Kjekt for meg

20 Jan

No er det freddan, og eg har hatt ei interessant veke og ser fram til ei ditto interessant helg. I morgon skal eg vera jurymedlem på den lokale UKM, som talskvinne for biletkunst, noko eg syns er veldig stas! Pleier bli so rørt av flotte og flinke born som bruker evnene sine og gjer ting dei syns er kjekke, so eg håpar berre eg ikkje bli den typiske «sippe-dommaren» som syns alt er fantastisk og ubegripeleg vakkert (kjem nok til å synast at alt er fantastisk og ubegripeleg vakkert uansett, men helst utan å møsa av den grunn…)

På søndag ber det til Norheimsund på etablerarkurs (JAIKS!!! I’M DOING IT!!), og det seier jo seg sjølv at det vert kjempespanande. Mest spent er eg likevel for å kjøra på ukjente vegar på glatto..

Men dei kjekke tinga sluttar ikkje der. Eg vart spurt om eg ville sponsa den lokale håndballklubben med eit bilete til den årlege basaren deira, og DET var ein feelgood ting. Eg har jo ikkje kome på å tilby det sjølv, so no lurer eg berre på kva bilde eg skal få trykt opp som gevinst! Har jo ein del å ta av etterkvart…

…og det sluttar ikkje der. Eg har eit überkult designprosjekt på gong. Meir om det seinare, dersom eg får det til.
(Og studiene da! Må ikke glemme studiene!!)

Advertisements

2 kommentarar to “Kjekt for meg”

  1. Marie Schille januar 28, 2012 kl. 1:03 pm #

    Eg heie på deg, Jorun! Håpe på store ting for deg 😉 Forresten så syns eg da hadde vore særdeles kult med ein møse-dommar.

    • Jorun januar 28, 2012 kl. 5:38 pm #

      Å! Eg like at du heie!! 😀 Eg klarte da uten å fella tårer, men begeistra var eg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: