til framsida. Godt holdepunkt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: